Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#17984] Johanna Salvesdotter i Askvoll/Hyllestad, f. 1816? - frå Hafslo eller kvar ifrå?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Folketeljingi 1865 for garden Sagousen i Øen sokn, Hyllestad syner denne huslyden:~~~~~~~~~~Østen Klauss. Husf Forpagter g 43 m Askevolds Prgj.Sønneve Klausd. hans Kone g 62 k Askevolds Prgj.Sørn Peders. Tjenestekarl g 68 m Askevolds Prgj.Johane Salvesd. hans Kone g 50 k Havsloe Prgj.Janikke Sørnsd. Tjenestepige ug 18 k Askevolds Prgj.Kristine Sørnsd. Tjenestepige ug 15 k Askevolds Prgj.~~~~~~~~~~Gjennom FamilySearch finn eg at Søren Pederson og Johanna Salvesdotter gifte seg i Askvoll 30.10.1847, og dei to døtrene deira var:* Janikke Sørensdotter, fødd i Askvoll 4.10.1848* Christine Sørensdotter, fødd i Askvoll 21.8.1851I 1851 heiter mori Larsdotter, elles er nytta Salvesdotter.Databasen over dødsfall i Sogn syner at Johanna Salvesdotter døydde på Porten i Hyllestad 5.12.1895, 83 år gamal. Men fødestaden er ikkje oppgjeven i databasen...Problemet er at Salve ikkje finst som personnamn i Sogn på den tidi. Og ikkje heller finn eg nokon Sølfestsdotter eller liknande som kan høva til denne Johanna, so kven var ho??Er det nokon som kan hjelpa meg med fleire opplysningar om Johanna Salvesdotter? Kva er til dømes sagt om fødestaden hennar ved vigsli?Hjarteleg takk på førehand for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Berit Knudsen

Jeg synes denne er mistenkelig lik det du spør om Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk, Berit! Det er ikkje tvil om at du har funne rette paret, men eg er like uviss på kva som er sanningi!Ved vigsli står det altso at Johanna var fødd i BERGEN, men kyrkjebøkene for Bergen har ikkje noki Johanna Salvesdotter fødd kring 1815/1816! So, kven var ho? Kanskje ho var fødd i eitt av prestegjeldi utanfor Bergen?Eg sender spørsmålet vidare og vonar på ei oppklaring! Kanskje 1875-teljingi? Eller bygdeboki for Hyllestad?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk, Elin! Eg har studert ''lenkene'' dine og må seia meg samd i at denne dotteri av Sivert Salvesen høgst sannsynleg må vera same jenta som gifte seg i Hyllestad. Eg hadde forventa at kanskje mori hadde tilknytting til Hafslo, men dette ser ut til å vera heilt framande folk!Soleis har denne ''floka'' funne ei løysing, men det hadde jo likevel vore interessant å sjå kva bygdeboki for Hyllestad har å fortelja...!?Nok ein gong, hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Hei Lars,Du har vel løyst denne allereie.Bygdebok for Hyllestad, Sagosen. Her står det:Johannes Salvesdotter frå Hafslo, bst Bergen, f. 1815 i Hafslo, d. 1895 i Porten.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Johanne Salvesdotter skal det vere!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.