Gå til innhold
Arkivverket

[#18842] Jens Nilsson, f. Hafslo 1823 - gardbrukar Aunet på Hitra - lagnad til huslyden?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Jens Nilsson, fødd i Hafslo 27.4.1823, flytte i 1845 til Hitra der han 23.9.1852 gifte seg med Lina Larsdotter, fødd på Hammerstad på Hitra 8.4.1832 av foreldre frå Fræna. Jens og Lina vart gardbrukarar på Aunet på Hitra der dei framleis budde i 1900. Dei fekk seks born i lag: a. Ingeborg Jensdotter, fødd på Hitra 21.6.1853, gifte seg i Dolm på Hitra 27.12.1875 med Erik Erikson frå Oternes i Hevne, fødd kring 1851. Lagnad ukjend.b. Anna Cathrine Jensdotter, fødd på Hitra 22.12.1854, gifte seg i Fillan på Hitra 15.11.1877 med Ole Knutson, f. på Hammerstad på Hitra 12.6.1856. Lagnad ukjend.c. Lena Jensine Jensdotter, fødd på Hitra 23.10.1860, vart konfirmert i Fillan sokn 1877 der det er skrive ''attest 1895'', men lagnaden er elles ukjend.d. Lars Jensson, fødd på Hitra 8.11.1863, budde 1900 som gardbrukar og fiskar på Aunet på Hitra, enkjemann, men lagnaden eller ukjend.e. Synneva Dorthea Jensdotter, fødd på Hitra 27.7.1866, lagnad ukjend.f. Edvard Alfred, kjend som Alfred Jensson, fødd på Hitra 3.10.1874, budde 1900 som gardbrukar og fiskar på Aunet på Hitra, ugift, seinare lagnad ukjend.Det er soleis ikkje so mykje eg veit om denne huslyden, so no vonar eg at det finst ei bygdebok eller lokalkjende folk frå Hitra som kan hjelpa meg med fleire opplysningar, både om foreldri Jens og Lina, og om borni deira?Eg takkar hjarteleg på førehand og lever i voni...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Sigbjørn Sandsmark

Forsøk en mail med spørsmålet til Kystmuseet på Hitra,de holder til i utkanten av Filland sentrum. Adresse: kystmuseet@online.no

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Eva Røvik

I følge Norges bebyggelse, herredsbindet for Sør-Trøndelag, nordre del (første gang utgitt på 1950-t) var da Alfred Aunet f. 4/10-74 (foreldre Lina og Jens A.) eier av gården Ytre Aunet. Det oppgis at han ble gift med Hanna Jakobsen, men at hun døde i 1914. De fikk barna Hermann f.1904, Sverre f.1908 og Hans f.1910. På samme side i boka finnes Sverre Aune som eier av Aunvang. Han ble gift med Julitta VAssdal f.1913. Der nevnes også barna deres. Jeg kjenner forøvrig to av dem og de bor ikke langt unna! Håper du kommer litt videre nå.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sigbjørn, Rune og Eva for storveges informasjon om huslyden til Jens og Lina Aunet. Eg trur eg vil venta med brev til Kystmuseet; derimot er eg svært interessert i å komma i kontakt med etterkomarar etter Alfred Aunet i samband med bygdebokarbeidet for Luster kommune, so om du, Eva, kunne bidra med namn og eventuelt telefonnummer til barn av Sverre og Julitta, som du seier du kjenner, ville eg setja stor pris på det! Du kan gjerne sende dette til meg direkte på:loya@online.noNok ein gong hjartleg takk for framifrå hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane, bygdebokskrivar

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Eva Røvik

Hei igjen! Bare hyggelig å kunne bidra litt. Nå har jeg sendt deg mail direkte med navn og tlf.nr til et av disse barna. Jeg har både det nevnte bindet i Norges bebyggelse og bind 1 og 2 av bygdebok for Hitra, om du skulle komme til å trenge flere opplysninger derfra. I så fall har du jo nå e-postadressen min.Vennlig hilsen Eva Røvik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 6 år senere...
Gjest Lars E. Øyane

Denne huslyden har lege i ro alt for lenge, men etter at no mange av kyrkjebøkene for Hitra er skanna, so har eg funne svar på mange av spørsmåli mine, og eg har lyst til å syna kva eg no veit om denne huslyden, samstundes som dei opne spørsmåli mine er særskilt avmerkte inne i teksten (ved teiknet ¤¤¤¤¤). Kanskje finst det no bygdebøker for Hitra som kan gje svar på ein del av dei spørsmåli som framleis står att?~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Jens Nilsson, f. i Hafslo 27.4.1823, flytte i 1845 til Hitra der han 23.9.1852 gifte seg med Lina Larsdotter frå Hammerstad på Hitra, f. på Hitra 8.4.1832. Jens og Lina vart gardbrukarar på Aunet på Hitra der dei budde levetidi ut. Jens d. som kårmann på Aunet 19.10.1922, medan Lina d. som enkje same staden¤¤¤¤¤ (dødsdatoen hennar?)1928. Dei fekk seks born i lag:a. Ingeborg Jensdotter, f. på Hitra 21.6.1853, d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – på Averøya ved Kristiansund – e. 1900)Ingeborg gifte seg første gongen i Dolm på Hitra 27.12.1875 med Erik Erikson frå Otternes i Hemne, f. i Hemne 3.4.1851. Ingeborg og Erik var husmannsfolk på ein plass¤¤¤¤¤ (kva heitte plassen?)under Aunet i Dolm på Hitra der Erik d. 20.4.1892. Ingeborg gifte seg att i Dolm på Hitra 12.11.1896 med enkjemannen Jacob Hansson, opphavleg frå Naustbakken under Hovland i Årdal, men oppvaksen på Bystingen, den gongen ein husmannsplass under Barman på Hitra. Han var f. i Årdal 22.12.1839 og d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1900!)Jacob var fiskar og vart gardbrukar og sjølveigar på Bystingen på Hitra. Ingeborg fekk i alt¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer?? – inkl.:* Edvard Julius Erikson, f. indb. Aunet, Hitra 29.9.1876 – døypt Fillan kyrkje!* Handine Eriksdotter, f. Hitra 1887 – n. 1900* Emma Eriksdotter, f. Hitra 1891 – n. 1900* Konstance Jacobsdotter, f. Hitra 1897 – n. 1900)b. Anna Cathrine Jensdotter, f. på Hitra 22.12.1854, d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1900)Anna gifte seg i Fillan på Hitra 15.11.1877 med Ole Knutson Eide, f. på Hammerstad på Hitra 12.6.1856. Han d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1900)Ole Eide var fiskar og han og Anna var gardbrukarar på Eide i Fillan, Hitra.¤¤¤¤¤ (budde der i 1900! – kalla Eide 1877!)¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – inkl.:* Ludvik Eide, f. i Fillan 1878 – n. 1900* Ingeborg Eide, f. i Fillan 1884 – n. 1900* Olav Eide, f. i Fillan 1890 – n. 1900* Aksel Eide, f. i Fillan 1892 – n. 1900* Johan Eide, f. i Fillan 1896 – n. 1900)c. Lena Jensine Jensdotter, f. på Hitra 23.10.1860, d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1900!)Lena gifte seg¤¤¤¤¤ (dato og stad for vigsli hennar? – Trondheim kring 1895?)med Andreas Johannesson Husbye frå Husby i Stjørna, Bjugn, f. i Statsbygd 7.8.1857. Han d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1900!)Andreas Husbye var tømmermann, og han og Lena budde i Trondheim.¤¤¤¤¤ (budde 1900 i Thomas Angellsgate 5 i Trondheim – sidan??)¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – ingen nemnde i 1900!!)d. Lars Jensson, f. på Hitra 8.11.1863, d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans?)Han gifte seg første gongen i Dolm på Hitra 31.1.1893 med Eline Jensine, kjend som Jensine Christophersdotter frå Knutshaug på Hitra, f. på Hitra 3.2.1873. Ho d. som gardbrukarkone på Aunet 16.4.1900, og Lars gifte seg att i Dolm på Hitra 22.5.1903 med Gusta Eline Gabrielsdotter frå Grønskag på Frøya, f. på Frøya 18.12.1879. Ho d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)Lars Jensson var fiskar og dessutan gardbrukar på Aunet på Hitra. Han fekk i alt sju born, som alle var frå andre ekteskapet.¤¤¤¤¤ (sjekka at talet på born stemmer?)e. Synneva Dorthea Jensdotter, f. på Hitra 27.7.1866,¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar?? - eg finn ho ikkje konfirmert - døydde ho som barn?)f. Edvard Alfred, kjend som Alfred Jensson, f. på Hitra 3.10.1874, d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans?)1956. Alfred Aunet gifte seg i Dolm, Hitra 1.9.1901 med Hanna Kristine Hansdotter frå Hammeren på Frøya, f. på Frøya 16.6.1883. Ho d. som gardbrukarkone på Aunet 4.12.1914. Alfred Aunet var fiskar, og han og Hanna var gardbrukarar på Aunet ytre på Hitra. Dei fekk seks born i lag.~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Eg takkar igjen for alle gode tips i samband med denne huslyden!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.