Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#16911] Randi Ingebrigtsdatter Svad/Thune, f. 1775 - frå Sogn til Skudesnes/Karmøy?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Randi Ingebrigtsdotter, døypt i Slidre i Valdres 24.9.1775, voks opp i Solvorn i Hafslo (Luster) og gifte seg her 28.6.1803 med Anders Tørresson Thune (1756-1807). Dei budde på Svad i Hafslo, men etter at Randi i 1810 fekk ein ''uekte'' son, flytte ho frå bygdi, uvisst kvar! Den yngste av dei tre sønene hennar gifte seg i Bergen, men hamna på Skudesnes på Karmøy, og for altr det me veit, kan Randi òg vera fari til Karmøy??Dei tre sønene hennar var:* Ole Andersson, døypt i Hafslo 11.12.1796, ukjend lagnad.* Lars Andersson, døypt i Hafslo 13.5.1805, ukjend lagnad.* Torsten Knutson, døypt i Hafslo 23.12.1810, gifte seg i Bergen 26.12.1836 med Ingeborg Trondsdotter frå Bergen, men f. i Lom 20.7.1811. Torsten var matros i 1836, men eg finn ikkje born fødde av dette paret og ser ikkje noko meir til dei før 1865 då Torsten var strandsitjarar og fiskar på Søre Holane i Skudesnes på Karmøy. Av kyrkjeboki for Skudesnes går det fram at Torsten Knutson miste livet på sjøen utanfor Skudesnes fyr 2.4.1869. Han vart ikkje attfunnen.Den einaste leietråden til denne huslyden går til Skudesnes, og no vonar eg at ei bygdebok derifrå kan bidra med fleire opplysningar? Eller kanskje einkvan har vore borti desse folki?Skulle det finst eit skifte etter Torsten Knutson (1869), kan det òg vera ei god kjelde til å finna ut kvar det vart av dei to brørne hans og kanskje òg mori...!?Eg har forresten gjort ein interessant observasjon: FamilySearch syner at ei Randi(ne) Ingebrigtsdotter gifte seg to gonger i Skudesnes, først kring 1816 med ein Jens Nilsson og so kring 1820 med ein Ole Andersson. Det ser ut som ho fekk ein son Jens Jensson med den første mannen og ei dotter Maria Olsdotter med den andre, men FamilySearch er sparsommeleg med nøyaktige datoar.Men, ikkje berre dette! 1801 teljingi syner at Randi var eit heller uvanleg namn på Karmøy, og likeins Ingebrigt; på Karmøy skreiv dei heller Ranveig og Engebregt!! Kan det verkeleg vera ''mi'' Randi Ingebrigtsdotter frå Sogn som gifte seg att i Skudesnes?? Dette vert spanande!Eg vonar på positivt svar frå einkvan med lokalkunnskap og takkar hjarteleg på førehand!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Geir Eide

Det finnes en Randine Ingebretsdatter (ukjent opphav)på br. 7 under Falnes prestegard i Skudenes p.g. Gift før 1819 med en Jens Nilssen fra Steinsland på Rennesøy.Kilde: Bygdebok for Karmøy, Skudenes og Skudeneshavn av Arnvid Lillehammer (s.605)På tross av at kirkebøkene for prestegjeldet brant opp i 1844, kan det, ut fra mine erfaringer med Skudenes boka, se ut som hun er innflytter til prestegjeldet. Hun er den eneste Randine Ingebretsdtr. som finnes i registeret til boka.Geir Eide

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Geir Eide

I bygdeboka, som er lagt ut på nettet, er Randi nevnt Randine. I originalutgaven er hun oppført som Randi. Geir

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til deg, Geir, for interessante innlegg. Eg har studert det som står om Randi(ne) Ingebrigtsdotter i bygdeboki for Skudesnes, og dette ser jo riktig lovande ut! Randi(ne) er tydeleg innflyttar til Skudesnes, og ho gifte seg med ein heller ''tilårskomen'' enkjemann, som då vert meir i ''hennar'' alder. Og ho var berre om lag 44 år då ho sette sonen Jens til verdi! Og so har me det faktum at sonen Torsten Knutson busette seg i Søre Holane i Skudesnes...!Eg forstår det slik at kyrkjebøkene før 1844 er borte, og dette tyder vel at Randi(ne) Ingebrigtsdotter må vera død før 1844!?Elles vil eg då ha von om at dei to eldre sønene hennar, Ole Andersson og Lars Andersson, òg kan ha funne vegen til Skudesnes...? Om Arnvid Lillehammer følgjer debatten, så har kanskje han eit tips å koma med?Nok ein gong hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk, Jan, for framifrå innlegg! Då er altso sonen Ole Andersson funnen i Skudesneshavn, og etter dette kan det vel ikkje vera mykje tvil om at Randi(ne) Ingebrigtsdotter gift med Jens Nilsson er mori hans!Eg er elles forundra over at eg ikkje finn Ole Andersson og Margretha Oline Madsdotter i 1865-teljingi, men derimot har eg funne Margretha Oline i 1801-teljingi for Skaue sokn i Borgund på Sunnmøre. Ho er då 6 år gamal!Då er det spørsmål om Lars Andersson òg vil dukka opp ein eller annan stad på Karmøy...?Nok ein gong hjarteleg takk for hjelpi med denne huslyden, eit nytt prov på den kjempegode nytta som me kan ha av samarbeid gjennom Digitalarkivet sitt Brukarforum!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg har i dag studert nærare dei ulike kjeldene som gjeld huslyden til Ole Andersson i Skudesneshavn, men eg er svært forundra over at eg ikkje finn korkje Ole og kona Margrethe Oline eller nokon av borni deira i folketeljingi for 1865, med unntak av dotteri Ingeborg Marie på Dyrdal med mann og born og svigerdotteri Maren Simonsdotter (enkja etter Andreas Olson) som losjerande i Skudesneshavn.Kvar er so dei andre, som bygdeboki på nettet påstår skal ha butt i Skudesneshavn i 1865? Det gjeld altso Ole Anderson og kona Margrethe, og dei to svigersønene Anders Johan Helmann og Torger Knutsen med huslyder!! Bygdeboki seier òg at dei alle utvandra til Amerika i 1861, men at dei var attende på Høynes i Skudesneshavn i 1865!!Når det gjeld sonen Lars Olson, som skal vera fødd på Sand i 1826, so skal han vera flytt til Jelsa, men han finn eg heller ikkje i FT1865. Eg lurer forresten på om ikkje Lars er identisk med den Lars Olson som ifølgje FamilySearch gifte seg i Vikedal 25.6.1851 med ei Breta Pedersdotter og fekk sonen Olaus, fødd i Vikedal 21.1.1851?Noko anna som får meg til å lura, er: Kyrkjebøkene for Skudesnes fram til 1844 skal vera bortkomne i brann, men so ser eg at både bygdeboki og FamilySearch opererer med ei mengd fødselsdatoar frå tidi før 1844, mellom anna for alle borni til Ole Andersson og Margrethe Oline Madsdotter, med unntak av Erik, som ikkje er nemnt nokon stad... Kva kan kjeldene vera for desse opplysningane? Kanskje konfirmantlister??Eg er ganske so forvirra og vonar at einkvan kan hjelpa meg!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Geir Eide

Opplysningene ang. fødselsårene før 1844 skriver seg fra en 'rekonstruert' kirkebok som ble laget etter brannen. Jeg ser nå at de originale kirkebøkene går tilbake til 1842 ikke 1844.Sitat fra forord til Bygdebok for Karmøy Skudenes og Skudeneshavn (BBSS):-På grunn av ein brann går kyrkjebøkene for Skudenes prestegjeld ikkje lenger enn til 1842. I 1840- åra sette presten seg til og prøvde å rekonstruera ei kyrkjebok for dei som framleis levde rundt om på gardane, noko som er til hjelp tilbake mot ikring 1800. Men denne rekonstruksjonen er ikkje fullstendig, så familiane i dei eldste tidene må rekonstruerast ut frå andre kjelder. Dei viktigaste er skifteprotokollane, panteregister, pantebøkene, folketeljingane og manntala. I tillegg til desse er skattelister av ulike slag nytta.Denne usikre kjeldesituasjonen gjer at fleire huslydar i den eldste tida ha måtte blitt plasserte på dei einskilde bruka etter skjønn. Men etter 1750- åra skal brukarlistene vera rette for alle gardane.-Så langt Arnvid Lillehammer. Når det gjelder -Familysearch- (FS) kan jeg for egen regning si at det ser ut til at de har brukt denne 'rekonstruerte' kirkeboken eller BBSS som kilde. Det ser en ut fra at en finner svært få, om noen, eksakte datoer for noen av kirkebokinnføringene som er foretatt i prestegjeldet før 1842. I beste fall har en fått med seg måned og år.Geir Eide

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.