Gå til innhold
Arkivverket

[#18590] Ola Jonsson Fyrde (1709-1764) og Lisbeth Olsdotter, Volda


Gjest Odd Brede
 Del

Recommended Posts

Gjest Odd Brede

Ola Jonsson Fyrde (1709-1764) ble i 1739 gift med Lisbeth Olsdatter (død 1767?). Noen sier at hun kom fra Langvatn i Volda - andre sier Sunndal i Volda. Hvem er forfedrene hennes ? Mvh. Odd Brede

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest sol høydalsvik Ulvestad

Eg las sp. ditt - men det er ikkje så godt å få tid til slektsforskinga og - i julestrida. Eg har notert i 'Voldasoga', under Førde at ho var fødd Langvatn, kvar eg har det ifrå huskar eg ikkje. Men under Sunndalen er ho oppført som Langvatn. Eg trur at ektefellene til Brit og Ola er syskjen. Ifrå 'Erkegarden' på Langvatn. I 'Voldasoge' er nemnde 4 barn (iflg. skiftet), men der var truleg fleire - då det er langt hopp imellom nr 2 og 3. Namna på barna til Brit og Ola stemmer også bra overeins. Brit og Erik er mine aner+ mange andre i dette området. Får eg E.postadr. di, så kan vi diskutere dette der. Ha ein god kveld!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Geirr Alén Rasmussen

Hei! Til innlegg nr 3: Sol skriv: 'Eg trur at ektefellene til Brit og Ola er syskjen. Ifrå 'Erkegarden' på Langvatn. I 'Voldasoge' er nemnde 4 barn (iflg. skiftet), men der var truleg fleire - då det er langt hopp imellom nr 2 og 3.'Eg følgjer resonnementet. Men kjenner du til anna materiale enn det som er presentert i Voldasoga, og som kan underbygga dette synet ?mvh Geirr Alén

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar S. Ertesvåg

Det kan godt vere at Ola Erikson Langvatn hadde fleire born enn dei fire som er nemnde s. 465 i Voldasoga b.2. Men dersom dei levde, eller hadde etterkomarar som levde, ved skiftet etter Ola, skulle dei ha teke arv etter honom. Det kan naturlegvis tenkjast at Lisbet stend i protokollen, men har falle ut i notata til sogeskrivaren. Det kan ein finne ut av ved å sjå etter (eller vente til det kjem ny Voldasoge om eit års(?) tid.). Men det vi har her tyder først og fremst på at Lisbet ikkje høyrer til denne barneflokken.Sol H. skriv at 'Namna på barna til Brit og Ola stemmer også bra overeins.' Ola og Lisbet (på Sunndal, b3 s.46) hadde Ola, Jon, Marte, Mette, Ola (2), Jakob, Kari, Anne Brit og Erik (på Langvatn, b2 s.475) hadde Ola, Magdalena, Johanne, Ivar, Jon Det som stemmer er altså Ola (som var namnet på kvar 7. gut i Volda på denne tida) og Jon (kvar 10.) Om namn i Volda, sjå LenkeDet er sant å seie ikkje så lett å vite kvar forfattaren har Langvatn-namnet på Lisbet frå, eller året for gifte, 1739. Kyrkjeboka byrjar i 1741. Det kan tenkjast det er frå ein eller annan av dei mange gamle familienotata som finst i Volda. Elles er det fleire Ola-er på Langvatn i høveleg alder, som det ikkje er nemnt noko skifte for.Ivar

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.