Gå til innhold
Arkivverket

[#17476] Andreas Carsbrech (1716-1756) - Boel Margr. Grønbech og Christine Margr. Garmann


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Andreas Carsbrech, sagt å vera fødd i Trondheim 7.1.1716 som son av ''borgar'' Nicolai Henrik Carsbrech og kona Maria Møller, kom til Hafslo i Sogn som sokneprest i 1754 etter før å ha vore kapellan til Vågå i Gudbrandsdalen. Han døydde i embetet alt 10.10.1756.Andreas var gift to gonger:1) 19.10.1745 i Moss med Boel Margrethe Grønbech, som eg ikkje finn noko om i det heile. Ho må vera avlidi i Vågå før 1749!2) 31.10.1749 i Vågå med Christine Margrethe Garmann, som eg heller ikkje finn noko om, bortsett ifrå at ho døydde i barseng og vart gravlagd i Hafslo 6.9.1756!Eg kjenner berre til eitt barn etter Andreas og andre kona:* Christine Margrethe Carsbrech, døypt i Hafslo 29.8.1756. Lagnaden hennar er ukjend.Eg har leitt på FamilySearch, men det er ikkje stort å sjå til denne huslyden, so no vonar eg at einkvan kan hjelpa meg, både med utfyllande opplysningar om dei to konene til Andreas Carsbrech og ikkje minst om lagnaden til dotteri Christine?Elles lurer eg på om dåpen til Andreas Carsbrech kan finnast i Trondheim? Ved gravferdi hans er han kalla A. H. Carsbrech, so truleg hadde han eit namn til...?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 år senere...
Gjest Bodil Øvernes

Jeg la nettopp inn et innlegg hvor jeg søkte etter opplysninger om Johan Christian Garmanns kone Kirstine, og hans yngste datter som det viser seg også heter Christine. Du gir meg her svar på noe av det jeg har søkt etter. I mitt innlegg vil du finne svar på det jeg vet om opphavet til Christine Garmann.Jeg vet heller ikke skjebnen til disse to barna. Alt jeg vet, er at Kirstine, deres bestemor, satt med ansvaret for begge barna i 1760, da deres foreldre begge var døde.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.