Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#17620] Alexander Lind/Magdalena Trondsd. Benkestok, Trondheim/son Andreas - 1700-talet

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Andreas Alexanderson Lind, skal vera fødd i Trondheim 30.3.1733 som son av ''borger'' Alexander Lind og kona Magdalena Trondsdotter Benkestok.Andreas gifte seg kring 1757, uvisst kvar, med Elisabeth Christine Hansdotter Schønsal, ei dansk jente fødd kring 1731, som elles er ukjend.Andreas vart cand.theol. i 1757 og skal for det meste ha vore ''hjelpeprest'' i Trondheim til han i 1775 vart res.kap til Meldal. Derifrå kom han i 1787 som sokneprest til Hafslo i Sogn. Han døydde her i 1791.Eg er interessert i fleire detaljar om Alexander Lind og Magdalena Benkestok, som til dømes yrket til Alexander og kvar dei båe kom ifrå. Likeins er eg interessert i fleire detaljar om Elisabeth Schønsal. Og so har eg store problem med barneflokken til Andreas og Elisabeth med til dels ''merkelege'' fødselsår; dei fleste av desse borni må vera fødde i Trondheim eller Meldal...:1) Ulrikke Andreasdotter Lind, fødd kring 1758, budde ugift hjå mor si i Hafslo i Sogn i 1801, men er elles ukjend.2) Christian Ulrik Andreasson Lind, fødd kring 1761, skal ha vore gift med Maria Magdalena Hansen, fødd kring 1753. Christian vert sagt å ha vore ''bombarder ved artilleriet i Trondheim'' der parfolket budde i 1801, men elles er dei ukjende.3) Magdalena Christine Andreasdotter Lind, fødd ??, skal ha vore ugift, men er elles ukjend.4) Birgitta Andreasdotter Lind, døypt i Trondheim 11.3.1762, vart gift tre gonger i Sogndal i Sogn der ho døydde 2.9.1829.5) Alexander Andreasson Lind, fødd kring 1765, vart hæroffiser og budde i 1801 i Hafslo, men skal sidan vera flytt til Ørskog der han skal vera avliden i 1830-åri(?).6) Johan Wilhelm Andreasson Lind, døypt, uvisst kvar, 21.4.1768, d. kort etter.7) Johan Wilhelm Andreasson Lind, døypt i Trondheim 7.9.1769, d. òg kort etter.8) Johan Henrik Andreasson Lind, fødd hausten 1770, rimelegvis i Trondheim, vart sokneprest til Jostedalen og sidan til Hjartdal i Telemark der han døydde 18.7.1819.9) Herman Christian Andreasson Lind, døypt i København, Danmark 1.2.1775, skal ha vorte skulelærar i Danmark, men er elles ukjend.10) Anna Martha Andreasdotte Lind, døypt, rimelegvis i Meldal(?), 10.8.1777, vart gift med bataljonskirurg Mathias Albert Haberdorph Hansson Brock, som sidan vart distriktslækjar i Romsdalen med bustad i Molde der Anna døydde 20.6.1852.Er det nokon som har vidare kjennskap til desse borni, særleg dei tre eldste, Alexander og Herman, so ville eg verta svært glad for det! På førehand hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars Steinar Hansen

Iflg. Wilhelmine Brandts 'Slægten Benkestok' var Alexander Hermansen Lind født i København 1697 og tok borgerskap som skreddermester i Trondheim 27.1.1725. Han er muligens den Alexander Skredder som nevnes i Domkirkens sogn i ligningen for Kjøbenhavns brannstyr 8.5.1730 og betalte 2 rd.Brandt sier at han ble trolovet i Domkirken 1.1.1725 med Magdalena Trondsdatter Benkestok, f. omkr. 1700. Brandt oppgir ingen sikker avstamming for Magdalena. Brandt sier videre at Andreas døde 21.5.1757.Følgende barn nevnes:1. Anna Martha, f. omkr. 1726, d. etter 1791, gift med markedshandler Claus Nilsen Moltue i Trondheim.2. Beret, f. 1728, d. etter 1791.3. Trond, f. 1731, død ung.4. Andreas, f. 30.3.1733 i Trondheim5. Henrik, f. 7.7.1735 i Trondheim, d. ca. 1800, sogneprest til Andenes, ugift.6. Magdalena, f. 1737, død barnløs i Melbu 1789.Brandt nevner følgende barn av Andreas og Elisabeth Christine Schønsal:1. Christian Ulrik, f. 1761, bombarder ved artilleriet i København, gift med Marie Magdalene Hansen, men død uten barn.2. Birgitte, f. 1762, d. 25.9.1825, gift 1) 1789 med Jacob Christian Foss, borger og gjestgiver i Sogndal, 2) 16.10.1794 med handelsmann i Sogndal Edvard Christie, og 3) 4.11.1799 med handelsmann i Sogndal Peter Alm. Hun skal ha hatt to barn i første, ett i andre og ett i tredje ekteskap.3. Alexander, f. 11.6.1764 i Verdal, d. 22.11.1831 i Ørskog, ugift major (se også om ham i Ovenstads militærbiografier)4. Hans Henrik, f. 29.8.1766, d. 18.7.1819, gift i København 10.10.1800 med Anne Marie Cuur, død som sogneprest til Hjertdal i Øvre Telemark, ingen barn.5. Johan Wilhelm, død som spebarn.6. Johan Wilhelm, f. 1769, formentlig død ung.7. Magdalena Christine, f. 1770, formentlig død ung.8. Herman, f. omkr. 1774, skolelærer i Danmark.9. Anna Martha, f. 1776 i Meldal, d. 20.6.1852 i Molde, gift i Hafslo 15.5.1800 med Mathias Albert Haberdorff Broch, 8 barn nevnes av disse.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til deg, Lars Steinar, for eit særs interessant innlegg om ætti Lind. Du har løyst fleire ''flokar'' gjennom opplysningane frå Wilhelmine Brandt, men det ser ut til å vera usemje om einskilde fakta. Om det let seg gjera å finna sanningi her, veit eg ikkje...:* To born budde heime hjå presteenkja i Hafslo i 1801, dotteri, som hjå Digitalarkiver har fått namnet ''Ulvig'', 43 år, og sonen Alexander, 36 år. Og ettersom foreldri skal ha gift seg i 1757 og eldste sonen Christian Ulrik ikkje var fødd før 1760/1761, er det ''god plass'' til eit barn imellom...!* Når det gjeld soknepresten til Jostedalen og sidan til Hjartdal i Telemark, har eg aldri sett namnet skrive på anna vis enn Johan Henrik Lind. I 1801 står det rett nok Johannes Henrik, og det er jo ikkje lang avstand frå Johan/Johannes til Hans. Derimot kan fødselsdatoen hans, oppgjeven hjå Wilhelmine Brandt til 29.8.1766, godt vera rett, for han vart i 1801 sagt å vera 34 år gamal, sjølv om dette gjer han etter måten ''gamal'' som student i 1789...!* Eg stussar òg på opplysningi om at Christian Ulrik Lind skal ha vore ''bombarder'' ved artilleriet i København. I 1801 budde han jo tydeleg i Trondheim, men han kan sjølvsagt ha flytt på seg i samband med krigen... Kvar ende han opp til sist, tru?Når det gjeld Anna Martha Lind og mannen Mathias Albert Habersdorph Brock, vil eg koma attende til dette paret i eit anna tema.Elles er det framleis spørsmål om opphavi til Magdalena Trondsdotter Benkestok og Elisabeth Christine Hansdotter Schønsal, og kva som skjedde med sonen Herman i Danmark...Nok ein gong, hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ole Øystein Nybø

I bygdebok for Ørskog står det: Alexander Ridder Lind, Danmark 1763 - 1831. Han var major. Ikkje gift. Jomfru Eline Lind f. 1757 - 1847 budde her. Truleg var ho søster hans.Her er det sjølvsagt feil både Danmark og 1763, men det som er intressant er namnet Ridder, og likedan 'systra' Jomfru Eline Lind. Om ikkje Eline var søstra til Alexander, kven var ho då. Og dette med namnet Ridder, kvar har forfatteren det frå.Alexander skal ha testamentert sin eiendom til Søsterdatter Hanna Brook.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars Steinar Hansen

Det er plass til flere barn mellom ekteskapsinngåelsen i 1757 og sønnen Christian Ulrik f. 1761, så slik sett kan Eline godt være Alexanders søster.Søsterdatteren som arvet gården i Ørskog het Hanna BROCK og var datter av Anna Martha og Mathias Albert Haberdorff Brock i Molde.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Randi Rostrup

– Litt på siden av hovedspørsmålet, men det ser ut til at det også kan ha vært en eldste sønn til skredder Alexander Lind som ikke er nevnt i Brandts bok. I følge «Norske teologiske kandidater ca. 1690-1754» (av H. Ostermann 1945, s. 161) avlegger Wilhelm Lind teologisk eksamen 2. august 1751 og oppgir da å være født i Trondheim 1725. I en fotnote kommenterer forfatteren at han kan ha vært sønn av borger Alexander Lind og Magdalena Benkestokk. Ettersom disse ble trolovet 1/1 1725, virker dette overveiende sannsynlig. Navnet Wilhelm finnes også blant Andreas Linds barn.I NST 34 (s. 36), nevnes at presten Wilhelm Lind skal ha vært i Kristiansund i 1798. Han er ikke nevnt av Erlandsen, verken under Kvernes eller Kristiansund (som for øvrig ikke ble utskilt fra Kvernes som eget prestegjeld før i 1827). At skredderens eldste sønn hadde navnet Wilhelm reiser interessante spørsmål om oppkalling. Kan f.eks. Magdalena Benkestokk ha vært enke etter en Wilhelm da hun giftet seg med Alexander Lind?Magdalenas opphav er usikkert, men Henry Berg (i boka «Trondheim før Cicignon», s. 354) nevner en «Trond Pedersen [benkestok]», nordlandshandler. Han var gift med Marite Andersdatter, datter av Anders Mortensen «Nordlandz Fahr» og hans kone Birgitte i Trondheim (jfr. NST 16, s. 152, 295 og 300). Hvor Henry Berg har fått Benkestokknavnet fra, vet jeg ikke. Dette er antakelig den samme Troen Pedersen som er nevnt flere ganger i heftet «Trondhjems borgerskap 1680-1730», den eneste navnet Trond i Trondheim på denne tiden. 1683: «Troen Peder? (s. 12), 1687: «Tron Pedersen med hans quinde, 3 børren» (s. 28, nr. 628), 1686: «Tron Pedersen» (s. 42) og 1699 (s. 44). På s. 50 samme sted har en «Thore Pedersen Nordfahr» tatt borgerskap 3/4 1695. En skulle vel helst tro at dette var feilskrevet for «Throen». Kanskje var Peder Trondsen, skredder i Trondheim hans sønn (skifte 12/9 1725), likeså kan Magdalena Trondsdatter ha vært en datter.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ole Øystein, Lars Steinar og Randi for nye innlegg frå desember, medan eg var bortreist.Eg har studert dei nye opplysningane, særleg det som gjeld borni til sokneprest Andreas Lind og kona Elisabeth, og vil gjerne peika på eit par problemstillingar:* Alexander (Andreasson) Lind skal vera fødd i Verdal 11.6.1764. Om han hadde mellomnamnet Ridder, må vel dette komma fram i kyrkjeboki for Verdalen? Kanskje du, Lars Steinar, har høve til å sjekka dette på Statsarkivet i Trondheim??* Når det gjeld Eline Lind, fødd 1757, død 1847, reknar eg med at ho døydde i Ørskog, og det ville vore interessant å få greie på den nøyaktige dødsdatoen hennar og likeins eventuelle andre opplysningar som måtte stå om ho i kyrkjeboki. Eg trur at Eline må vera identisk med den Ulrikke Lind som i 1801 budde i la med mor si på Kjos i Hafslo. Ho var ugift, og alderen passer svært godt! Kanskje heitte ho Eline Ulrikke eller Ulrikke Eline?Med omsyn til opphavet til Magdalena Trondsdotter Benkestok tykkjer eg at du Randi har gode argument, men det er likevel underleg me ikkje kan finna samband mellom Magdalena og Benkestokkætti elles!Nok ein gong, hjarteleg takk for god hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

''Ridder'' var sikkert ikkje noke mellomnamn, men ein tittel, dvs riddar av Danebrog. Eg meiner å ha sett mannen omtalt ''som Alexander Lind, Ridder'', og dette kan bygdebokskrivaren ha mistatt for eit namn.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ole Øystein Nybø

Det er desverre lite som står i KB for Ørskog då Eline Ulrikke døde.Det einaste som står der er: Jomfru Ulrike Lind død 06.02.1847, 90 år.mvh Ole Øystein

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Nermo

Kan den 'Anders Mortensen «Nordlandz Fahr»' som Henry Berg omtaler på s. 254 i boka «Trondheim før Cicignon» som far til Marite Andersdatter (innlegg 6) være den samme Anders Mortensen som var far til Karen Andersdatter (Tynn) Tisnes f. 1663, som arvet Arvet Holvigen i Namdal og Fosland, Aune, Sandvig etter sine foreldre, og var g. (1689) som 3. kone til Joen Stephansen Kiil (død Tr.h. 1689), handelsmann på Bentsjord i Troms ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Thomas Berg

Kyrkjeboka for Verdal viser at Alexander vart født 11.juni 1864 og utan noko mellomnamn. Som far står Stud...(kan ikkje lesa desse tre siste bokstavane) Andreas Lind. Mvh Thomas Berg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kurt Dahlstrøm

Der skal sikkert stå Studios :)Mvh Kurt

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.