Gå til innhold
Arkivverket

[#16884] Asbjørn Lasseson, fødd 1799, gift i Bergen 1825, frå Leikanger eller??


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Denne vigsli finn me i databasen for vigde i Bergen 1816-1911:''5264Asbjørn Lassesen Feedt Uk musqueter ved 1 compag Leganger 26 4m ogAne Chatarine Jonsdtr Sva Pige Hafsloe 23 10mVigde Mai 01 1825 KK''Anna Cathrine Johnsdotter vart døypt i Hafslo 12.7.1801; med andre ord er alderen hennar heilt korrekt oppgjeven i 1825. Foreldri hennar var John Jensson og Anna Cathrine Tørrisdotter.Men kven var Asbjørn Lassesen, som bør vera fødd kring januar 1799? Eg har notert frå den originale vigselsprotokollen frå Bergen at faren heitte Lasse Asbjørnson Werken, men nokon slik person finst ikkje i Leikanger der Asbjørn skal vera fødd!! Og eg finn ikkje Asbjørn fødd nokon stad i heile Sogn! Når det gjeld ættenamnet FEEDT frå databasen hjå Digitalarkivet, trur eg det er ei feiltolking av TVEDT, som Asbjørn nytta som ættenamn ved ei barnefødsel i Bergen!Asbjørn Lassesen og Anna Cathrine fekk tre born i Bergen:* Johan Marthin, fødd i Bergen 1.8.1827* Carl Andreas, fødd i Bergen 6.12.1829* Maria, fødd i Bergen 17.5.1834So ''forsvinn'' Asbjørn, og kona døydde som enkje i Bergen 26.4.1876. Då heitte ho Anna Cathrine Asbjørnsen, og borni ser òg ut til å ha nytta ættenamnet Asbjørnsen, so kan henda Asbjørn Lassesen døydde tidleg?Alle opplysningar som kan lokaliserast om Asbjørn Lasseson vil vera svært velkomne!På førehand hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Ei av mine formødre heitte Turid AMbjørnsdtr Verken; eg har 'alt' om familien hennar heime, men kan ikkje hugse om det var nokon Lasse innblanda der. Eg skal sjå når eg kjem heim utpå kvelden ein gong.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Aase for gode innlegg. Eg har kikka litt på den huslyden du nemner, og det kan ikkje vera tvil; dette er same folki!Eg finn Ambjørn Lasseson døypt i Balestrand (Leikanger) 25.12.1797, og no finn eg to born til fødde i Bergen der barnefaren heiter Anbjørn Lasseson Tvedt, nemlig:* Anne Cathrine, fødd i Bergen 20.8.1831* Larsine Jensine, fødd i Bergen 26.8.1836Likevel er eg ikkje i stand til å finna dødsfallet til Ambjørn/Asbjørn i Bergen, men kanskje du Aase har dette nedskrive...?Det er underleg korleis einskilde namn endrar seg når folk flytter. Eg har funne vigslene til både Johan og Maria i Bergen, båe som Asbjørnson, og ogso dødsfallet til Johan i 1890 syner namnet som Asbjørnsen...Eg treng ikkje so mykje meir opplysningar om opphavet til denne ætti i Balestrand/Leikanger, men dødsdatoen til Ambjørn/Asbjørn er som nemnt av stor interesse, og om du har ei forklaring på kvifor dei nytta namnet Tvedt i Bergen, hadde det vore ein interessant detalj å leggja til!Nok ein gong hjarteleg takk for gode opplysningar!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Det er berre hyggeleg å hjelpe deg, du skriv så ryddige og gode innlegg (burde kunne gå inn i eit pensum for nybegynnarar på forumet ;-) men er du sikker på at det er Tvedt som er brukt i Bergen, og ikkje ein lesefeil for Feedt? Som du ser frå 1801, budde familien på Feten i Balestrand då.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Takk for nytt innlegg, Aase.Tanken om Tvedt kontra Feedt har so absolutt streifa meg òg, men Digitalarkivet nyttar Tvedt (eller Twedt) på tre stader... Kanskje me kunne fått einkvan til å sjå etter i originalprotokollane?Eg takkar elles for komplimentet med omsyn til innleggi mine. Eg tykkjer det er heilt normalt å strukturera innleggi slik at dei vert enkle å forstå, sjølv om dette stundom kan vera vanskeleg...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Du har so rett so rett, Aase! Eg er imponert over observasjonane dine. Sjølv om alderen ikkje passar heilt, so er det vel rimeleg å tru at dette er vår mann! Men originalkjeldene bør so absolutt sjekkast!Nok ein gong hjarteleg takk for god hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

No har eg sett etter i papira mine og funne ut at mi formor Turi er tante til Ambjørn Lasseson. Er det av interesse for deg at Ambjørn hadde to born før han reiste til Bergen, så finn du dei her [url="http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=sogndaap&variabel=0&postnr=80932&fulle=true&spraak=n>Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.