Gå til innhold
Arkivverket

[#16869] Adelskap til folket gjennom den gløymte folkets adel


Gjest Bjørn Jonson Dale
 Del

Recommended Posts

Gjest Bjørn Jonson Dale

Etter fleire års gransking av samfunnstilhøva i Norge gjennom seinmellomalderen og tidlig nytid, har eg omsider innsett at sjøl om den gamle norske adelen, den gruppa som bar namnet adel, døydde ut som stand (men kanskje ikkje i samme grad genetisk) i denne tidbolken, hadde Norge likevel ein de facto adel - ein adel som har vore gløymt eller oversett av historikarane.Gjennom nær 300 år etter Manndauden kring 1350 hadde Norge ei samfunnsgruppe utanom den døyande adelen, ei gruppe som sto for samfunnsstyringa på lokal- og regionalplanet. Lagrettesmennene. Disse var alltid av dei beste ættene i kvar sine tinglag. Fremst mellom lagrettesmennene var lensmannen. Ein kan gjerne kalle lensmannen ein primus inter pares (den første mellom likemenn), men han var likevel første mann i tinglaget. Han hadde tvillaust både stor makt og stor legitimitet. Og lensmennene blei ikkje utnemnte av futar og sysselmenn, som det ofte er blitt hevda. Derimot kan det godt hende, som det står i Norske So fra 1584, at dei ekta 'adelens horedøtre', dvs den utdøyande gamleadelen sine døtre.Lensmennene hadde ein viss skattefridom, og dette kombinert med status og makt, gjør det mulig å oppfatte lensmennene som ein adelstand då ''adelen'' dreiv og døydde ut. Det burde ellers vere innlysande at eit føydalsamfunn som Norge ikkje kunne ha klart seg utan ein slik stand.Adelsprosjektet, og særlig Tore H Vigerust, har gjort ein veldig innsats for å rydde opp i all forvirringa som har rådd kring den gamle adelen. Når eg no introduserer denne gløymte eller oversette lokaladelen, lensmannsstanden, meiner eg ikkje at denne standen skulle ha vore med i Adelsprosjektet; tvertimot meiner eg at det er på tide med eit anna prosjekt.Lagrettesmennene og lensmennene si stilling i samfunnsstyringa blei underminert fra 1620-åra og utetter, og endelig dearistokratisert ved Chr Vs Norske Lov.I temmelig trygg forvissing om at alle med fire norskfødde besteforeldre stammar fra lensmenn før kring 1650, deler eg herved ut medlemskap til den beste av alle adelstender: folkets adel.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore H Vigerust

Enda et forsøk på begrepstømming (jf tidsskriftet Samtiden på 1990-tallet til 2001) ved at ordet adel mister sin betydning? Hvis begrepet adel introduseres idag om en samfunnsgruppe, f eks på 1500-tallet, som på 1500-tallet faktisk sto utenfor adelens rekker, oppstår det nye problemer. Beste måten (mener jeg) å avgrense adelen på f eks 1500-tallet er ved kun å ta med de slektene der minst et medlem selv ble kalt adel i egen samtid. Pluss pluss.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore H Vigerust

Jeg skal komme deg litt i møte, Bjørn: hvis du bytter ut 'adel' med 'knapeadel' så kommer du den historiske virkelighet nærmere. Knape anvendes jo titt og ofte fortsatt i 2. del av 1600-tallet (både i Nord-Norge og i Båhuslen). Et alternativ - eller supplement - er 'håndgangne menn', som fortsatt anvendes i Bergen og omegn på slutten av 1500-tallet (jf NRR mm).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Nei, dette er heller eit døme på begrepsfylling enn begrepstømming. Først: Eg skiller her heilt klart mellom den standen som faktisk bar namnet ''adel'', dvs den standen som du og Adelsprosjektet arbeider med, og den standen som eg kaller ein ''de facto adel'', nemlig lensmannsstanden. Vidare: Eg påpeiker denne standen si stilling i det norske samfunnet fra Manndauden til kring 1650, ei stilling som på mange vis liknar mykje på den eldre, utdøyande, adelen si stilling.For å vere meir konkret: Lensmennene i dei enkelte skipreida var både militære og rettslige ''styringsmenn'', og dei slapp å svare leidang. Dessutan var dei omtrent alltid jordeigarar. Med skattefridom for gardane dei brukte er det faktisk råd, om ikkje tilrådelig, å sjå disse gardane som eit slags setegardar.Og så, til slutt, meir abstrakt: Før Manndauden må kvart skipreide ha hatt ein høvedsmann (omsetting til norsk fra det latinske ''capitanus''), dvs ein person som skulle organisere leidangen. Denne øvste militære leiaren i skipreidet, eit område med minst 180 bondehuslydar, må ha hatt beste rang i samme området. Leidangs- og skipreideordninga gikk ikkje under etter Manndauden, men blei halde oppe trass i det veldige folketapet. Alle herad, skipreide, tinglag måtte enno ha ein lokal høvedsmann for at samfunnet skulle stå ved lag. Dette ser, for meg, ut til å ha vore lensmannen; namnet skriv seg neppe fra det tyske ''lehn'', men heller fra det norske ''leidang'' (dvs ''leidangsmannen'', som seinare blei avkorta til ''lensmannen'', jfr dei mange ''Leidangsberg'' som etterkvart blei til ''Lensberg'').

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Hei, Tore, fint at du kom meg i møte der eg satt og skreiv for å imøtegå deg. ''Knape'' kan vere eit dekkande namn for det eg skriv om, for det ser ut til at lensmennene på 1500-1600 tallet også var skipperar (jekteeigarar), eller ''knapar'', som skipperane heitte i Nord Norge. Jektene som dei eigde kan ha vore restar av langskipa i skipreida før Manndauden...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Lars Løberg sitt stykke, som lenka ovafor viser til, er ei god oppsummering av gjeldande oppfatningar om den norske adelen.Både når det gjeld å forstå adelen og andre stender si stilling, er det nødvendig å sette seg inn i samfunnstilhøva på brei basis. Dvs å granske, lese og tenke, historie. Dette kravet kan stillast til alt fra amatørar til fagfolk. Og: historia er for viktig til at historikarane skal få ha ho for seg sjøl...Derfor oppmodar eg a l l e til å ta del i eit ordskifte om ulike slags adel. Særlig lensmannsskipnaden i tida før kring 1660 er svært lite utforska, og det vil vere kjærkomme å få greie på kor langt tilbake lensmenn er funne nemnt i ymse delar av landet. På Sunnmøre dukkar første lensmannen opp først 1571.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Knut Fjogstad

Jeg har verifiserte funn av mange lensmenn også på Agdesiden. For å ta en av dem derfra først, født ca. 1545, lensmann i Evje og Birkenes.Mvh Knut

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Knut Fjogstad

En fra Rogaland som f.eks.:Salomon Ommundson, f.ca. 1560 - ca. 1610)Hvem han var gift med vet man ikke, men det kjennes til tre barn etter han. Salomon var med på kongehyllingen på Akershus i 1591 og er nevnt som lensmann blant annet i Stavanger Dom-kapitels Protokoll i 1591 og -97.Mvh Knut

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Fra Hordaland : Jon Swenchesen (Sveinkesson) som bodde på Ytre Haugland i Os. Nevnt i reknskap i 1521 som 'Lensmadt på Frammenes ofuer Euss schibrede.'En sønn er kjent : Olav Jonsson Haugland, kona er ukjent. Hans sønnesønns sønn Olav Jonsson Haugland var og lensmann fra ca. 1589. En annen fra Hordaland (noe seinere)Ingjald Olvasson Håvik, d.ca 1621 Han var lensmann fra 1592-1621. Han var sendemann fra Strandvik skipreide til kongehyllingen av kong Christian IV i Oslo 8.8. 1591. Kona het Ingerd Lauritzdtr. To barn jeg vet om : Hans og Anders Hans far var Olav Torbjørnsen Gjøen fra Hålandsdalen. mvh Kjellaug R.P.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Fra ytre Sogn :Hans Fram Breche (stamfar til Wergeland og J. C. Dahl) som levde ca 1600 og hans sønn Claus Hansson Fram Breche var begge lensmenn.Noe seinere fra Lavik i Sogn : Laurits/Lars Hansson Frivik, d. ca 1664.mvh Kjellaug R.P.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Takk for innspel. Kongehyllinga 1591 gir vel den første samla oversikta over det vi kan kalle det leiande laget i den tids bondestand, i og med at 2 lagrettesmenn og 1 ''Embedsmand'' fra kvart prestegjeld skulle møte i Oslo. I røynda ser det ut til at i alle fall lensmennene møtte.Norsk Slektshistorisk Forening skulle for eit par år sidan gi ut ei bok, gratis til medlemmane, med namna og seglmerka til dei som møtte på kongehyllinga. Sidan har det vore stilt. Boka er sterkt etterlengta, særlig dei nøyaktige seglavteikningane.Vidare spørsmål: Kor langt tilbake finn vi nemninga ''lensmann'' brukt? Eller kva tid er første lensmannen nemnt i ditt område?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jo Rune Ugulen

Så vidt eg hugsar har Steinar Imsen skrive ein heil del om dette i den første boka si om Norsk bondekommunalisme. Eg trur det står ein del kjeldereferansar der også. Diverre har eg ikkje boka framfor meg no -- den står på kontoret.Elles er ordet 'len' kjend frå gammalnorsk. Eg har kome over det i kongesogene.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore H Vigerust

Denne hovedfagsoppgaven gir veiledning: Sverre Bæra: Lensmanns-institusjonen i Noreg ca. 1270-1570. Funksjoner og relasjoner. Hovedoppgave i historie ved Universitetet i Oslo 1967. Ms UBO.I Gudbrandsdalen er det to lensmenn inntil ca 1570, en i nord- og en i sørdalen. Deretter er det 8, en i hvert prestegjeld. Jeg antar at den samme utviklingen skjedde på Hedemarken og andre steder, dvs med en sterk økning i ombud omkring 1570 (samtidig med opprettelsen av stattholderembedet).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Sigbjørn Sandsmark

Adel og adel Fru Blom-.Den første kjente lensmann i Sirdal Bjørn Mauritsen Omlid ble et hode kortere i midten av 1770 åra. Om resten av lensmennene var likedan så er der mange gode historier å finne . Les mer under historie i Sirdølen avis lenke- http://www.sirdolen.no/

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore H Vigerust

Ennå på 1700-tallet var 'fru' og 'frue' en adelig tittel, så fru Blom omkring 1770 ser derfor ut til å ha vært adelig. Andre standsbetegnelser (av lavere rang enn frue) var madame og madmoselle. Den opprinnelige hustru-tittelen (adelig til reformasjonen) var før 1700 blitt fullstendig utvannet, hvilket frue-tittelen først ble i forrige århundre.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Takk for tankar og tilvisingar. Eg kjenner ein god del av litteraturen, så når eg tar opp dette emnet, er det fordi eg meiner at t.d Norsk Historisk Leksikon er på villspor når det gjeld den lensmannsskipnaden eg er opptatt av, dvs lensmannen som vi kjenner han fram til kring midten av 1600-tallet som den fremste av lagrettesmennene i eit tinglag.I mellomalderen har vi tydeligvis fleire skipnadar med namnet ''lensmann''. Ofte ser namnet ut til å vise til ein stormann sin private ombodsmann. Men m i n lensmann hadde ombodet fra folket, og det er heilt feil når NHL står at lensmannen blei utnemnt av futen, ein ugrunna påstand som skriv seg fra Rolf Fladby. Eigne granskingar fra 1500- og tidlig 1600-tall viser at futane kom og for med lensherrane, mens lensmennene overlevde futane.Helge Finne si hovedoppgave i historie fra 1999, om rekrutteringa av lagrettesmennene på Vangen og Føyen, tar det ellers som gitt at disse blei utnemnte av einkvan, futen eller sorenskrivaren, men dette er ikkje belagt. Hovedoppgava, sjå lenke fra Bente Aaris, er ellers svært interessant, og påviser at lagrettesmennene hadde høg status sjøl etter at ombodet var under full utvatning i andre halvdelen av 1600-tallet.Av Tore H sitt første innlegg ser det ut til det skjedde ei omorganisering av lensmannsombodet i Gudbrandsdalen på 1500-tallet. Eg meiner det samme kan ha skjedd andre stader med, ikkje i samband med administrative pålegg, som eg ikkje har funne, men kanskje heller i samband med den veldige folkeauken som fann stad på denne tida.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Odd Handegård

Betegnelsen lensmann endret betydning og innhold i perioden fra fra 1300-tallet og fram til ca. 1700. Dette er beskrevet av mange, lensmenn før og etter 1550 er to helt forskjellige ting. I Hardanger-litteraturen kalles lensmennene etter ca. 1550 konsekvent for 'bondelensmenn' med konkrete oppgaver og rettigheter i det lokale styringssystemet. I hovedoppgava til Helge Finne (UiB 1999) sammenfattes en rekke empiriske studier både når det gjelder rekrutteringen til bondelensmannsstanden og til kategorien av lagrettesmenn.I Hardanger er bondelensmennene registrert og analysert både av Kolltveit og av Haukanes. I perioden 1550-1700 har de funnet følgende lensmenn:Ullensvang = 24, Kinsarvik = 17, Jondal = 10, Odda = 8, Kvam: = 18, Strandebarm = 17, dessuten 9 'Lyseklosterlensmenn'. Det er samlet mye informasjon om hver enkelt bygdelensmann. Skulle noen være interessert i detaljer, kan jeg maile en oversikt for disse kommunene. (oddh@nfh.uit.no)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore H Vigerust

Hvis NHL skriver det som Bjørn refererer til nestsiste innlegg, så er det helt feil, men feilen skyldes ikke Rolf Fladby (Rolf Fladby: Fra lensmannstjener til Kongelig Majestets Foged. Universitetsforlaget, Oslo 1963), men en mistolking av Fladby.Bjørn, vær oppmerksom på at jeg mener nyordningen skjedde ca 1570, ikke sånn omtrent på 1500-tallet.Lagrettemennene ble utnevnt av lagmannen - jeg trodde det var elementært, men nå skjønner jeg at selv studenter tar feil.For Gudbrandsdalens vedkommende (gjerne også Hedemarken mm) er lensmennene i tiden ca 1490-1550 en direkte videreføring av de kongelige ombudsmennene sammesteds i tiden ca 1420-1490, og disse siste videreførte ombudet fra de kongelige sysselmennene. Sysselmennene, derimot, hadde på 1300-tallet egne lensmenn. Jeg er ganske sikker på at Bæres konklusjon er gale, hva angår utviklingen i Gudbrandsdalen; dvs at lensmennene omkring 1490-1550 ikke var en videreføring av lensmennene på 1300-tallet. Lensmennene 1490-1550 og de kongelige ombudsmennene 1420-1490, sto kongemakten nærmere enn både lensmennene på 1300-tallet (fra 1270) og etter 1570. Dette er en lang og komplisert historie - neppe noe for en webdebatt. Enda et moment et at lensmennene 1570-1620 i Gudbrandsdalen like mye ble rekruttert fra leilendinger som fra selveiere. Kanskje litt overraskende.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Det ser ut til å vere rett at det først fra midten av 1500-tallet opptrer lensmenn i kvart skipreide. Disse er stundom kalt ''bondelensmenn'' (kanskje for å skille dei fra lensherrane, også kalt lensmenn), men ofte bare ''lensmenn''.Denne om- eller nyskipnaden av lensmannsombodet på 1500-tallet har eg, som nemnt, ikkje funne rettsgrunnlaget for - korkje i vedtak, rettarbøter eller lovar.På grunnlag av fullstendige data for dei 12, seinare 13 skipreida på Sunnmøre, kan ein sette opp følgande hovedperiodar:1570-1670: Stort sett bare bønder som lensmenn. 1670-1770: Stadig fleire borgarar som lensmenn. 1770 osv: Profesjonelle lensmenn tar over, ofte folk med bakgrunn som underoffiserar, lærarar o.l.Ei kort tid i 1650-åra hadde Sunnmøre også ein del ''Giskelensmenn'', trulig ein parallell til ''Lyseklosterslensmenn''; dette var folk blei brukte i dei nye godseigarane sine forsøk på å kue leiglendingane etter dansk mønster.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Tore, eg fikk ikkje med meg det siste innlegget ditt, i det eg satt og skreiv. Men det er ikkje ''elementært'' at lagrettesmennene blei utnemnte av lagmannen i tida kring 1600; derimot svor dei eiden sin til han. Det må ha vore tinget som utpeikte lagrettesmennene.Eg er naturligvis svært interessert i å få greie på korfor ''1570'' er eit vendepunkt, i det dette (også) ser ut til å gjelde Sunnmøre.Skipreida på Sunnmøre hadde ellers aldri meir enn 6 lagrettesmenn samtidig på 1500-tallet og ei tid utetter 1600-tallet; fra den perioden Helge Finne har undersøkt var det tydeligvis gått inflasjon i vervet lenger sør på Vestlandet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.