Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#17455] Jens Larsson Glisborg, sokneprest til Ørlandet, d. 1722, g.m. Anna Cath. Wessel

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Jens Larsson Glisborg skal vera fødd i Danmark kring 1686 og vart ifølgje Lampe (Geistlege i Bergen stift) student i Odense på Fyn i 1713. Han skal ha vore skipsprest, men vart 1.2.1717 utnemnd til sokneprest til Hafslo i Sogn der han virka fram til 1721 då han flytte til Ørlandet. Han vert oppgjeven å vera avliden på Ørlandet 22.5.1722.Jens Glisborg gifte seg 31.8.1717, uvisst kvar, men kanskje i Trondheim(?), med Anna Cathrine Jansdotter Wessel, fødd i Trondheim 7.5.1689. Ho levde att som enkje etter Jens.Dei skal ha hatt tre døtrer i lag:* Karen Jensdotter Glisborg, fødd i Hafslo kring 1718, skal vera død ugift!?* Marianna Jensdotter Glisborg, døypt i Hafslo 5.10.1719, skal ha vore gift med ein kjøpmann Jens Winther i Kristiansund, men dei var visstnok barnlause!?* Johanna Cathrine Jensdotter Glisborg, f. på Ørlandet kring 1722, ingen opplysningar føreligg!?Eg skulle gjerne hatt litt fleire detaljar om denne huslyden og særleg om opphavet til Jens Glisborg, og om lagnaden både til Anna Cathrine Wessel og dei tre jentene. Kan nokon hjelpa meg?På førehand hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Sølvi Arntzen

Jens hadde en bror, Hans Larssen Glisberg, født 1682, død 23.5.1735, som var klokker i Ullensvang 1732-35. Hans giftet seg 1732 med Maren Johannesdatter Sveen (1690-1768). Ingen barn.Kilde: Olav Kolltveit: Odda, Ullensvang og Kinsarvik i gamal og ny tid, bind I, s.576, og bind 4-II, s.199.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aud Marion Røen

Ørlandsbøkene gir disse opplysningene om Glisborg: 'JG var sokneprest på Ørlandet 1721 til 1722. Gift 1717 med Anne Catrine Wessel, datter av rådmann Jan Wessel (Tordenskjolds søster altså). Tre barn: 1. Marianna, gm kjøpmann Jens Winter i Kristiansund 2. Karen, som døde utgift 3. Johanna Catharina Glisborg var sokneprest i Hafslo fra 1717, kom til Ørlandet i 1721 og døde året etter. Enka drev som gjestgiver på Brekstad'.Glisborgs etterfølger som prest ble forresten en av hans mange svogre ('Wessels døtre seks og sønner tolv') Eiler Wessel.Om presteenka som gjestgiver fra Ørlandsboka: 'Madam Karen Glisborg, enka etter sokneprest Jens Glisborg, startet sin gjestgivervirksomhet på 1720-tallet, og i 1728 anmelder hun klokkeren fordi han etter øvrighetens ordre ikke hadde ''bort flødt siine huuse af hendis Plads'' og fordi han mot en rettskaffen dom fortsatt drev med ølsalg. I en omtale av gjestgiveriene fra 1739 står det at hun holder gjestgiveriet for kirkefolk og andre som har bruk for det. Ølsalget er så lite at det ikke kan kalles noen næring, men hun er villig til å drive med det så lenge hun får monopol. Kroholdet omtales også i et liknende arbeid fra 1748, fremdeles med Karen Glisborg som gjestgiver.' Forfatteren av Ørlandboka henviser også til Årbok for Fosen 1981 om gjestgiverier på Fosen.Dette er vel ikke til mye hjelp - det meste visste du jo fra før. mvh Aud Marion Røen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Randi Rostrup

Lampe skreiv at han vart student i 1708, ikkje i 1713. Det høver også betre med eit fødeår i 1686. Det er rett at han då kom frå skulen i Odense. Han er innskriven i universitetsmatrikkelen den 17/7 1708 som 'Ianus Laurentii Glidsborg' (bd. 2, s. 332). Derimot tek Lampe feil når han skriv at han tok 'bacc.' i 1713, for det finst ikkje baccalaur-kandidatar i matrikkelen det året. Den 19/10 1713 tok han derimot sin teologiske eksamen med karakteren haud illaud. (H. Ostermann: Norske teologiske kandidater ca. 1690-1754, s. 36). Der står det også at han var født i Århus stift 6/10 1686. Stadnamn som slektsnamn for danskar er ofte soknenamn, men det finst ikkje noko dansk sokn som heiter Glisborg. Derimot finst Glesborg (Glæsborg) i Århus stift, som er ein del av pastoratet (prestegjeldet) Fjellerup og Glesborg i Djurs Nørre hrd., Randers amt. Det verkar då ikkje urimeleg at dette kan vera heimstaden. Det kan nok vera eit greit utgangspunkt for vidare leiting etter opphavet hans. Det finst ingen prestar i Danmark med namna Glisborg/Glesborg/Glæsborg (etter registeret i Wiberg). Det var ikkje uvanleg at prestar sjølv var prestesøner, men i dette tilfellet er det ingen av sokneprestane i Fjellerup og Glesborg som kunne høva som far. Så var i det minste den moglegheita sjekka ut av saka....

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Etter fleire år i ''dvale'' vil eg gjerne få ta opp att dette tema og ta til med å retta ein forseinka takk for nyttige innlegg til Sølvi, Aud Marion og Randi.Eg oppfattar det slik at kona til sokneprest Jens Glisborg, Anna Cathrine Jansdotter Wessel, vart kjend under førenamnet KAREN, og at ho framleis levde som gjestgjevar på Brekstad på Ørlandet i 1748, men finst det opplysningar om dødsfallet til Madame Karen Glisborg? Eller kan det vera DOTTERI Karen som dreiv gjestgjevariet...?Svigersonen Jens Winther skal ha vore kjøpmann i Kristiansund, men er det mogeleg å finna meir nøyaktige opplysningar om dødsfall for han og kona Marianna Glisborg?Elles er eg òg interessert i fleire opplysningar om lagnadene til dei to andre døtrene etter Jens Glisborg og Madame Karen, Karen og Johanna Cathrine?Eg takkar på ny for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aud Marion Røen

På høyre side i kirkeboka her er navnet Glisborg nevnt 2 ganger - er ikke stø i tyding, men er det Glisborgs moders dødsfall som er innskrevet nest øverst på siden ? Nede på siden er det omskrevet en likpreken; er det prestens ? Lenkemvh Aud Marion

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aud Marion Røen

- nede på venstre side er den yngste av døtrenes dåp: Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aud Marion Røen

Har sett litt i kirkebøkene mellom 1738 og 1750 og finner Mariane og Johanne Glisborg som fadre flere ganger. Jeg har ikke funnet deres mor dødsfall, men det kan jeg ha oversett. Karen har jeg heller ikke sett som fadder.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aud Marion Røen

Jeg har fått hjelp til å tyde innføringene i kirkeboka:d. 28. April Gravfæst. (=gravfestet) Sl. (=salig) Glisborgs Moder Anne.d. 4 Julii – hørte(?) Prodstens Liigprædichen over Sl. Hr. Glisborg.Domin.7 p. Trinit . (= 7. trefoldighetssøndag) ved Wecklem (…)Bapt. (= døpte) Sl. Glisborgs datter Johanna Cathrina. Fad. (=faddere): Ole Wessel (Anm.: Han var Tordenskiolds bror og sogneprest i Rygge i Smålenene, dvs. Østfold), fougden Cimber (Nils Nilsen Cimber var fogd i Fosen fra 1707 til 1737 ), Hans Glisborg (Jens Glisborgs bror), Mad. Cimber (Madame Cimber var født Ida Margrethe Finckenhagen) og Mad. Volqvartz (Hun var sikkert enken etter tidligere sogneprest Markus Vorkvartz: Abel Margrethe f. Greger). Mad.moselle Wisleb (Kan Mademoiselle Wisleb ha tilhørt Wisløff-familien i Trondhjem, tro?)Takk til Terje S. for - som alltid - utmerket hjelp !

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Aud Marion for fleire nye interessante innlegg. Det var særleg spennande å sjå at både MOR og BROR til Jens Glisborg budde på Ørlandet samstundes med Jens, og det var kjekt å få tak i dåpen til Johanna Cathrine.Men, framleis er det eit ''mysterium'' kvar det vart av denne yngste dotteri Johanna Cathrine, og likeins saknar eg fleire detaljopplysningar om mori og dei to andre søstrene... Men, det er vel berre leiting i kyrkjebøkene som kan hjelpa meg vidare...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aud Marion Røen

Jeg fant Mariane som Mad. og fadder her: Lenke - øverst på høyre side. Da er hun vel gift på dette tidspunktet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aud Marion Røen

Marianna er også oppført som fadder i 1736 (øverst til høyre på høyre side); Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aud Marion Røen

Iflg denne slektsoversikten ble Marianna gift på Ørlandet: Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.