Gå til innhold
Arkivverket

[#18152] Herman Johannesson (1803-1862) - frå Hafslo til Brunes i Steigen -huslyden hans?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Hermund ''Herman'' Johannesson, døypt i Hafslo 7.4.1803, flytte i 1837 til Steigen i Nordland der han 17.7.1842 gifte seg med Kari ''Karen'' Johannesdotter, døypt i Hafslo 25.1.1818 og flytt til Steigen i 1841. Herman og Karen slo seg ned som husmannsfolk på Opskarvold under garden Brunes der Herman døydde 14.10.1862. Karen døydde same staden 13.12.1885. Opplysningane om dette paret er gode, men det er svært so lite eg veit om dei fire (kjende) borni deira:* Severina Marie Hermansen, fødd i Steigen 23.7.1843, budde på Brunes i Steigen både i 1865 og i 1875, men var i 1900 budeie hjå lensmann Aksel Kjelsberg på Fauske i Skjerstad, ugift – seinare lagnad ukjend...* Johan Hermansen, fødd i Steigen 2.7.1846, budde på Brunes i Steigen i 1865, men eg finn han ikkje korkje i 1875 eller 1900...* Karen Anna Hermansen, fødd i Steigen 13.10.1849, budde på Brunes i Steigen både i 1865, 1875 og i 1900, då som ugift tenestejente - seinare lagnad ukjend...* Peder Hermansen, fødd i Steigen 19.5.1853, døydde i Steigen 17.9.1869.Det kan ha vore fleire born, men eg veit ikkje noko om dei.So er spørsmålet; finst det nokon som kan hjelpa meg skaffa fleire opplysningar om desse borni til Herman og Karen i Steigen? Ei bygdebok?På førehand hjarteleg takk for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Hallo Lars. Jeg tror det er din Johan Hermansen jeg har funnet gift i Bergen.Fødselsdatoen er oppgitt til 20.07.1846 og fødested Stegen. Lenke Mvh. Rune Thorstensen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Maren Tobia Bergesen ble født på Meling i Rennesøy,Rogaland 13.03.1852 og døpt 04.04.1852.Foreldrene var Berge Bergesen og Ragnhild Jacobsdtr.De giftet seg i Rennesøy 17.05.1842.Disse opplysningene er hentet fra FamilySearch IGI. Mvh. Rune T.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

En Maren Tobie Bergesen giftet seg borgerlig i Bergen i 1892 med Jon Gudjonson.Det står ikke noe om hun var enke, men kanskje du kan få Yngve Nedrebø til å sjekke brudens far og status ved ekteskapet.Her er i alle fall lenken til ekteskapet. Lenke Jeg har ikke funnet at Johan og Maren fikk barn i Bergen.Jeg finner dem ikke i 1891 tellingen for Bergen , og heller ikke i 1900 tellingen. Mvh. Rune T.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Kanskje Lars har noen komentarer til innleggene.Jeg har forøvrig også lett i emigrasjonslistene uten å finne Johan eller Maren der.Finner dem heller ikke blant døde i Bergen.Dersom det er rett mann som giftet seg i Bergen , burde han finnes i sjømannsregisterne. Mvh. Rune Thorstensen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Kan dette være din Johan i Bergen i 1875.Fødselsåret er feil , men han er matros og kommer fra Brunæs,Tromsø? Lenke Han forsørger en Marie(Maren) Bergesen fra Vidingsø i Stavanger. Mvh. Rune T.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk, Rune, for fleire interessante innlegg om Johan Hermansen. Eg har studert innleggi dine, og det kan ikkje vera mykje tvil om at du har funne rett person.Men kvar vart det eigentleg av Johan Hermansen? Sjømannsrullene for Bergen for den perioden ligg ikkje ute på Digitalarkivet, men det er vel ikkje utruleg at han kan vera avliden som matros ein eller annan stad(?)...Like sikkert er det at kona (enkja?) hans gifte seg att med Jon Gudjonsson, som etter namnet å døma må ha vore islending. Dei borgarlege vigslene i Bergen har ingen opplysningar om foreldre, men her er kva eg finn i 1900-teljingi for Skolegaden 5 i Stavanger:~~~~~~~~~~Maren Gudjonsen hm e Hanlende Colonial 1856 Rænnesø StaKonstanse Gudjonsen d ug 1890 Bergen~~~~~~~~~~Når me ser på tidspunktet for fødsli til dotteri Konstanse (som ikkje er innført mellom fødde i Bergen!), kan me forstå at andre ekteskapet til mori var borgarleg... So det treng ikkje å tyda at Johan og Maren vart skilde, slik ein først kunne tru...Men ein underleg huslyd er no dette i alle fall. Er det mogeleg å finna ut meir om dei og særleg om lagnaden til Johan Hermansen?Nok ein gong, hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Hallo Lars. Ja du kan ha rett i at at det er en underlig sak.Jeg kan heller ikke finne Hr.Gudjonson død i Bergen.Ville ikke en Borgerlig vielse vise om bruden var enke? Kanskje det forelå en skifteattest.Med litt vellvillighet (som er ganske vanlig)kunne kanskje SAB sjekke sjømannsrullene , for å se etter Johan der. Og hvor ble Konstanse Gudjonson født?.Som du sier er hun ikke registrert født i Bergen , i alle fall ikke i det materialet som ligger her på DA.Det er rart hvordan svar skaper stadig nye spørsmål.Jeg skal være på utkikk etter dem. Mvh. Rune T.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.