Gå til innhold
Arkivverket

[#18181] Søskeni T(h)orstensen frå Luster til Bergen og so kvar? - kanskje Ås i Akershus?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

T(h)orsten Findson Sørum (1771-1849) og kona Anna Sjursdotter (1777-1849) flytte kring 1813 frå Sørheim i Luster til Bergen der dei båe døydde berre med nokre dagar imellom i koleraåret 1849. Dei fekk seks born i lag; fem av dei levde i 1849, men, som det heiter i dødsmeldingi etter T(h)orsten: ''tre av dei i Bergen''! Men kven var det som flytte frå Bergen, og kvar flytte dei?? Her følgjer kva eg so langt har funne ut:* Peder T(h)orstensen, døypt i Luster 30.9.1804, ikkje attfunnen!* Gjertrud T(h)orstensen, døypt i Luster 24.11.1805, gifte seg i Bergen 30.10.1842 men enkjemannen Styrk ''Størk'' Knudsen, fødd på Haugland ytre i Os og døypt i Os 17.3.1787. Han var styrmann og jekteskipper og døydde i Bergen 5.2.1857. Gjertud levde att som enkje, men dødsdatoen hennar er førebels ukjend. Dei fekk tre døtrer i lag.* Frantz T(h)orstensen, døypt i Luster 10.1.1808, ikkje attfunnen, MED MINDRE han er identisk med den Frantz Thorstensen som gifte seg i Trøgstad 21.10.1829 med Anna Dorthea Christensdotter. Dette paret finn me i 1865 busette som plassfolk på Haugen under Østensjø søndre i ÅS, og Frantz var fødd i 1808. Rett nok oppgjev FT1865 Trøgstad som fødestad, men den einaste Frantz T(h)orstensen fødd mellom 1803 og 1813 hjå FamilySearch er ''vår'' Frantz fødd i Luster 1808!! Me kan jo ikkje alltid stola på FT1865... FamilySearch syner forresten ti born fødde i Trøgstad av Frantz og Anna, og mellom dei eldste var ei dotter Anna Sophie... Kanskje einkvan kan sjekka ut denne vigsli i Trøgstad i 1829??* Siri T(h)orstensen, døypt i Luster 2.4.1809, ikkje attfunni!* Torborg T(h)orstensen, døypt i Luster 17.11.1811, døydde i Bergen 23.4.1814.* Sivert T(h)orstensen, fødd i Bergen 22.2.1819, døydde i Bergen 18.9.1893. Han gifte seg i Bergen 24.4.1848 med Nicoline Petronelle Nilsdotter Nilsen, fødd i Bergen 26.4.1825 og døydde i Bergen 20.5.1915. Sivert tok 15.3.1842 borgarskap i Bergen som bøkkermeister, og han og Nicoline vart buande i Bergen levetidi ut. Dei fekk ti born i lag.Gjertrud og Sivert var altso to av dei tre borni som i 1849 var busette i Bergen, men me veit som nemnt ikkje kven den tredje var, og ikkje veit me kven dei to bortflytte var eller kvar det vart av dei. Men, eg har god von av Frantz T(h)orstensen på Ås kan vera den eine.Eg takkar på førehand for alle opplysningar som kan fylla ''hòli'' i denne biografien og vonar på hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

God morgen Lars.Jeg vil bare gjøre deg oppmerksom på at en Franz Thorstensen giftet seg 22.10.1829 med Anne Hansdtr. i Ringebu , Oppland.De fikk barn Hans , Christen, Torger og Sidsel i følge FamilySearch IGI. Mvh. en som ikke er beslektet. Rune Thorstensen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Ein Peder Tostensen døyr i Bergen 27.10. 1850 og vert gravlagd 01.11 (Domkirken). Han er bryggar av yrke. Kan dette vera den Peder'n som Lars etterlyser?'Jægtefører' og 'søfarende' Størk Knutson ytre Haugland (1787 - 1857) var son av gardbrukar og fiskar Knut Eilevson Haugland, f. på Hauge i Kvinnherad (1755 - 1814) og Barbro Arnesdtr. ytre Haugland (1751 - 1796). Bror til Størk, Arne Knutson (1790 - 1850) overtok farsgarden. Han òg hadde eiga jakt og dreiv sterkt med fiske, det same gjeld dei to søstersønene deira i Os; Peder Thomasson ytre Haugland og Anders Thomasson Lunde. Ein brorson av Størk Knutson, Størk Arneson; var sjømann og mogleg mannskap på jakta hans?Eg finn ekkja etter Størk, Gjertrud att i FT 1865 for Bergen, då er ho på 'søfarendes fattighus', ikkje heilt urimeleg for ekkja etter ein skippar? Og eg finn henne død same staden i 1873, den 18. februar, gravlagd 24. februar 1873, Årstad sokn. Alderen hennar er då rett nok oppgjeve til 74, som er feil (ho er jo fødd i november 1805); men elles stemmer det.Av dei tre døtrene deira, døyr den eine; Anne Catharine Knudsen, alt den 17. juli 1848, gravlagd 25. juli 1848 (Nykirken). Ho var elles fødd 20. febr 1845. Men søstrene; Barbro Susanne ; f. 20. januar 1843 og Anne Cathrine, f. 25. nov 1849; lever begge opp. Huslyden 'Stork Knudsen' heldt til i Knøsesmuget 7 på den tida.I FT 1865 er Knudsen-søstrene ugifte og flytta frå Bergen:Barbro Knudsen, 22 år, er då tjenestepige hjå gjestgjevar Von Der Ohe på 'Nøjsomheden' i Fana, medan søstra Anne C. er i teneste hjå Tørris Hansen på 'Kaarthvet' i Manger. (Eg finn berre éi Anna Knutsen, 18 år, f. i Bergen i denne folketeljinga; så eg er difor overtydd om dette er den rette jenta).Begge gifter seg (etter det eg kan finna)- Barbro den 19. november 1874 i Domkirken i Bergen med ein svenske; 'garversvend Nils Magnus Hagmann, f. 0808 1842 i Sverige. Kona Barbara Susanne, f. Knutsen er oppgjeven fødd 2001 1843, mao. same dama.Kvar dei tek vegen etter giftarmålet anar eg ikkje.Anne Cathrine Knudsen gifte seg i Nykirken den 04. mai 1884 med 'hattemagersvend' Arnt Martin Johnsen, f. 1852 i Bergen. Anne C. er 'pige' og er då oppgjeve å vera fødd i 1850, men ho er jo døypt 30. des 1849 - altså nesten 1850.Eit nærare ettersyn vil kanskje gje svar på kvar Barbro og mannen held til då (kven var til dømes forlovarane til Anne C.?). Eg veit ikkje kvar det blir av desse folka. Men det er det kan hende andre som veit?Far deira, Størk Knudsen; var gift to gonger før vigsla med Gjertrud den 30. oktober 1842 i Nykirken.Første gongen var 26. september 1830 med 'enke Elisabeth Sophie Schønfeldt', 51 år, 6 mnd gml. Elisabeth døyr 02. mai 1832 (53 1/2 gml.)av 'pløris' (pleuritt?). Ho blir gravlagd 08. mai 1832. Størk er då 'styrmand'. Ingen born.Så gifte han seg att 19. mai 1833 i KK med 'pige' Bergitte Sophie Bergesen (frå Bergen ??). Størk er då 'søfarende'. Dette ekteskapet tek slutt 16. august 1841, då døyr Bergitte av 'nærvefeber', 48 år gml. Ho blir gravlagd 11. august 1841 i NK.Eit barn i dette giftarmålet; Elizabeth Sophie, f. 24. januar 1834, døypt 24. februar 1834 i NK.Ho gifte seg i NK den 28. februar 1858 med matros Knut Hansen, f. 1828 i Sandvik i Samnanger sokn, Os prestegjeld. Paret får fleire born. Knut Hansen (Sandvik) d. 10. mars 1884 i Bergen.Kva tid Elisabeth Hansen, f. Knutsen døyr, veit eg ikkje, for dt har eg ikkje sett etter. Men det er i alle høve etter 1900, for då er ho i Bergen.Ved siste giftarmålet er elles Størk sitt yrke 'skipper'.Og dét var det frå mi side.Terje

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Eg kan òg nemna at 'søfarende' Størk Knudsen sin dødsårsak i 1857 er 'brystsyge'.Om dottera frå 2.ekteskapet, Elisabeth Sophie, og mannen hennar, Knud Hansen (Sandvik) frå Samnanger; kan eg leggja til at huslyden held til i Baneveien i Bergen i FT 1865, men at dei bur i Komediebakken i FT 1875. Knut har opphald i 'Nordsøen' i 1875, medan kona og dotra Bergitte har fast grunn under føtene sine.Ei Elisabeth Hansen døyr i Bergen den 26. januar 1913, adresse ukjend, ei anna Elisabeth Hansen vandrar ut or folkeregisteret den 06. mars 1919, kan ei av dei vera Elisabeth Sophie f. Knudsen?? (sjå 'Døde i Bergen 1912 - 1972').Elles vil eg tru at mogelege opplysingar om Barbro Susanne og Anne Cathrine kan finnast i skiftet etter mor deira, Gjertrud Thorsteinsdtr., (sjølvsagt under føresetnad av at eit slikt skifte finst, då).Mvh., Terje

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Kanskje av interesse å vite at far til Knud Hansen var Hans Hanson Sandvik (1800-1860) og Seselia Knutsdtr Sævell (1807-1872).mvh Kjellaug

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Rune, Terje og Kjellaug for interessante innlegg om denne huslyden.Når det gjeld Frantz T(h)orstensen, ser eg i ettertid at ein Frantz Torstensen var fødd i Trøgstad i 1802... Kanskje alderen i 1865 er feil? Den Frantz Torstensen som gifte seg i Ringebu, er vel kanskje identisk med den Frantz Torstensen som var fødd i Øyer i 1801? Eg veit ikkje...!Peder Torstensen bryggar, som døydde i Bergen i 1850, var vel litt i eldste laget, men me kan jo ikkje alltid stola på alderen i kyrkjebøkene... Kanskje dødsmeldingi hans kan fortelja oss noko...? Elles lyt me òg vera merksame på den Peder Torstensen kopparsmedsvein som i 1838 fekk ei ''uekte'' dotter døypt i Domkyrkja. Kvan var han?Elles er det jo rikeleg med opplysningar om Gjertrud og huslyden hennar, som eg treng litt meir tid til å studera!Nok ein gong, hjarteleg takk for fine opplysningar!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Retting til innlegg #3 i denne tråden:Det er berre tull at Anne Cathrine Knudsen, dotter av Størk Knudsen og Gjertrud Torsteinsdtr., var tenestejente i Manger i FT for 1865. Eg tok diverre feil av henne og ei anna Anna, alderen er òg feil.Då er det langt meir truleg at den 16-årige Anne Cathrine er den jenta som då er 'tjenestepige' hjå huslyden til 'handskemager' Peder Mørk Lodtz i Bergen. Dette er då i Mathias Gulbrandsen sin bygard, sjå her (FT 1900 fro Bergen):13346 3 1 Peder Mørk Lodtz husfader, handskemager g 37 m Bergen13347 4 Chirsten Conelia Lodtz*, f. Wulff hans kone g 31 f Bergen13348 5 Mathias Bertel Lodtz søn u H Bergen13349 6 Johanne Fredrike Lodtz datter u 10 f Bergen13350 7 Petra Constanse Lodtz datter u 6 f Bergen13351 8 Christofa Louise Lodtz datter u 1 f Bergen13352 9 Anna Katrine Knudsen tjenestepige u 16 f Bergen ----------------------- Elles er det mogeleg at same dama (Anne Cathrine/Katroine) er den som ein finn her i FT 1900 for Hosanger, på garden Eidsnæs:2776 1 Anna Knudsdtr Eidsnæs k b Hm e Underst. af Fattigvæsenet 1848 Bergen n s2777 Martin Knudsen Eidsnæs m b S ug Underst. af Fattigvæsenet 1884 t n s2778 Johan Knudsen Eidsnæs m f Antagelig Rusland S ug Sømand 1879 t nDenne ekkja Anna Knudsdtr ovanfor kan sjølvsagt vera ei heilt anna dame òg. Men alderen på dei to sønene hennar høver ikkje så gale med det faktum at Anne C. Knudsen gift seg med Arnt Olai Johnsen 04. mai 1884. I alle høve er ho éi av truleg fleire kandidatar.-th-

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Retting til innlegg #7 i denne tråden:Når eg viser til huslyden Peter Mørk Lodtz i 1900-folketeljinga for Bergen så meiner naturlegvis same huslyden i 1865-folketeljinga.Fingrane skriv gjerne det dei vil når hjernen ikkje er skikkeleg tilkopla, evt. når hjernen ikkje gidd tenkja (eller noko slikt).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Vedkomande Barbro Susanne Knudsen (dvs. dotter til Gjertrud Torsteinsdtr. og Størk Knudsen ytre Haugland), så har eg litt meir om ho og mannen; garvarsveinen Nils Magnus Hagmann frå Sverige:I FT 1875 finn me huslyden Hagmann att på Storhaugen i Ålesund:2685 21 1 Nils Magnus Hagmann m hf g Garversvend 1842 Arnø?? S. og Kalmar Læn. Sverige b2686 22 Barbara Susane Hagmann k hans Kone g 1843 Bergen b2687 23 Nils Gerhard Hagmann m deres Søn 1873 Bergen b2688 24 Gerda Christine Hagmann k deres Datter 1875 Ålesund bSom me ser har paret då to born. Nils Magnus Hagmann ser ut til å vera fødd i i Kalmar län.Mvh., Terje

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Til innlegg 6:Eg kan ikkje finna att den kobbarsveinen Peder Torstensen som Lars nemner seinare. Kanskje det berre var ein som var på gjennomreise i Bergen?Men om Peder Torsteinson var bryggar eller dreiv eit heilt anna handverk, så hadde han truleg løyst handelsbrev (borgarskap) i Bergen. Kanskje ein kan søkja informasjon i slike register?Til innlegg 10: Eit oppslag om denne familien i kyrkjebøkene i Ålesund kan sikkert fortelja mykje.Terje

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
Gjest Terje Hatvik

Berre for å presisera:Eg finn ikkje att huslyden til Barbro Susanne & Nils Magnus Hagmann i FT for 1900, korkje i Ålesund eller andre stader. Kvar dei er (om dei då lever) etter 1875, er såleis uvisst. Dei er heller ikkje å finna i FamilySearch sine kjelder.Godt Nyttår og lukke til!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.