Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Guest Lars E. Øyane

[#18236] Paul Lasseson Bakke (1804-1866), jekteskipper og los - kvar vart det av borni??

Recommended Posts

Guest Lars E. Øyane

Paul Lasseson Bakke, fødd på husmannsplassen Bakken under Fet i Hafslo og døypt i Hafslo 16.9.1804, flytte i 1820-åri til Askvoll der han 2.7.1826 gifte seg med Martha Albertine Olsdotter frå Grytøyri i Askvoll. Ho var av omstreifarætt (sjå tema #16888) og fødd i Bergen 17.5.1803. Etter kort tid på Grytøyri i Askvoll flytte Paul og Martha til Bergen der Paul i mange år livnærte seg som jekteskipper, men sidan vart los. Paul døydde i Bergen 14.10.1866, medan Martha Bakke døydde same staden 28.12.1870. Eg kjenner til seks born, men er ikkje sikker på om eg har funne alle...:* Johan Petter Paulsen, fødd i Hyllestad 23.8.1826, gifte seg i Bergen 5.4.1857 med Johanne Christine Nicolausdotter Meyer, fødd i Bergen 2.10.1838. Johan var styrmann, og han og Johanne budde i Bergen til kring 1870, men ser ut til å vera farne frå byen utan at eg har funne ut kvar dei fór. Seks born var fødde i Bergen.* Lars Olai Paulsen, fødd i Bergen 12.2.1832, døydde i Bergen 25.4.1913. Lars gifte seg i Bergen 26.10.1856 med Anne Cathrine Severine Eriksen, fødd i Bergen kring 1833. Dødsfallet hennar er ukjent. Lars var matros, og han og Anne budde i Bergen levetidi ut. Dei fekk minst fire born.* Hille Margrethe, kjend som Margrethe Paulsdotter Bakke, fødd i Bergen 10.5.1834, døydde i Bergen 23.4.1889. Margrethe gifte seg i Bergen 9.6.1851 med Andreas Olai Johannessen, fødd i Bergen kring 1828. Han døydde i Bergen 16.9.1900. Andreas var hattemakarsvein og sidan hattemakarmeister i Bergen der han og Margrethe budde levetidi ut. Eg veit ikkje om born etter dei.* Jacobine Marie Paulsdotter Bakke, fødd i Bergen 9.4.1838, døydde i Bergen 1.1.1907. Jacobine gifte seg i Bergen 21.2.1864 med Reinholdt August Johanson Jacobsen, fødd i Bergen 20.1.1835. Han døydde i Bergen 10.4.1927. Reinholdt Jacobsen var kopparsmedmeister, og han og Jacobine budde i Bergen levetidi ut. Dei fekk ni born.* Caroline Albertine Paulsdotter Bakke, fødd i Bergen 3.3.1842, gifte seg i Bergen 19.6.1864 med Sivert Andreas Tjærandson Sjursen, fødd i Bergen 25.12.1837. Sivert var skipper, og han og Caroline budde nokre år i Bergen, men flytte derifrå kring 1868, uvisst kvar! To born fødde i Bergen.* Peter Martin Paulson Bakke, fødd i Bergen 12.1.1846, levde i 1865, men den seinare lagnaden hans er ukjend.Er det nokon der ute som kan hjelpa meg med å finna fleire opplysningar om denne huslyden? Eg er særleg oppteken av å finna lagnaden til sønene Johan og Peter og dotteri Caroline. Og dersom Paul og Martha hadde fleire born, ville det vera av stor interesse!Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Jan Frode Johansen

Hei. Hille margrethe og Andreas Olai Johannesen fikk 1 sønn: Johan Bernard f.16.09.1851 i Bergen. Seilmakerdreng i 1865. Videre uvisst. Jeg har store deler av etterslekten til Lars Olai Paulsen. Er det noe du vil vite da skal du få det! Lenkemvh Jan Frode Johansen

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til deg, Jan Frode, for interessant svar!Når det gjeld Lars Olai Paulsen, so treng eg desse detaljane:* Fødselsdatoen til Anna Cathrine Severine Eriksen?* Namn på foreldri til Anna Cathrine Severine Eriksen?* Dødsdatoen (og dødsstaden) til Anna Cathrine Severine Eriksen Paulsen?* Talet på born fødde av foreldre Lars Olai Paulsen og Anna Cathrine Severine f. Eriksen?* Kan du stadfesta at Lars Olai og Anna Cathrine Severine alltid budde i Bergen?Du har vel ikkje opplysningar om nokon av dei andre søskeni i denne huslyden som vart borte frå Bergen, Johan, Peter og Caroline?Elles har du kanskje alt funne det ut på eigi hand, men foreldri til Paul Lasseson var husmann Lasse Iverson i Bakken under Fedt (1762-1826) og kona Christi Torbjørnsdotter (1767-1827).Nok ein gong takk for god hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Elin Skibenes

Trur eg har klart å finna to av borna til Johan. Den eine dottera,Alvine som døypt:[url="http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=doep1816&variabel=0&postnr=75464&fulle=true&spraak=n>Lenke. Her som gift:Lenke. Og her i folket. 1900: LenkeDen eine sonen,Thorvald.( Trur eg.)Her i folket. i Bergen 1891:Lenke Og dette er kanskje same karen:

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Elin Skibenes

Undrar på om ikkje dette er kona til Johan som gifter seg for andre gong i 1878?:LenkeHar ikkje klart å finna Johan som død. Men ettersom han var styrmann, kan han vel kanskje ha døydd på reis.Undrar forresten på om ikkje Thorvald bur hjå mora og stefaren i 1891-teljinga. I so fall er Johanne blitt til Hanne.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Jan Frode Johansen

Lars Olai Paulsen og Anne Cathrine Severine Eriksen bodde alltid i Bergen. Hennes fødselsdato var 20.02.1833 døpt i Domkirken i Bergen. Foreldre: Anders Erichsen Rolland og Johanne Nielsdatter. Rolland er også noen steder skrevet Rødland og Røland. Se også denne Lenkemvh Jan Frode Johansen

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Elin Skibenes

Det ser det ut til at Caroline budde i Bergen heile livet. Av dei 2 borna, sonen Paul Theodor og dottera Sigvarda Albertine, er det berre Paul som veks opp. [url="http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=1301begr&variabel=0&postnr=39473&fulle=true&spraak=n>LenkeSom du ser av lenka, er Sivert då avliden. Eg har ikkje vore i stand til å finna hans begravelse. Kanskje han omkom på sjøen?Caroline gifter seg oppatt i 1880: LenkeOg her ho i folket. 1891: Lenke, og 1900:

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Jan Frode Johansen

* Johan Petter Paulsen og Johanne Christine Nicolausdatter fikk følgende barn:Johan Malfred Ergodt f.1857 d.1861Alvine Christliebe Natalie f.1859 g.m Peder Olai Knudsen HavnenHanne Pauline f.1862 d.1871Magdalene Teresia f.1864 d.1871Thorvald Immanuel f.1867 d.1935 g.m FanziskaHilma Ovidia f.1869 d.1870Jeg er svært intressert dersom noen kan bidra med flere opplysninger om etterslekt etter Paul Lassesen Bakke.mvh Jan Frode Johansen

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Jan Frode Johansen
Lenkemvh Jan Frode Johansen

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Jan Frode Johansen

Som Lars E. Øyane er jeg intressert i denne familiens etterslekt og ønsker opplysninger om dette om noen kan hjelpe. mvh Jan Frode Johansen

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Først av alt vil eg seia meg lei for at eg ikkje før har sendt ein stor takk til Elin og Jan Frode for supplerande og svært interessante opplysningar om denne huslyden. Då eg skreiv siste innlegget mitt under dette tema 18.11.2003, stod eg på reisefot til Frankrike og Austerrike, og eg kom ikkje heimatt før to dagar før julafta! Og då hadde eg andre ting i tankane...Eg er særleg takksam for at du Elin har funne att både enkja etter Johan Petter med ny ektemann og Caroline Albertine med ny ektemann. Båe damene og mennene deira budde framleis i Bergen i 1912; eg ser at Samuel Andersen døydde i Bergen 7.8.1914, men eg vil senda inn spørsmål til Arkivforumet for å få hjelp til å stadfesta dødsfalli til dei andre...!Eg har elles oppdaga at hattemakar Andreas Olai Johannessen var son av Johannes Andersson Hauge frå Hafslo. Andreas og kona hans fekk visstnok berre ein son.Etter dette ser det ut til at det meste av denne slekti er funne, men eg saknar framleis opplysningar om yngste sonen:* Peter Martin Paulsen Bakke, fødd i Bergen 12.1.1846. Han levde i 1865, men kvar i all verdi vart det av han? Kanskje han fór til Amerika??Nok ein gong hjarteleg takk for hjelpi med denne huslyden!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg vil gjerne få blåsa litt støv av denne saki der fleire detaljar framleis står uløyste, særleg desse:* Johan Petter Paulsen (Bakke), fødd i Hyllestad 23.8.1826, budde i Bergen som styrmann, men skal vera avliden kring 1870. Han er ikkje innført i kyrkjebøkene i Bergen, men som styrmann døydde han kanskje ein annan stad?* Caroline Albertine Bakke's første ektemann, Sivert Andreas (Tjærandson) Sjursen, fødd 25.12.1837, budde i Bergen som skipper, men skal òg vera avliden kring 1868/1870. Han er ikkje innført i kyrkjebøkene i Bergen, som som skipper døydde kanskje ogso han ein annan stad?* Endeleg er det lagnaden til den yngste sonen, Peter Martin Paulsen Bakke, fødd i Bergen 12.1.1846, som framleis er eit ''mysterium''. Kan han vera faren til Amerika??Eg vonar at einkvan vil dra kjensel på desse namni og kan bidra med supplerande opplysningar...Eg takkar nok ein gong for god hjelp med denne huslyden so langt!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Ettersom manuskriptet for denne delen av Gards- og Ættesoga for Luster snart skal leverast til prenting, gjer eg eit siste framstøt med dei tre spørsmåli frå innlegg #12, med von om at det kan vera komne til nye lesarar, som sit med nokre av svari...Hjarteleg takk for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.