Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#17153] Ole & Rebecca Olson (Hillestad) - Bjørnør/Gildeskål/Kristiansund/McGregor, IOWA?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Ole Olson, fødd på Hillestad i Hafslo (Luster) i Sogn 14.12.1837, flytte med foreldri sine til Nordland i 1847 og budde mellom anna i Steigen og i Bodø, men gifte seg truleg i Kristiansund(?) kring 1866 med Rebecca Andrea Larsdotter Thoresen, fødd i Kristiansund kring 1843. Ole er stundom kalla los, og han og Rebecca budde periodevis i Bjørnør, på Inddyr i Gildeskål og i Kristiansund til dei i 1884 utvandra til Amerika med reisemålet McGregor, Clayton Co., IOWA. Eg kjenner til desse borni:* Caroline Sophie, fødd i Bodø kring 1863, kan vera ei dotter av Ole med ei anna mor(?)* Ludvig Olai, fødd i Kristiansund kring 1867* Christianna Kjerstine, fødd i Bjørnør 8.6.1869* Ole Rasmus, fødd i Bjørnør 9.4.1871* Theodor, fødd i Bjørnør 12.5.1873* Augustinus, fødd i Gildeskål kring 1875, døypt der 4.7.1875* Inga Marie, fødd i Gildeskål kring 1876, døypt der 10.9.1876* Edvard, fødd i Gildeskål eller Kristiansund kring 1879I lag med huslyden til Amerika i 1884 var ogso mor til Ole Olson (Hillestad), Kjersti Hermundsdotter, fødd i Hafslo januar 1807.Er det nokon som kan hjelpa meg med å:1) finna fødselsdatoar til Caroline Sophie og dei av borni som var fødde i Gildeskål og i Kristiansund?2) finna opplysningar om denne huslyden i IOWA eller andre stader i Amerika?Eg takkar hjarteleg på førehand for all hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Laila N. Christiansen

Hei Lars! Jeg er så innmari travel om dagen, hvor var de i 1865? Kan du lage lenke til den og til emigrasjonen?Laila

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tore Kristiansen og Tor Larsen

Vi har funnet en del om foreldra til Rebekka på Nordlanet og Kirkelandet i Kristiansund, men de var du vel ikke så interessert i? Ludvig Olai skal vi nok finne dåpen til, for selv om kirkebøkene brant i 1950, har listene til Statistisk sentralbyrå blitt gjort til offisielle ministerialbøker for perioden 1866-72. Det er verre med 1879 for da finnes bare brannskadde kirkebøker.Vi har ikke fått sjekket 1870-tellingen ennå, men vet du om de bodde i Kristiansund da? De bor i alle fall ikke på Nordlandet, men det kan jo være at de bodde andre steder. (Lars Thoresen er enkemann i 1885-tellinga.) SSkal sjekke kirkebøkene og E Thurn Christensens arkiv når vi får tid. Tore Kristiansen og Tor Larsen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Laila, Tore og Tor for innlegg om dette tema.Til deg Laila må eg diverre seia at ikkje er so flink med å laga lenker, men når det gjeld 1865-teljingi, so budde Rebekka framleis heime hjå foreldri sine i Kristiansund, medan eg ikkje kan sjå noko til Ole. Derimot finn eg eldste dotteri Caroline busett i Kabelvåg, Vågan som fosterdotter hjå Helge Helgesen og Maria Carlsen. Det syner seg vidare at Caroline Sophie var fødd i Bodø (utanfor ekteskap) av Ole Olson og den same Maria Carlsdotter. Fødselsdatoen til Caroline Sophie var 15.1.1863.Caroline Sophie Olsdotter budde i 1875 hjå stemori Rebekka på Inddyr i Gildeskål, men følgde ikkje med til Amerika i 1884. Derimot dukker ho opp som ugift ''restauratrice'' i Bergen i 1900 under namnet Karoline HILDESTAD, og i 1901 utvandra Karoline Sofie Olsen HILLESTAD frå Bergen til Amerika! Reisemål er ikkje oppgjeve!Rebekka Olsen, ''gift arbeiderske'', utvandra frå Kristiansund via Trondheim (post #40542) og via Christiania i 1884. Mannen er ikkje nemnd, men svigermori er med og likeins alle borni til Ole og Rebekka, med unnatak av Christianna!Når det gjeld opphavet til Rebekka Andrea, syner 1865-teljingi at ho må vera fødd i 1843 i Kristiansund som dotter av snikkarmeister Lars Thorsen og kona Christianna Ellingsdotter. Dette paret gifte seg i Edøy i 1842, og Christianna var fødd på Klakken i Edøy i 1815, medan Lars skal vera fødd i Tingvoll (uvisst kva gard) i 1821.Eg er glad for at fødselsdatoen til Ludvig Olai frå 1867 kanskje kan finnast. Eg har forresten oppdaga ein Ludwig Olson i Chicago, IL i 1920 som då var 52 år og altso fødd i 1867 i Noreg. Han vert sagt å ha utvandra i 1886. Kanskje er det vår Ludvig??Huslyden må forresten ha butt i Bjørnør i 1870, so dei var ikkje i Kristiansund på den tidi. Men kanskje finst det òg ei folketeljing for Kristiansund frå 1880?Nok ein gong hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Laila N. Christiansen

Lars, for å legge link,1)er det bare å markere hele linken der den står i nettleseren din... (begynner med http://.... og høyreklikk, velg copy/kopier2) høyreklikk så inni her du skriver og3) velg paste/lim innSwosj så¨har du link. Dersom den er lang, blir den automatisk laget om til 'lenke'.Ellers lurer jeg fælt på hvor Ole og familien emigrerte FRA! Laila

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tore Kristiansen og Tor Larsen

Ludvig Olai ble født 21/10 1867 i Kristiansund. Kirkebok for Kristiansund 1866-72 (innsendte lister til Statistisk sentralbyrå) folio 26: No 21, (født) 21 Octbr 1867, Ludvig Olai, Skipper Ole Olsen og kone Rebekka Andrea.Foreldrene ble gift samme år. Samme kirkebok folio 159; No 7; Januar 29 1867; Ungk og Skipper Ole Olsen og Pige Rebekka Andrea Thoresen. Han født Hafslo Pr. og bosatt Thromsøe Pr. Hun fødested Christiansund. Alder han: i 30te, hun i 24de. Tor og Tore

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Tore og Tor for fine opplysningar om Ludvig Olai og foreldri hans. Når me kjenner fødselsdatoen til Ludvig, er det lettare å finna han att i USA i 1900 teljingi!Takk ogso til deg Laila for freistnader på å forklara lenke-''vesenet''. Eg får prøva meg fram...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Laila N: Christiansen

det er så lett så, Lars ;) Laila

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

No er FT1900 for Illinois vorti tilgjengeleg på ancestry.com, men diverre syner det seg at Ludvig Olson i Chicago var fødd i april 1867, so det er nok ein annan person. Og eg finn ingen andre Ludvig Olson i 1900 som høver, men framleis manglar mange statar...Det er soleis framleis eit store og uløyst mysterium kvar det vart av huslyden til Ole og Rebecca Olson i Amerika, og nye tips vert mottekne med stor takksemd!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Steinar Olsen

Heikan opplyse at ifølge Arvid Støver var Ole Olsen f. 1838, forpakter på Indyr gård, og de var gift 1866 (det er notert av presten ved dåp av barna) Augustinus f. 18011875 Inndyr, Gildeskål Inga Marie f. 15061876 Inndyr GildeskålRebekka Thoresen f. 1848det er ikke notert mer om dem.her er lenke til dem på 1875 ftLenkeSom du vil se er hans foreldre også i Gildeskål.Steinar Olsen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Steinar Olsen

Heifikk ikke med meg at du hadde skrevet av 1875 ft så her ble vel litt dobbelt.Steinar

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Steinar for gode tilleggsopplysningar om Augustinus og Inga Marie. Desse fødselsdatoane mangla eg.Men framleis sit me att med problemet å finna ut kvar det vart av dei i Amerika...? Alle gode tips vert mottekne med stor takksemd!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Etter mykje leiting har eg no på det næraste løyst dette problemet, særleg etter at eg fann utvandringi til Rebekka og borni hennar frå Kristiansund i 1884 (Lenke) - midt på høgre side...To spørsmål står no att å løysa på ''norsk'' side:* Yngste sonen Edvard, fødd 26.2.1879 - vert sagt å vera døypt i TRONDHEIM, men etter leiting i Domkyrkja, Vår Frue, Bakke og Lade, kan eg ikkje finna denne dåpen. Kanskje andre har betre kunnskap om Trondheim enn eg?* Faren/mannen Ole Olson (Hillestad), fødd i Hafslo i Sogn i 1837, må vera utvandra ''på førehand'' til Amerika, truleg frå Trondheim (eller Kristiansund?), ein eler annan gong mellom 1879 og 1884, men er det mogeleg å påvisa denne utvandringi?Eg takkar igjen for god hjelp med denne vanskelege huslyden!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Geir for å få den opplysningi på plass! Då manglar berre utvandringi til Ole Olson...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.