Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#17948] Iver Christenson Aasen, f. Hafslo 1823, til Molde og Ålesund - huslyden hans?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Iver Christenson Aasen, fødd i Hafslo (Luster) 17.1.1823, reiste til sjøs, men gifte seg i Molde 25.11.1859 med Regine Bertine Knutsdotter Pettersen, fødd i Trondheim 3.10.1831. Iver Aasen var matros, og han og Regine budde nokre år i Molde, men flytte kring 1862 til Ålesund der me finn Iver att som bryggearbeidar. Eg veit ikkje kvar det sidan vart av Iver og Regine!Men eg har funne desse borni, som kanskje nytta IVERSEN som ættenamn, i alle fall gjorde ein av sønene det:* Carl Alfred Iversen, fødd i Molde hausten 1858 (eg har ikkje funne dåpen hans!?) - levde 1865* Laura Christine Iversen, fødd i Molde 18.12.1860 - levde 1865* Petter Oluf Iversen, fødd i Ålesund 16.8.1863 - levde 1865* Peder Christian Iversen, fødd i Ålesund 22.7.1866, døydde i Bergen 7.12.1925. Peder flytte i 1884 til Bergen der han 4.12.1894 gifte seg med Jensine Albertine Jensdotter Albrechtsen. Ho var fødd i Bergen 10.12.1860 og døydde i Bergen 15.6.1941. Peder var skomakar, og han og Sine budde i Bergen levetidi ut. Dei fekk tre born.* Anna Caroline Iversen, fødd i Ålesund 31.5.1869* Johan Magnus Iversen, fødd i Ålesund 13.2.1871So er det spørsmål om nokon kan hjelpa meg med å finna ut meir om lagnaden til Iver Aasen og borni hans? Eg har leita i ymse folketeljingar (det var slik eg fann Peder i Bergen!) og likeins i utvandringsprotokollar, men utan å finna noko meir. Truleg ligg det fleire svar i Ålesund...?Er det forrresten nokon som har høve til å sjå etter dåpen til eldste sonen i Molde, ville eg òg setja pris på det!På førehand hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Bryn

Kan det være at Iver og Regine døde i Ålesund en gang mellom 1871 og 1875? Jeg ser i alle fall av FT 1875 for Ålesund at Peder Christian Iversen (f. 1866 i Ålesund) bodde som pleiesønn hos 'søfarende' Anders Kobbevig, og at Laura Kristine Iversen (f. 1861 i Molde) var fattigunderstøttet og pasient ved sykehuset på tellingstidspunktet. Skjønt andre forklaringer er vel like sannsynlige. Resten av familien kunne jo kanskje være bosatt i en av nabokommunene?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Hanne Heen

Var innom biblioteket i dag og for kirkebøkene for Ålesund finner jeg ikke Iver og Regine hverken blant utflyttere eller blant døde i perioden 1871-1877. Fant fødselen som du hadde på siste barnet født i Ålesund, men ikke noe mer om foreldrene.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Bryn

Det ser vel ut til at Berit har rett. Den Laura Kristine Iversen jeg fant som pasient på sykehuset finnes her: [url="http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=f71501&variabel=0&postnr=4545&fulle=true&spraak=n>Lenke Det kan selvsagt være den samme jenta for oppholdet på sykehuset er ført som midlertidig.Og da tar jeg i samme slengen med lenke til det jeg formoder er broren Peder Christian Iversen:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Berit Knudsen

Vil jo tro at Regine døde en tid mellom 1871-76 (jeg vet ikke når på året FT 1875/76 ble holdt). Det er jo 2 fornavn hun kan være reg. under og 3 forskjellige etternavn. Så her bør man vel se etter navnet på ektefellen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Hanne, Knut og Berit for fleire interessante innlegg. Smått om senn vil kanskje ogso denne ''floka'' finna ei løysing?* Altso må, som du Berit òg seier, Regine vera avlidi mellom 1871 og 1875, rimelegvis i Ålesund!* Eg mistenker ogso dotteri Anna Caroline for å vera avlidi i Ålesund, kanskje alt i 1869 eller tidleg i 1870?Men framleis sit me att med spørsmålet om kvar det vart av dei andre etter 1875. Kanskje dei alle døydde i Ålesund, i alle fall faren Iver? Likevel er det underleg at ingen av sønene finst i 1900-teljingi, bortsett ifrå Peder Christian, som hamna i Bergen.Eg vonar på nye avsløringar og takkar so mykje for all god hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg ønskjer i kveld å henta fram att dette temaet frå 2003 som framleis er svært so mangelfullt...Eg vil gjerne først få syna fram ein oppdatert versjon der mellom anna dei nye detaljerte databasane for Ålesund har vore saumfarne. Dette manuskriptet erstattar soleis dei tidlegare innleggi ovanfor:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Iver Christenson {Aasen}, f. i Hafslo 17.1.1823, reiste til sjøs i ung alder, men gifte seg i Molde 25.11.1859 med Regine Bertine Knutsdotter Pettersen frå Trondheim. Ho var dotter av korporal og skulelærar Knut Pettersen i Trondheim, opphavleg frå ein plass under Syltebøen i Erisfjorden, Nesset, og kona Anna Marie Knutsdatter frå Dalen under Magerøy i Hemne og f. i Trondheim 3.10.1831. Iver Aasen var matros, og han og Regine budde nokre år i Molde, men flytte kring 1862 til Ålesund der me finn Iver att som bryggearbeidar og sidan som fløtmann. Regine d. i Ålesund 15.1.1874, medan Iver¤¤¤¤¤ (lagnad etter 1875? – ikkje avliden i Ålesund fram til 1903!)Dei fekk fem born i lag, men Regine hadde òg to søner frå før:a. Edvard Reinert Edvardsen, son av Regine og bakarsvein Edvard Eick(?), var f. i Trondheim 12.2.1852,¤¤¤¤¤ (lagnad? - truleg d. som barn!)b. Karl Alfred Nilsen, son av Regine og matros Nils Thorkildsen, f. i Molde 15.10.1857,¤¤¤¤¤ (nemnd 1865 som Aasen – konfirmert i Ålesund som Nilsen i 1872 – lagnaden hans?)c. Laura Christine Iversdotter Aasen, f. i Molde 18.12.1860,¤¤¤¤¤ (nemnd 1865 og 1875, då mellombels på sjukehus i Ålesund – konfirmert i Ålesund 1876 – lagnaden hennar?)d. Petter Oluf Iverson Aasen, f. i Ålesund 16.8.1863,¤¤¤¤¤ (nemnd 1865 og 1875 – konfirmert i Ålesund 1878 – lagnaden hans?)e. Peder Christian Iversen, f. i Ålesund 22.7.1866, d. i Bergen 7.12.1925. Peder flytte i 1884 til Bergen der han 4.12.1894 gifte seg med Jensine Albertine, kjend som Sine Jensdotter Albrechtsen. Ho var f. i Bergen 10.12.1860 og d. i Bergen 15.6.1941. Peder var skomakar, og han og Sine budde i Bergen levetidi ut. Dei fekk tre born i lag.f. Anna Caroline Iversdotter Aasen, f. i Ålesund 31.5.1869, d.i Ålesund 10.2.1870.g. Johan Magnus Nicolai Iverson Aasen, f. i Ålesund 13.2.1871,¤¤¤¤¤ (n. 1875 – ikkje konfirmert i Ålesund - lagnaden hans?)~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Det ser ut til at heile denne huslyden flyttar frå Ålesund tidleg i 1880-åri; berre sonen Peder Christian finn me att i Bergen, men han vart (jmf. FT 1875) oppalen som fosterson i ein annan familie i Ålesund og hadde truleg liten eller ingen kontakt med søskeni eller far sin(?). Eg har sett igjennom fadrane til borni etter Peder Christian i Nykyrkja i Bergen, men der er det berre framande namn!Ein heil huslyd med far og tre born, Laura, Petter og Johan, og steson Karl, kan då vel ikkje berre ''forsvinna'' slik utan vidare?Men eg står ''bom fast'' og vonar at andre auge ser betre enn mine? Kanskje har eg oversett noko?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.