Gå til innhold
Arkivverket

[#17282] Ole Hermansen (f.1752) og Bertha Christiansdotter Møller (f.1753) Askøy/Bergen?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Ole Hermansen, fødd på Veum i Hafslo (Sogn) kring 1752, gifte seg på Askøy 31.7.1785 med Bertha Christiansdotter Møller, fødd i Bergen kring 1753. Far hennar Christian Mikkelson Møller var opphavleg frå Danmark. Ole var skolappar, og i 1801 budde parfolket i 10. rode nr. 94 i Bergen. I 1804 var dei komne til 10. rode nr. 96, men sidan ser eg ikkje noko meir til dei. Av fire born vart berre ein son nemnd i 1801:Christian Møller Olsen, fødd i Bergen 2.8.1791.Kan nokon hjelpa meg med å finna ut kvar det vart av desse folki? Eg har søkt gjennom dødslistene for Bergen og Askøy, men utan resultat!På førehand hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Heidi og Rune for gode innlegg.Til deg, Heidi: Eg hadde ikkje søkt gjennom basane for vigde, og der kjem Christian Møller Olsen att som gift i 1828. Eg finn at Anna Johanne Johannesdatter, dotter av matros Johannes Jacobsen og Anna Christine Ludvigsdatter, var fødd i Bergen (Krosskyrkja) 27.5.1807. MEN, eg ser framleis ikkje noko meir til Christian Møller Olsen, og ikkje kan eg heller sjå at Christian og Anna Johanne hadde born, korkje i Bergen eller på FamilySearch... Mystisk!Til deg, Rune: Eg var alt merksam på dei to sønene Herman og Herman Andreas og dødsfalli deira, men eg har ikkje lukkast i å finna ein dødsdato for den fjerde sonen (eldste barnet i huslyden), som òg heitte Christian Møller og som var fødd 2.10.1785. Greier du den?Nok ein gong, hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Hallo igjen Lars.Kan det være dette barnet det er snakk om?LenkeJeg lurer forresten på om det kan være snakk om to forskjellige Ole Hermansen.Om du går inn på døde i Bergen 1668-1816 , velger merknad og skriver inneholder Hermans , så vil du få opp flere døde barn og en død hustru på Ole Hermansen Mvh. Rune T.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk, Rune; det kan ikkje vera mykje tvil om at du har funne Christian Møller Olsen, d.e. i dødslista for Bergen! Flott!Når det gjeld dei andre dødsfalli, so er det tydeleg at me talar om ein annan Ole Hermansen. Denne andre Ole Hermansen matros var gift med Gjertrud Petersdatter og hadde born døypte i Domkyrkja i 1785 og 1787, som båe døydde små, og so døydde både Ole og Gjertrud, so heile huslyden var borte før 1801!Då sit me att med spørsmålet om Christian Møller Olsen d.y. og kona Anna Johanna og lagnaden deira... Berre nokon visste kvar dei vart av...? Og kvar vart det av Ole og Bertha?Nok ein gong, hjarteleg takk for god hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Eg er imponert, Rune! Hjarteleg takk! Du har funne rette mannen som tydeleg har ''snudd'' på namni sine. Og året etter gifte Anna Johanne Johannesdotter seg att med Bernt Amundson (Barstad) frå Sokndal i Dalane. Dei fekk fire born, og eldste sonen heitte Hans Christian Møller!Då er det berre Ole og Bertha Hermansen som saknast...Nok ein gong hjarteleg takk for fin hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Hallo igjen Lars. Her har du i alle fall dødsfallet til Anne Johanne Johannesdtr.LenkeDu får nøye deg med det imellomtiden.Så får vi legge hodene i bløt, kanskje vi finner en løsning på mysteriet Ole Hermansen og frue.Har du forresten funnet Christian Møller Olsen f. 1791 i 1815 tellingen for Bergen? Mvh. Rune T.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Takkar so mykje, Rune, for siste innlegget ditt. Eg fann òg dødsfalli både til Anna Johanne og andre mannen hennar, so den greini er komplett for mitt vedkommande.Elles hadde eg i grunnen ikkje tenkt so mykje på teljingi frå 1815, men der er jo ingen ting å sjå korkje til Ole og Bertha Hermansen eller til Christian Møller Olsen. Eg tek til å undra på om dei kan vera flytte ut av byen; eg finn ikkje Ole Hermansen avliden korkje i Fana eller i Hamre... Kanskje dei flytte til Sund?Nok ein gong takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Etter lengre tids forsøk er eg stadig på leiting etter dødsfalli til:* Ole Hermansen (f. 1752)* Bertha Christiansdotter Møller Hermansen (f. 1753)Dei var framleis i Bergen i 1804, men er ikkje å sjå i Bergen i 1815, og dei ser heller ikkje ut til å vera avlidne i Bergen, sjølv om alle borni deira vart buande i byen!Eg vonar på at einkvan kanskje dreg kjensel på desse namni og takkar so mykje for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.