Gå til innhold
Arkivverket

[#17349] Benedikte Larsdotter, f. kring 1880, gift Kyrrefjord i Farsund - kven var ho?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Vegarbeidar Nils Johannesson Nondal døydde i Hafslo (Luster) i 1906, 27 år gamal. Han let etter seg ei enkje:Benedikte Larsdotter, som skal ha vore frå Farsund. Rimelegvis var ho fødd kring 1880, men eg finn ho ikkje i 1900-teljingi. Dei fekk ikkje born i lag.Som enkje skal Benedikte ha utvandra til Amerika, men eg har ikkje vore i stand til å finna denne utvandringi korkje frå Bergen, Stavanger eller Kristiansand.Men ho kom snart attende frå Amerika og gifte seg med ein Kyrrefjord i Farsund. Kring 1935 var Benedikte på vitjing til Hafslo. Då¨var ho enkje på ny.Er det nokon med lokalkunnskap frå Farsund som kan hjelpa meg med fleire opplysningar om Benedikte og eventuelt om andre mannen, ''Mr.'' Kyrrefjord?Eg takkar so mykje på førehand for all hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Eg gløymde å nemna: Eg har heller ikkje funne ekteskapet mellom Nils Johannesson Nondal og Benedikte Larsdotter. Truleg gifte dei seg i Farsund kring 1902-1905?Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Helge Trelsgård

I bind 2 av bygdebok for Lista finnes en aktuell kandidat: Benedikte f. 1874, datter av Anne Martine Larsdtr. f. Stokke og Lars Emanuel Tobiassen Biland i Vanse sogn. Biland er dessuten nabogården til Kjørrefjord. Det må imidlertid bemerkes at bygdebøkene for Lista ikke omhandler selve Farsund by.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Astrid og Jan Helge for interessante bidrag, og likeins takk til Per Torgersen for direkte e-post.Eg har no leitt litt både i ulike folketeljingar og på FamilySearch og har identifisert Benedikte Larsdotter Biland som fødd i Vanse (Lista) 8.11.1874 som dotter av gardbrukar Lars Emanuel Tobiasson Biland og Anna Martine Larsdotter frå Stokke.Og tolkar eg Per rett, so må andre mannen hennar ha vore Tobias Olson Kyrrefjord, fødd i Vanse 10.12.1853 som son av gardbrukar Ole Tobiasson Kyrrefjord og Torborg Christiansdotter frå ??.No manglar eg eigentleg berre desse detaljane:* Date og stad for vigsli til Nils Johannesson Nondal og Benedikte Larsdotter Biland?* Dato og stad for vigsli til Tobias Olson Kyrrefjord og Benedikte Larsdotter Biland (Nondal)?* Dato og stad for dødsfallet til Benedikte Kyrrefjord?* Dato og stad for dødsfallet til Tobias Kyrrefjord?* So undrar eg på om Benedikte nokonsinne fekk born? Ekteskapet med Nils Nondal var barnlaust.Nok ein gong vil eg takka so mykje for flott hjelp, og er eg heldig, kjem kanskje nokre av desse manglande detaljane ogso for ein dag...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.