Gå til innhold
Arkivverket

[#17059] Korleis forstå uttrykket 'konongs frendkona'? (Kven er frenden?)


Gjest Terje Hatvik
 Del

Recommended Posts

Gjest Terje Hatvik

Kan nokon av dei lærde menn og kvinner forklara meg korleis eg skal forstå uttrykket 'konongs frendkona'?, Er det ho (kona) som er kongen soin frende, altså slektning; eller er det mannen hennar??Eg hentar uttrykket frå ei innskrift som var hogd inn i ei steinhelle over dobbeltgrava til eit ektepar gravlagd i Lyse Kloster i Os. Paret det gjeld er bonden Sigurd frå Jåstad i Ullensvang (Hardanger) og kona hans; Sigrid.Eg er i tvil etter å ha lese forfattaren av bygdebøkene for Os si omsetjing av nett denne gravskrifta, og vil gjerne vita kva andre meiner. Siterer difor frå band I av bygdebøkene for Os (1932) med bygdebokforfattaren si tolking (eg har berre sett inn éitt -1- punktum i originalteksten for å lette lesinga):’På den store hella over dubbelgravi utanfor konventstova i klosteret var ei innskrift som enno var råd å lesa, trass i at steinen i mange hundrad år hadde lege i klostergangen der største ferdsla gjekk. Innskrifti var soleis:”Her hvila tvau sømeleg hjun Sigurdr bondi a Jastaudu ok Sigrid konongs frendkona husþrøya hans. Gud signi sal þeirra beggia.”(Her kviler to vyrde hjon [ektefolk], Sigurd bonde på Jåstad og Sigrid, kongen si frendekona [slektning], hustrua hans. Gud signe sjela deira begge).’Sigurd av Jåstad må ha vore ein vyrd bonde når han kunne får ei kone som var i ætt med kongen. Kva klosteret fekk for å gjeva han og kona gravstad i Lyse Kloster veit me ikkje, men det er mykje truleg at klosteret hev fenge ein av gardane sine i Hardanger ved dette høvet. Etter skrifti å døma er gravsteinen frå tidi ikring år 1300.’Det er elles å nemna at Lyse Kloster eigde fleire gardar i Jondal, Granvin, Ulvik, Kinsarvik og Ullensvang, men ikkje Jåstad. Garden Jåstad er òg nemnd i fleire brev i Diplomatarium Norvegicum i samband med kjøp- og sal.Spørsmålet er altså om frendekona viser tilbake på Sigurd som kongen sin frende, eller til Sigrid som kongen sin frende.Dersom tidfestinga, ca. 1300, for denne gravskrifta er rett; er det vel kanskje Magnus Lagabøter (1238 - 1280) eller sønene hans; Eirik (1268 - 1299) og Håkon Magnussøner (1270 - 1319), som det vert vist til?Synspunkt og kommentarar??Mvh., Terje

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kristian Hunskaar

Jeg må understreke at dette bare er ren synsing, men følgende slår meg:La oss anta at det var Sigurd som var kongens slektning. Da må innskriften på gravsteinen være tungvinn! Da står det jo i praksis 'Her hviler Sigurd på Jåstad, og Sigrid, hvis mann er kongens frende, hustrua hans'.Om Sigurd var kongens slektning ville en mer naturlig formulering være 'Her hviler Sigurd på Jåstad, kongens frende, og Sigrid, hustrua hans'.Slik ville jeg gjettet at Sigrid er den som var beslektet med kongen, men uthevelse av ordet *gjettet*, ettersom jeg ikke har formelle kunnskaper om slikt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jo Rune Ugulen

Synsing er kan henda eit greitt ord her, Kristian:-) Men du har rett:-)'Frendkona' er nemninga for ein kvinneleg slektning. Seinare får ein forma 'frenke' som er ei kort- og/eller dansk form av det opphavlege 'frendkona'.Les meir om denne innskrifta i: Nicolaysen, N[icolay], (1817-1911). _Om Lysekloster og dets ruiner._ Kunst og Haandverk fra Norges Fortid, Supplementum, nr. 2 (Kristiania: Foreningen til norske Fortidsmindesmærkers Bevaring, 1890).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Mange takk til Jo Rune og Kristian for fine innspel og grei presisering av kva uttrykket frendekone/frenke tyder. Sigrid på Jåstad var altså på ein eller annan måte i slekt med kongen.Takk!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Agnete Schjønsby

Til de kyndige: Skillet mellom 'blodsslektning' og 'inngiftet slektning' - spillte dette inn ved bruken av uttrykket 'frendkona/frenke'. Et slikt skille ville gi mye verdifull informasjon!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.