Gå til innhold
Arkivverket

[#18037] Adelus på Joranger i Hafslo i 1620-åri - kven var ho? - av Benkestok-ætt?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Frå 1620 til 1623 finn me i skattelistene for Hafslo i Sogn to store skattytarar opplista i lag med klamme ikring, Adelus på Joranger og Halvor på Fedt.Er det nokon som konkret veit kven desse var og særleg Adelus? I mangel av grundige ''analysar'' av desse stormannsættene frå seinmellomalderen er det lett for ein bygdebokskrivarar å ''tabba'' seg ut! Eg vil tru at Adelus på eitt eller anna vis må høyra til Benkestok-ætti, men, som sagt, eg veit ikkje...Alle gode tips er hjarteleg velkomne!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest arne kvitrud

Jeg tror ikke du vil finne noen kilde som sier nøyaktig hvem Adelis var.Hun var nok ei enke siden hun opptrer alene i skattelista. Den naturlige veien videre er vel å prøve å finne ektefellen. Det kan være at du finner ham ved å se på skattelistene like før 1620, og finne ut hvem Adelis erstatter i brukerlista på Jordanger. Du kan så se på om vedkommende eide jord i 1617, og så prøve å spore opp hvor jordegodset i såfall kom fra.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jo Rune Ugulen

Eg er samd med Arne i at det neppe er mogleg å finna nøyaktig kven ho var, dersom det då ikkje skulle dukka opp brevmateriale som seier noko om det. Eg skjønar rett noko ikkje kvifor Arne normaliserer til Adelis, ettersom ho konsekvent er skriven Adelus i skattelistene. Det eg har om desse to (Adelus på Jørongo og Halvor på Fet, NB berre fram til 1626) følgjer nedanfor:Adelus på Jørongo (Haf 3-4) i Marifjøra. 1620-21 (LR 31.3): tiendeskatt Adeludtz [Jordannger]. 1620 (LR 31.5): landskatt Adelutz Jordanger. 1621 (LR 33.6): landskatt Adelutz Jordannger (ho, saman med unge Arnfinn Fet, gjev ½ dalar meir i landskatt enn det som var vanleg); drengeskatt Adelutz Jordanngers Ellendt. 1623 (LR 36.6): landskatt (Arnfinn på Fet og Adelus på Jørongo betalar ½ dalar meir enn vanleg i landskatt); drengeskatt Adeludtzs Jordangers EllingHalvor på Fet (Haf 19) i Marifjøra. 1622-23 (LR 34.4): sakefall Bord paa Lij haffuer mißtagen ett nøed fra Halffuord Fidt... 1623 (LR 36.6): landskatt; skatt av jordegods (½ laup smør i Loven i Utland 3 meler korn). 1624 (LR 38.3): landskatt Halffuord Fiedt; skatt av jordegods (3 meler korn i Låe; 4 meler korn i Queremb paa sinn hustrues och hendis børns wegne). 1625 (LR 40.1): landskatt; skatt av jordegods (Halduord Fidt eiger 3 meler korn i Låe; paa sinn hustrues vegnne 4 meler korn i Queremb). 1626-27 (LR 41.4): leidang. 1626 pinse (LR 42.3): landskatt; skatt av jordegods (Halduord Fitt eiger 3 meler korn i Låe i Utland; 4 meler korn i Queremb). 1626 jul (LR 43.2): landskatt; skatt av jordegods (Hallduord Fitt eiger 3 meler korn i Låe; 4 meler korn i Queremb)Halvor må ha vorte gift med enkja etter lensmannen gamle Arnfinn på Fet, som i 1620 er ført med 0,5 laup smør i øydegarden Queremb. I 1631 har han initialane H L i seglet sitt, slik at ein kan jo gissa på at far hans har vore ein Lars eller Lasse (statistisk dei mest sannsynlege namna).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jo Rune Ugulen

Litt meir kring Halvor på Fet. Eit problem(?) er jo dessutan at det finst frå 1624 ein Halvor Larsson (patronym etter Laberg) på Mæleim, og i tida 1621-23/24 ein Halvor Larsson på Jørongo. Dette er vel helst same mann, men om det er den same Halvor som er på Fet er vel meir tvilsamt. Laberg reknar elles med at Halvor Larsson på Mæleim opphavleg kom frå Veo, og om det er rett er det lite truleg at han er identisk med den 20 år gamle Halvor Opplending som i 1615 er sagt å vera fosterson til Ingrid på Mæleim (enkja etter Mons same stad). Den vel einaste måten å finna noko meir om ætta til Halvor på Fet, er å sjå om det er råd å spora dei 3 mælene med korn han eig i Låe i Aurland. Dette godset er i 1624 sagt å vera hans eige odelsgods.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.