Gå til innhold
Arkivverket

[#18841] Nils Jensson (1793) og (Anna) Cathrina Pedersd (1800) til Florø 1864 - lagnad?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Nils Jensson (Walager), døypt i Hafslo 26.12.1793, gifte seg i Hafslo 5.6.1821 med (Anna) Cathrina Pedersdotter frå Offerdalen i Årdal, men døypt i Sogndal 30.3.1800. Nils og Cathrina var mange år plassfolk under Valaker i Solvorn, Hafslo, men flytte kring 1864 til Florø der to av døtrene deira budde på den tidi:* Margretha Nilsdotter, fødd i Hafslo 21.11.1837, gift i Florø 3.5.1863 med Mikkel Nilsson, fødd i Finnås (Bømlo) 9.8.1838. Han var ei tid bakar i Florø, men flytte med Margretha i 1869 til Haugesund og i 1871 vidare til Christiania (Oslo) der Mikkel var dampskipsformann i 1875. Seinare lagnad ukjend! To born er nemnde:a) Bertina Anna Cathrine Mikkelsdotter, fødd i Florø 17.8.1863b) Nikolai Emanuel Mikkelson, fødd i Florø 29.5.1867* (Anna) Cathrina Nilsdotter, fødd i Hafslo 20.7.1844, gift i Florø 18.6.1866 med Helge Helgeson Hjørnevik, fødd på Evanger, Voss 28.5.1835. Helge var handelsborgar i Florø der han og Cathrina vart buande levetidi ut. Dei fekk åtte born.Av dei andre borni etter Nils og Cathrina var ein son Jens busett på Hitra (huslyden hans vert teken opp til drøfting i eit anna tema), medan dei andre utvandra til Amerika i 1850-åri.Eg har ei fråsegn som seier at Nils Jensson framleis budde i Florø i 1874, men eg har so langt ikkje funne noko dødsfall korkje for han eller for kona Cathrina Pedersdotter.Kan nokon hjelpa meg finna lagnaden til Nils og Cathrina og eventuelt ogso til dotteri Margretha og mannen hennar, ville det vore kjempeflott!På førehand, hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Elin for innlegg.Spørsmålet om lagnaden til Mikkel og kona Margretha vart teke oppatt i tema #20924 og er delvis løyst. Margretha døydde i Albert Lea, MN 9.10.1884, og Mikkel gifte seg att i Albert Lea, MN 29.4.1885 med ei Johanna M. P. K. Haugen og fekk ogso fire born med ho, men døydde sjølv mellom 1895 og 1900, anten i Winnebago Co., IA eller i Albert Lea, MN. Eg er framleis på leiting etter etterkomarane til Mikkel og Margretha, og no er ogso opphavet til andre kona Johanna vorte eit ''mysterium''. Dette spørsmålet vert teke opp i eit eige tema...Elles har eg fått greie på at Nils Jensson døydde som enkjemann i Florø 17.2.1881, men lagnaden til Anna Cathrine Pedersdotter er framleis ukjend. Ho må vera avlidi mellom 1865 og 1881, truleg i Florø!? Kanskje ein eller annan har vore borti dette namnet?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.