Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Ole Øystein Nybø

[#17778] Isach Isachsen Falk (Bachsen) M&R

Recommended Posts

Gjest Ole Øystein Nybø

Isach Olaus Isachsen Falch var fødd i Ørskog på Sunnmøre 1753. Han gifta seg i 1775 med Birthe Christoffersd. Lindberg Rønning. som døde i 1788 på Skodje.Isach kalte seg for Bachsen då han gifta seg, og når dotra Massi blei døypt i 1777. Men ved andre høve kalte han seg Falch.Etter at kona døde finn eg ikkje Isach igjen. Men så ser eg at ein gullsmedsvenn Isak Isaksen Falk fekk reisepasse i Trondheim i 1797 til Romsdal, saman med kona Walborg Ane Maria Andersdr.Er det nokon som kjenner til denne siste Isaken og kan bekrefte eller avkrefte om dette er same karen?Ole Øystein

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Isak Falch var son av Isak Johansen Falch på Sjøholtstrand og Margrete Alexandersdatter, datter av den berømte fantefuten (og fanten) Alexander Pedersen.Isak kalte seg ikkje ''Bachsen'' (feilavskrift i den digitaliserte kirkeboka), men Bachen (Bakken)1777. Han budde då i Ålesund, i Ysteneset. Eg reknar med at det er samme mannen som dukkar opp som gullsmedsvein og gullsmed seinare, for svogeren hans, Christen Pedersen Lindberg (gift med Karen Margrete Isaksdt Falch), var også fuskar i gullsmedfaget. Ein Batuel (Lindberg) på Innvikholmen og fleire stadar var ellers også svoger til Isak Isaksen Falch (gift med Christiane Isaksdt). Han hadde også broren Ludvig Isaksen (Falch) med ei lang rekke etterkommarar, dei fleste fantar.Isak og Berte fikk 1777 datra Massi Ulrikke. Ho er nemnt 1804, i Ysteneset i Ålesund, då ho blei dømt for lausgjengeri; ho hadde då fått datra Marte Christoffa (fødd 1804) med ein Hans Caspar Olsen fra Sogn.Ysteneset i Ålesund kring 1800 var som ein liten fanteby, der etterkommarane etter Alexander, i mange greiner, dominerte. Bjarne Olsen i Ålesund har granska disse slektene svært grundig, men opplysningane er ikkje tilgjengelige på internett.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Iver Mosvold

Jeg faller for fristelsen til å spørre om noe helt annet: Kan noen si hvor dette Falch-navnet kommer fra ?Jeg stusser litt over navnkombinasjonen Isach/Falch som gir assosiasjoner til Tønsberg/Risør-Falckene. Eller: -Det kan vel ikke være en gren av den nordenfjeldske Falch-slekten ?? Selvsagt kan det også være et helt selvstendig slektsnavn fra Sunnmøre ! Jeg bare spør.Iver Mosvold

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ole Øystein Nybø

Takker for svar. Dette er nok den same Isaken som er f. i Ørskog, men heilt sikker er eg ikkje utan vidare. Skulle gjerne hatt meir bevis.Like intressant er kona Walborg Ane Maria Andersd f.ca. 1765. For eks. kvar ho kom frå, og om dei virkelig var gift.Det kan godt være ei tilfeldigheit, men eg har ei anna Walborg Andersd. som var gift i 1792 med Peter Christian Christensen Lindberg. Denne Walborg finn eg ikkje att. Peter Christian var son til Christen Petersen Lindberg (Fante Christen) og Karen Margrethe Isachsd. Falch.Om dette er den same Walborg, så hadde han teke over kona til ein som han var onkel til og det er vel ikkje truleg. Sjøl om det vart hevda at også andre i denne familien brukte å delte goderne mellom seg.Batuel Pedersen Lindberg greier eg ikkje å sette i samanheng med dei andre Lindbergane i distriktet, men han er ganske sikkert i slekt med Christen Pedersen.Namnet Falch dukka første gang opp her så vidt eg veit med far til Isach nemlig Isach Johansen Falch som døde i Ørskog 1753. Peder Fylling skriv om han at han var son til ein Jemtlending, og det er alt eg veit om han.Isach Johansen Falch gift 1734 med Margrete Alexandersd hadde ein plass i Kråa under Ørskog prestegard, der dei bodde til han døde i 1753.Men har nokon fleire opplysningar om Isach Olaus Isachsen og Walborg Ane Maria. For eks. om dei slo seg til i Molde.Ole Øystein

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×