Gå til innhold
Arkivverket

[#17001] Tarjei Knutson f. kring 1817 i Lårdal i Telemark - opplysningar tilgjengelege?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Tarjei Knutson, sagt å vera fødd på Bergeslien i Lårdal, Telemark kring 1817 som son av ein Knut Evenson, gifte seg i Skudesnes på Karmøy i 1857 og utvandra 1861 til Canada.Er det mogeleg å stadfesta opplysningane om opphavet til denne Tarjei, eventuelt med fødselsdato og namn på foreldri hans? Eg finn ikkje spor etter han hjå FamilySearch!På førehand hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Morten J. Rasch

Tarjei!Finner følgende i FamilySeaerch :TORGER KNUTSEN   Male     Event(s): Birth:  About 1817   Bergeslien, Laardal, Telemark, Norway Christening:  Death:  Burial:  Parents:   Father:  KNUT EVENSEN   Mother:  MRS. KNUT EVENSEN Det er jo ikke så mye mer enn det du har fra før av, men det er jo en begynnelse til stadfestelse. Du må vel til kirkebøkene uansett.Hilsen Morten

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tarjei Førstøyl

Denne Tarjei Knutsson er ifylgje kyrkjeboki fødd på plassen Lastein under Dalen, Eidsborg sokn i Lårdal, 19. mai 1817. Foreldre var husmannsfolki Knut Eivindsson (frå garden Dalen) og Gyrid Ånundsdotter (komi frå Våmartveit i Vinje).I 1836 kaupte Knut Eivindsson garden Bergestig i Øyfjell sokn, dengong Lårdal prestegjeld, og flytte dit med familien. Same året er Tarjei konfirmert som 'Tarje Knudsen Bergestien'.Merknaden Lårdalspresten Bent Wettergreen skriv om guten, er litt spesiell: 'Fra Barndommen Aldeles forsømt, er forbedret i 2de Aar men har ikkun bragt det dertil, at han har nogenledes god om de allernødvendigste Religionssanheder. Angaaende hans Opførsel, da skal han fra Barnsbeen have yttret et ondt Gemyt og udvist ikke sjælden et tvetydigt Forhold. Under sin Forberedelse til Confirmationen har han viist sig meget sædelig, og jeg har det glade Haab til Alforbarmeren, at han herefter vil vandre skikkeligen.'Med venleg helsingTarjei Førstøyl

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til deg, Tarjei, for eit nyttig og interessant innlegg om Tarjei Knutson. Du har fortalt meg nett kva eg ønskte å få veta!No står det ''berre'' att å lokalisera Tarjei i Amerika...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.