Gå til innhold
Arkivverket

[#17060] Cesilie Larsdtr. f. 1852, i Rogaland, bs.Buøy(Stav) dotter til kven?


Gjest Mariann Stokken
 Del

Recommended Posts

Gjest Mariann Stokken

Er det nokon som kan hjelpa meg med å finna ut kva for ein Lars ho er dotter til?Torbjørn var opprinneleg frå Buflåta u.Fuglestein, Jelsa.Men det er fleire alternativ til kven som kan vera far hennar.Finst det ei bygdebok?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Hei Mariann!Prøvde meg med eitlandsomfattande søk i ft.1865 for å sjå om der var nokon Cesilie Larsdatter f. 1852. Skreiv beree Ce* og lars* slik at eg skulle få med dei fleste skrivemåtane. Eg fekk då opp kun eit treff for heile landet og det var i Hetland prestegjeld under Buøen Østebø:Johannes Larsen Husfader, Logerende g Skomager 1825 Hetlands Prgj.Berte K. Larsen hans Kone g 1825 TimesognLaurits R. Larsen deres Søn ug 1855 Hetlands Prgj. Ceselia Larsen deres Datter ug 1852 Hetlands Prgj. Rakild Larsen deres Datter ug 1854 Hetlands Prgj. Karen Larsen deres Datter ug 1858 Hetlands Prgj. Berte Larsen deres Datter ug 1861 Hetlands Prgj. Olava Larsen deres Datter ug 1864 Hetlands Prgj.Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Sjå kva eg fann! Eg såg plutseleg at det stod CesiliA, ikkje E til slutt.LenkeDette er godt mogeleg den rette, det passar med alderen, men ho er jo ikkje ei Larsdtr., men det kan ha vore ei samanblanding av Larsen og Larsdtr.Dessuta får ho ei dotter ved namn Bertha(f.1882), og både mora og systera heiter Berthe.Er det nokon som har tilgong til kyrkjebøker for tidsrommet 1851-52 Hetland?Og kanskje også når dei gifta seg, 1879-1880, visst Buøy høyrde til Hetland, har dei nok gifta seg der.Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Hei Helga! Ja, ved to eller tre vitners mål skal eit ord stå fast!! (fritt etter Bibelen)Så då har me vel rett no :-))Tusen takk skal du ha!Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Hei!Ja, dette må nok vera den rette sidan det er her dei bur seinare også. Sidan faren heitte Johan Larsen, kan det vel hende at bestefaren var ein Lars, og at dei då har gått over til å bruka Larsen som eit familienamn. I allehøve var dette den einaste jenta f. 1852 i Norge der førenamnet byrja på Ce.. og etternamnet på Lars.. (i følge ft. 1865).Helga

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Eg veit ikkje om Ce eller Se skal vera det avgjerande, den som førte pennen skreiv det vel slik han ville.Det gjeld vel ogå A eller E ending, men her var det jo fleire ting som stemmer, så då får me tru det er rett, iallfall til det motsette er bevist!Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Hei igjen!Berre for å 'forvirra' deg litt så var det også ei Sissele Larsdatter f. 1852 i Jelsa (datter av Lars Bjornson og Brita Olsdotter Alveskjer.Det finst også ei Sesilie (med 'S') Larsdatter f. 1852 på Finnøy.Dersom Family Search er å stole på.Men skrivemåten er jo mest korrekt på den første me fann, desutan stemmer plassen ho budde på.Helga K.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Ja, eg satsar på at dette er den rette, eg har sett at det var fleire med same f.år, og div. skrivemåtar av namnet. Difor skulle eg absolutt hatt kyrkjebok oppslag(særleg gifte 1879-80) for Hetland.Bygdeboka for Jelsa er eg klar over, eg har vore innpå der og funne ut om mannen hennar.Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Er det nokon som kan hjelpa med å finna Ceselia Larsen(Johannesdtr)som døpt i 1851-52 og/eller når ho giftar seg i 1879-80?På forhånd takk!!Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tove Tjøstheim Eek

Hallo Mariann , din Cecilie er nok Cecilie Johannesdatter f 7 11 1852 på Buøen som datter av skomager Johannes Larsen (Nyhavn )og Berte Kirstine Olsdatter .( Kilde kirkebok for Hetland ) Far til Johannes = Lars Larsen Far til Berte = Ole Olsen Oma på Njåskogen og Ragnhild Josefsdatter Line . Deres barn ; Berte Kristine f 13.04.1825, og Abraham f 22.09.1827Vigsel 1875 :25.06 1875 i Hetland Ungkar , tømmersvend Torbjørn Torbjørnsen 33 f i Jelsa og pige Cecilie Johannesdatter Nyhavn 23 f i Hetland( fedre ; Torbjørn Johannesen og Johannes Larsen Nyhavn ) -de samme navna stod også oppført 02.07.1875 som gifte .I folketelling 1875 bor de nygifte hos hennes foreldre på Buøy . Håper dette var til hjelp.Tove

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

YES!! TAKK!! Dette var supert, det ER så gøy når ei 'nøtt' vert knekka!!For dette var ei nøtt, eg har vore i kontakt med etterkomarar, som hadde laga ei slektsoversikt, men ikkje klart å finna ut av denne!!Takk igjen!Venleg helsing Mariann.PS: står det CesiliA eller E??

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

OK, takk igjen Tove.Er det nokon som har meir opplysningar om Berthe Kristine Olsdtr,(Njåskogen) f. ca.1824,Time(Lye), eg kunne ikkje finna noko bygdebok i Dis-Norge sin oversikt, men....Og Johannes Larsen f.ca.1824 skomakar bs.Buøy.Det eg ynskjer er altså f.år, gjerne dato, og det same for foreldra. Men lenger bakover treng eg ikkje.Tusen takk for all hjelpa som eg til no har fått!!Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tove Tjøstheim Eek

Hei Mariann, du finner nok endel av de opplysningene du søker i bygdeboka for Time , Rogaland under gardene Njå, Oma og Line . Biblioteket kan sikkert skaffe den dersom de ikke har den inne selv . Jeg fannt tre av barna til Torbjørn og Cecilie døpt i Johannes kirke ; Betzy Tomine f 18.12 1885, Rakel Kristine 04.08.1890 , Laurits Kristian f 31.10 1893, mens Torbjørn Celius f 14.02 1880 er døpt i Hetland kirke.Tove

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Tusen takk skal du ha, for alt du har funne Tove!!Det er Berta f. 1882, som er mest interessann for meg, pga. at eg lagar slektstre i konfirmsajonsgåve til ei som eg er tante til, og der er det ikkje plass til andre enn direkte opp eller ned...Så visst det er mogeleg å finna f.dato på henne, er du hjarteleg velkomen til det :-))Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 år senere...
Gjest Tove Tjøstheim Eek

Kanhende noe seint svar men Berta Johanne f 18 sept 1882 , døpt 22 10 1882 i Hetland kirken .Hun er dåpsbarn 169 .Tove

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Hei igjen Tove :-) Denne datoen har eg fått for lenge sidan :-))Tusen takk for all hjelp iallfall!Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.