Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Harald Jarl Runde

[#18774] BOARKRIGEN - Nok ein gong

Recommended Posts

Gjest Harald Jarl Runde

I debatt 4016 - Norske soldater i Boerkrigen - er det nemnde eit par tre, mann som eg ville gjerne vite noko meir om. Ref innlegg 8): Johannes Dahlen, Larsnes død 11.12.99 - Charl Knutsen, Aalesund fanga 27.02.00 og Johannes Olsen, Aalesund såra og fanga 11.12.99. Er det nokon som kjenner til desse tre? Alt. andre sunnmøringar?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Martin Aarskog

Johannes Knutson Dalen født 12 juli 1873 av foreldre Knut Andreas Johannesson Dalen 8/9 1836 - 21/10 1922 og (gift 1863) Karen Olsdtr. Lillerovde 28/7 1838 - 8/7 1908.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Erik Døving

Eg har høyrt at Ludvik Krohn, onkel av bestemora mi, frå Dalsbygda (Dale) i Norddal deltok som sivil i boerkrigen. Dette kan eg sjekke dersom av interesse.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald Jarl Runde

Ja, eg er interessert i ev. alle sunnmøringar. Helsing HJR

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Erik Døving

Karl Ludvik (Ludvig) Krohn (fødd 12.aug 1873) frå Dalsbygda i Norddal kommune var smed i Boerkrigen (eg reknar med at han deltok på britisk side, om enn som sivil). Han reiset til Afrika for å finne seg arbeid (det var faktisk også nokre frå Valldal som utvandra og busette seg i det som no er Zimbabwe, der etterkommarane fortsatt bur). Attest frå presten då han skulle reise: 'Han skal en av de første dage udvandre til Transvaal i Afrika, hvorfor han i dag er indskreven i herværende kirkebog som udvandret' Datert 31.marts 1895 (altså var han 22 år gammal). Signert av Kr. Hemstad, sogneprest til Norddalen. Utskrivinga av attesten kosta 53 øre, betalt kontant. Karl Ludvik kom seinare heimatt, gifte seg og busette seg i Ålesund.Kanskje har etterkommarane hans meir å fortelje om det han opplevde i Sør-Afrika, t.d. om han trefte andre sunnmøringar?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald Jarl Runde

Takk for det. Merkeleg at han deltok på britisk side om han utvandra til Transvaal, men det kunne no vere at han tenkte å verve seg -. Men du skriv ikkje noko om ætta hans, kan han vere den Charl Knutsen Aalesund som vart fanga 27.02.00.?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Erik Døving

Eg veit faktisk ikkje om Karl Ludvik Krohn deltok på britisk side, eg berre gjekk ut frå det. Men eg tvilar på at han skreiv seg for Charl Knutsen Aalesund, han brukte helst Ludvik som fornamn og faren heitte Ivar (Iver), medan gardsnamnet er Dale. Eg har heller ikkje høyrt at han vart fanga (han var smed og deltok neppe i fremste linje).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald Jarl Runde

Vi får spørsmåla stå uløyste så langt -. Helsing HJR

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×