Gå til innhold
Arkivverket

[#18013] Hans Knutson på Tippen i Eid (Nordfjord) 1701 - kven var kona hans?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Manntalet for 1701 for Eid i Nordfjord syner på garden Tippen mellom anna:~~~~~~~~~~Hans Knudsen, oppsitjar, 31 årOlle Hansen, son hans, 2 år~~~~~~~~~~Ein yngre son var Knut Hansson, som flytte til Bergen og vart opphav til Norenberg-ætti i Sogn.Jakob Aaland nemner i bygdeboki si for Eid ikkje noko namn på kona til Hans Knutson, og trass i mykje leiting har eg ikkje lukkast i å finna det ut. No vonar eg at einkvan av Brukarforumet sine lesarar kan ha vore borti denne huslyden og kanskje kan gje meg eit svar?Eg takkar på førehand so mykje for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 år senere...
Gjest Odd Brede

Har ikke svar på hvem som er kona til Hans Knudsen, men jeg har en Anne Hansdatter Tippen født 1713 i Eid i anerekken min.Anne Hansdatter Tippen ble gift 3.1.1734 i Eid med Ingebrigt Johannessen Øverli født ca. 1702.Er denne Anne Hansdatter datter av Hans Knudsen Tippen?Odd Brede

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Tja, Odd Brede, det kan jo sjå ut som Anna er ei yngre søster av Knut Hansson (Norenberg), som er min ane, men diverre har eg ikkje studert kjeldene grundig nok til å kunna gje deg eit svar. Har du forresten oversikt over BORNI etter Anna og Ingebrigt? Kanskje me kan finna eit oppkallingsmønster?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Odd Brede

Jeg kjenner 3 barn: Erich døpt 17.4.1729 - Ole døpt 10.4.1736 og Brithe (min ane) døpt 15.3.1741 - gift 1. med Jacob Klausen Bjørkedal (Volda) 24.7.1770 - gift 2. med Jon Åmund Gulliksen Ulvestad (Volda) i 1778.Det finnes også noen barn døpt i Eid av Ingebrikt Hojeli - bl.a. Hans 13.7.1747, men jeg vet ikke om Øverli (Lid) og Hojeli er samme sted.Odd Brede

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 år senere...
Gjest Lars E. Øyane

Eit anna gamalt tema som eg i dag ønskjer å henta fram att frå mørkni, er dette spørsmålet om ætti på Tippen i Eid, Nordfjord kring 1700. Eg veit ikkje om Odd Brede eller andre har gjort framskritt i dette området dei seinare åri?Kanskje har me ein eller fleire ekspertar på Nordfjord?Eg takkar so mykje nok ein gong for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Bergesen

Da skiftene for Eid i tidsrommet 1716-1727 og 1734-1744 er tapt og dette ekteparet dør i dette tidsrommet, vil vi nok aldri få svar hvem hun var. Rune

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Det går føre seg mykje lesing av gamle skifte frå Nordfjord for tida, og mi erfaring er at ein kan få uventa opplysningar frå skifte som i fyrste omgang ser uvedkomande ut, så eg vil ikkje vere like kategorisk som Rune. Sidan eg ikkje har greidd å starte Embla på mi nye maskin enno (Runtime error 374, og så eit eller anna om Visual Basic og så vidare) kan eg ikkje svare deg pr no på om eg har funne noko om desse.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Rune og Aase for interessante innlegg!Eg har gjort liknande erfaringar som det Aase nemner; kanskje finst det opplysningar i andre skifte som får brikkene til å falla på plass. Andre gonger kan det vera tingsaker som hjelper oss... Det er von i hangande snøre.., men lokal innsikt er som regel heilt naudsynt for å greie slike saker...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gunnar Sigdestad

Hei Lars!Eg er litt nyfiken på korleis kan du kan knyte/dokumentere 'Knut Hanson, som flytte til Bergen og vart opphav til Norenberg-ætti i Sogn' som son til Hans Knutsen Tippa i Eid?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Heisan Gunnar!Du saknar prov for sambandet mellom Knut Hansson Tippen og Norenberg-ætti. Først vil eg syna deg den første vigsli til Knut Hansson Tippen i Nordfjord i 1730 med Britha Isaacsdotter Lemmichen: LenkeDette parfolket flytte til Bergen, og som enkjemann gifte Knut seg att med Gjertrud Andersdotter Sundby (sjå tema #10241 - til dømes innlegg #6).Eg har ein teori om korleis Nordberg (Norenberg) namnet kan ha oppstått i Bergen hjå denne ætti: Knut kom frå ''nord for Bergen'' og kan ha forenkla namnet til Nordberg. Det er først neste generasjon som skriv Norenberg (eller til dels Nornberg)!Eg vonar denne forklaringi er OK?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...
Gjest Lars E. Øyane

Eg har på ny lese Aase sitt innlegg #7 ovanfor, og eg må seia eg set mi von til at opphavet til denne ætti etter kvart vil dukka opp dersom skifti og tingbøker vert studerte i detalj.Og om nokon finn noko, so vonar eg å få vita om det... Knut Hansson Nordberg/Norenberg frå Tippen har MANGE etterkomarar som ventar spent!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Werner Pedersen

Hei Lars, Godt Nyttår. Takk skal du ha for ditt innspill - meget nyttig for meg. Jeg føler vel at mitt engasjement i dabatten (83588) ble noe på siden av problemstillingene der. Min kone er etterkommer av Knud Hansen Norenberg og 2. kona Gjertrud Andersdatter (Sundby). Setter Sundby-navnet i parantes fordi eneste plass jeg ser dette er i Sollids skiftesamling, har ikke funnet hvorfor det navnet dukket opp der?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hei Werner og Godt År til deg òg!Eg ser du nemner Gjertrud Andersdotter med Sundby i parentes. Eg har eit tema #10241 (Lenke) som gjeld ho spesielt. Du kan jo studera på det... Kanskje har du noko å bidra med?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Pål W. Martinussen

Jeg er også etterkommer etter Knud og Gjertrud gjennom datteren Birthe som ble gift men Johan/Jan Baade. Sønnen Petter Andreas kom ukonfirmert til Bø i Vesterålen og fikk stor etterslekt der.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Werner Pedersen

Hei Lars og Pål. Jeg har så langt skummet gjennom #10241 - interessant. Min kone er også etterkommer av Knud og Giertrud/Johan Baade og Birthe og Peter Andreas Baade. Her er vi jo mange i felles båt. Jeg er nylig begynt å jobbe med Knud og Giertrud, deb. #83588/her/og 10241 gir mange tråder å jobbe med. Det burde være mulig å 'grave' fram saker og ting?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.