Gå til innhold
Arkivverket

[#18150] Hillebrandt


Gjest Elias Solsvik
 Del

Recommended Posts

Gjest Elias Solsvik

Hillebrandt er også skrive Hyllebrandt, Hildebrand osv. Elen Christine Hillebrandt født ca 1767 gifta seg 23/6 1792 med skippar Marthinus Vahl Tygesøn Helt i huset i Nykirken sogn, Bergen. Men kor kom ho frå? Kven var foreldra? Var ho utlending? I siste del av 1750 åra budde det ein familie med etternamnet Hillebrant i Nykirken sogn, Bergen. Christian Ernst Hillebrant og Sara Cathrine Colbeinsdotter vart gift i Nykirken 31/8 1755.Dei fekk borna: 1. Christian Ernst døypt 9/11 1755 N.K. 2 Kolbein døypt 29/7 1757 N. K. 3. Cecilia Margrethe døypt 10/6 1759 4. Christina døypt 13/1 1761 Ein Peter Hyllebrandt forekjem i Innrulleringssjefen i Bergen, matrosrulle for 1800, innrullert 14. oktober, og engasjert som underkonstabel i 1799 for 4 år.Desse personane er dei einaste med slektsnamnet Hillebrandt eg har funne i kjeldene etter lang tids gransking. Desse personane er ikkje i slekt med Elen Chistine. Er det andre som har fleire Hillebrandt frå Bergen blandt sine anar, tek eg gjerne mot respons på det.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Per B. Lilje

Til innlegg 3: I forbindelse med dataregistreringen av FT1801 ble det gjort en feil, alle etternavn som som sluttet på 'dt' ble automatisk gjort om til 'dtr'! Dette var sikkert for å standardisere forskjellige forkortelser for -datter, men dermed ble alle etternavn som virkelig slutter på -dt skrevet -dtr. Det har vært diskutert her før. (Se f.eks. de som heter Brandtr, Huitfeldtr etc..)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Eg ser det. Men søk på døypte i Bergen osv, fars etternamn inneheld ''Hel'' og så fars førenamn børjar på ''Mart'', så finn du barneflokken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Elias Solsvik

Bjørn Johnson Dale, innlegg (4) Marthinus Vahl Helt og Elen Kristine Hyllebrand/Hildebrandt sitt første barn heitte Janicke Schultz og var fødd 5. mai 1793. Ho var sannsynlegvis oppattkalla etter tanta si Janiche Schult. Marthinus budde hos onkel og tante Lars Olsen Helt og Janiche fødd Schult sidan før konfirmasjonen sidan begge foreldra var døde. Foreldra til Marthinus Vahl Tygesøn Helt heitte Tyge Olsøn Helt (døydde berre 32 år gammal i 1761 og var matros av yrke)og Mouritze Edvardsdtr Vahl døydde høsten 1770 eller våren 1771. Dette framgår av Nykirken sin kommunikantprotokoll og av kyrkjebøker.Dei andre borna til Marthinus og Elen Kristine var: Maren Kirstine fødd 22. april 1794, tvillingane Lars Helt og Petter Hyllebrant fødd 13. mai 1795, Marthinus Wahl fødd 20. mars 1802.Eg lurer på kor du har funne ut at Ellen Kristine Hyllebrandt/Hillebrandt/Hildebrandt sine foreldre heitte Maren Kirstine og Petter Hyllebrandt. Linken du foreslår fungerar ikkje.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.