Gå til innhold
Arkivverket

[#16904] Anna Cathrine Tørresdotter Thune, f. 1769 - frå Sogn til Egersund el. Stavanger?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Anna Cathrine Tørresdotter Thune, klokkardotter frå Vang i Valdres der ho vart døypt 6.4.1769, voks opp på garden Lommeim i Hafslo (Luster), men vart gift i Sogndal 16.1.1797 med John Jensson Sogndalsfjæren (1761-1805). Etter at John fall ifrå, forsvann Anna Cathrine frå bygdi. Ho hadde fire born, ei dotter Anna Cathrine som vart gift og busett i Bergen (sjå tema #16884), og so desse tre sønene:1) Jens Johnson, døypt i Hafslo 6.2.1798, heilt ukjend lagnad2) Lars Johnson, døypt i Hafslo 6.10.1799, dukkar opp i FT1865 i Stavanger som ugift tenestedreng i Holmens Rode. Han døydde i Stavanger 29.4.1887 og var då busett i Ladegaardsveien. Han var ugift.3) Tørres Johnson, døypt i Sogndal 4.11.1804, dukkar opp i Egersund der han 29.10.1829 gifte seg med ei Martha Nilsdotter, f. i Egersund kring 1801. Tørres var kopparsmed i Egersund der han og Martha framleis budde i 1865. FamilySearch syner dei hadde desse borni:* Johan Andreas, fødd i Egersund 15.7.1830* Nils Martinus, fødd i Egersund 27.9.1832* Theodor Martin, fødd i Egersund 29.10.1834, døydde kort etter!* Udøypt dotter, fødd i Egersund 29.10.1834, døydde same dag.* Theodor Martin, fødd i Egersund 26.9.1835, døydde kort etter!* Torginius Martin, fødd i Egersund 5.9.1836* Anne Cathrine, fødd i Egersund 25.4.1839* Martine, fødd i Egersund 5.10.1841* Christian Otto, fødd i Egersund 18.6.1845 – nemnd i 1865 som ugift handelsbetjent!Det er eit mysterium for meg kvar det vart av Anna Cathrine Tørresdotter, men eg ser det som rimeleg at ho kan ha slege følgje med dei to yngste sønene sine (og kanskje den eldste òg??) til Rogaland. Kanskje kan det finnast ei dødsmelding eller eit skifte etter Lars Johnsen i Stavanger (1887) som i tillegg til å kasta ljos over lagnaden til eldste broren Jens, ogso kan syta for interessante tilleggsopplysningar om dei andre søskeni og huslydane deira, og kanskje får me ein peikepinn på kvar mori har teke vegen?Eg er òg interessert i fleire opplysningar om opphavet til Martha Nilsdotter, fødd i Egersund kring 1801.På førehand takkar eg so mykje for alle tips om denne huslyden!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
Gjest Lars E. Øyane

Eg vil gjerne få nytta høvet til å ''blåsa litt støv'' av dette spørsmålet mitt frå i fjor, med von om at nye lesarar er komne til som kan hjelpa meg vidare...?Hjarteleg takk for all hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg har no funne ut at kopparsmed Tørris Johnsen døydde i Egersund 14.8.1877. Han var då enkjemann, noko som seier oss at kona Martha Nilsdotter, som eg har funne døypt i Egersund 22.8.1801 (dotter av Nils Tollaksen), må vera avlidi mellom 1865 og 1877.Elles er det framleis eit stort ''mysterium'' kvar det vart av mori (Anna) Cathrine Tørrisdotter, fødd 1769 i Vang i Valdres...? Eg vil tru ho hamna i Stavanger eller i Egersund...? Ogso eldste sonen Jens Johnsen må vel ''gøyma seg'' ein eller annan stad på Sørvestlandet...?Eg vonar på tips om denne huslyden og takkar so mykje på førehand!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 måneder senere...
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg vil gjerne på ny få blåsa litt støv av dette problemet, som framleis står uløyst. Det er nok ikkje so lett å finna ut meir om denne huslyden, men ''den som ikkje vågar noko, har inkje å vinna''...Og kanskje det let seg gjera å finna dødsdatoen i Egersund for Martha Nilsdotter (1865-1876)?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.