Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#17930] Johannes Ingebrigtsen, drager i Bergen, d. 1794 - kvar vart det av borni hans?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Johannes Ingebrigtsen, døypt i Hafslo (Luster) 12.1.1744, gifte seg i Hafslo 22.10.1769 med Inger Paulsdotter, døypt i Hafslo 30.1.1746. Etter fleire år som plassfolk på Øyen under Mareim i Hafslo flytte dei kring 1782 til Bergen der Johannes livnærte seg som ''drager''. Men Inger vart gravlagd i Bergen alt 8.4.1785, medan Johannes vart funnen død i ein brønn og vart gravlagd i Bergen 23.9.1794. Diverre finst det ikkje skifte etter nokon av dei, og soleis har eg store problem med å finna att borni deira. Er nokon viljug til å hjelpa meg i denne utfordringi?* Peder Johannessen, døypt i Hafslo 5.9.1769* Anna Johannesdatter, døypt i Hafslo 16.11.1771* Ingebrigt Johannessen, døypt i Hafslo 25.5.1775, kan vera død kort etter fødsli sidan neste barnet kom berre halvtanna år seinare...* Solvi Johannesdatter, døypt i Hafslo 24.11.1776, KAN vera identisk med ei Solvie Johannesdatter som gifte seg i Domkyrkja i Bergen 21.10.1798 med Johannes Jacobsen (Steen), døypt i Bergen 30.9.1774 av foreldri, skomakarfrimeister eller matros Jacob Johannessen og kone Kirstine Walborg Farchau. Johannes er kalla både høker, skomakar og dagleiar, og i 1801 finn me han att som Johannes Steensen i 11. rode nr. 95. I 1804 er Johannes Steen skoflikkar i 11. rode. Eg har funne tre born etter Johannes og Solvie i Bergen:-- Jacob Johannessen, tvilling, fødd Bergen 10.2.1800-- Christine Caroline Jochumine Johannessen, tvilling, fødd Bergen 10.2.1800-- Johannes Johannessen, fødd Bergen 29.8.1801Tvillingane døydde kort etter fødsli, medan eg finn ein Johannes Steen, 14 år, som tenestegut i Bergen i 1815, men foreldri hans ser eg ikkje noko meir til etter 1804!* Anders Johannessen (1778-1779), fødd og død i Hafslo?* Johannes Johannessen, fødd i Hafslo kring 1782. Ein Johannes Johannessen, son av Johannes Ingebrigtson og fødd i Hafslo kring 1782, gifte seg i Sogndal 28.6.1838 med Martha Hansdotter Sohgndalsfjæren, døypt i Sogndal 23.11.1793. Denne Johannes var då husmann på ''Hofland'', rimelegvis Hovland på Kaupanger, men eg ser ikkje noko meir til dette paret! Eg er heller ikkje sikker på om Johannes høyrer til denne huslyden, for han er ikkje innført i kyrkjeboki for Hafslo, men det fanst ingen annan Johannes Ingebrigtson i Hafslo på den tidi som kunne vera far hans!* Bertha Johannesdatter, tvilling, fødd i Bergen 26.1.1785* Metta Johannesdatter, tvilling, fødd i Bergen 26.1.1785. Ei av desse tvillingane, Bertha eller Metta, vart gravlagd i Bergen 25.3.1785, 8 veker gamal, men det står ikkje kven av dei det var!Dette er alt eg veit om denne huslyden. No vonar eg at einkvan kan hjelpa meg med å finna dei att, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Svein Rindedal

1. Mon tro om ikke Johammes Ingebrigtsen gifter seg igjen i 1787dk med Anna Toresdtr 2. Har notert enda et barn av Johannes Ingebrigtsen og Sylvia Johannesdtr, nemlig Jokum Fredrik døpt 1804dk 3. Sylvia Johannesdtr gifter seg igjen i 1808dk med Ole Eriksen Holstad, så Johannes må være død mellom 04 og 08. 4. Ole Eriksen og Sylvia gjenfinnes i rode 11 nr.95 i folketellingen 1815.Eneste barn fra Sylvias 1.ekteskap som bor der, er nevnte Jokum Fredrik, foruten 2 barn fra ekteskapet med Ole E.Holstad

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til deg, Svein, for god innsats. Eg har studert opplysningane dine og er komen til same konklusjon som deg:* Ingen tvil om at det er ''vår'' Johannes Ingebrigtsen som i 1787 gifte seg att med Anna Toresdotter, kven no enn ho var..., likeins* Ingen tvil om at den Solvi ''Sylvia'' Johannesdotter som gifte seg med Ole Erikson Holstad, må vera identisk med ho som var gift med Johannes Steen.Solvi ''Sylvia'' må vera identisk med den Sølvi Eriksen som døydde på ''Søfarendes fattighuus'' i Årstad sokn, Bergen 14.1.1867, 92 år gamal. Og i FT Bergen 1865 finn me ho att på same adresse i 17. rode nr. 52: Sølvi Eriksen, enkje og ''stiftelseslem'' 87 år, fødd i VIK.Nærare undersøkingar i Sogn syner at Solvi/Sølvi/Sylvia Johannesdotter IKKJE kan vera fødd i Vik, men derimot er jo gardsnamnet Holstad i Vik, so kanskje andre mann hennar var derifrå...? Ikkje desto mindre vil eg tru at Solvi godt visste ho var frå Sogn, men ho hadde butt i Bergen sidan ho var sju eller åtte år gamal, og dei var vel ikkje so nøye på om det var Vik eller Hafslo...!?So spørst det, er det mogeleg å spora opp nokon av søskeni til Solvi? Og kva med Anna Toresdotter, andre kona til Johannes Ingebrigtsen?Nok ein gong, hjarteleg takk for god hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg vil gjerne få ''pussa litt støv'' av denne saki som framleis er eit stort problem for meg!Eg er enno på jakt etter fleire opplysningar om andre kona til Johannes Ingebrigtsen og likeins om dei eldste borni hans. Er det kanskje kome til nokre nye lesarar som har gode tips å komma med?Nok ein gong hjarteleg takk for alle god hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg vil i dag få bringa dette spørsmålet attende i ''fokus''.Eg er framleis på leiting etter opplysningar om lagnadane til borni etter Johannes Ingebrigtsen i Bergen, særleg Peder, Anna og ?Johannes.Og kven var denne Anna Thoresdotter, som Johannes gifte seg att med i 1787?Eg lever i voni og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Kan dette være Ingebrigt som tjener i Sogndal i 1801.Jeg vil ikke nødvendigvis tro at han døde liter fordi foreldrene fikk ett nytt barn 1 1/2 år senere.Historien er full av barnekull som har kommett ' tett som haggel' Lenke Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Rune for siste innlegg!Diverre, den Ingebrigt Johannesson som tente i Sogndal i 1801, vart døypt i Sogndal 14.1.1776 og hadde andre foreldre. So han er ikkje av ''mine'' folk!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.