Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Bjørn Jonson Dale

[#17570] Jens Black, borgar av Bergen - i Ålesund, så på Togning i Stryn

Recommended Posts

Gjest Bjørn Jonson Dale

Eg viser til tema 17555, der eg påpeiker at namnet til denne borgaren var BLACK og IKKJE Bloch. Eg har mange kilder for dette, men den mest overtydande må vel vere eit bilde der namnet er skreve rett fram? Dette bildet legg eg ved her. Det er henta fra Einar Lexow: Norske glassmalerier fra laugstiden (Oslo 1938). Sjølve den malte glassruta er i eiga til Vestlandske Kusntindustrimuseum (sikkert fargerik og fin), men Lexow visste ikkje kor ho var fra ('Glassmaleri fra ukjent sted. 1634'). Rimeligvis kom ruta fra ei av kirkene i den tids Innvik prestegjeld i Nordfjord.bilete0023.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest David Widerberg Howden

hei Bjørn stilig maleri-hørtes utenlansk ut!-hvordan fikk du limt inn bildet?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

For å få limt inn eit bilde, som her, må du lage eit nytt innlegg, ser det ut til. Eg fann i alle fall ikkje noke annan måte å gjøre det på. men det hadde vore greitt å kunne gjøre slikt også inne i eit tema.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arne Solli

Hei. Opnar ein gammal tråd :-) I odelsjordeboka for Nordfjord 1624 (RA, Statthaldararkivet IX 5.2) har Jens Black signert med eiga hand. For meg ser det ut som han skriv Jenns Blauck. Kombinasjonen 'au' betyr kanskje at namnet skulle utalast med ein lang a-lyd? Merk også at medan dei fleste andre skrivekunnige i Stryn på 1620-talet skriv 'egen hand', så skriv Jens Black 'egenn haandt'. Om dette seier noko om opphav/bakgrunn/språk veit eg ikkje. I samme kjelda, der skrivaren for Nordfjord fører pennen er namnet skrive 'Jens Black'

bilete5349.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Hei Arne!Eg har ikkje sett dette innlegget før no i natt (etter ei nær heildags feiring på Sunnmøre Museum av hundreårsdagen til Sunnmøre historielag).Lesemåten kan vere 'Jenns Blaack' eller, slik du les det, og som kanskje er mest rimelig, 'Jenns Blauck'. Dette opnar for ein uttale 'Blåkk' heller enn 'Bla:k'. Og då kan det vel hende at skrivemåten 'Bloch' kom i bruk etterkvart.Likevel held eg ein knapp på uttalen 'Blakk', jf glassmaleriet ovanfor.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.