Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

[#19116] Brita Nilsdtr Vorland, f. 1817, d. 1899, Bømlo

Recommended Posts

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Jeg har dessverre ikke bygdebok III fra Bømlo og det ser ut for at det er den som dekker Vorland.I FT 1801 finner jeg en Helge Endresen Vorland med to sønner som heter Nils (en 18 og en 25) LenkeDet er sannsynligvis en av dem som er far til Brita.Hun ble gift på Tormodsetre på Bømlo, der har jeg det jeg trenger.mvh Kjellaug

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Uffda! Feil lenke : Lenkemvh Kjellaug

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei Kjellaug!Bømlo Bygdebok bind 3 s. 431 Vorland:'Nils Helgesen f. 1783 gifte seg i 1810 med Brita Pedersdatter Hille, Moster f. 1788 (Syster til Ole Pedersen Rekkje.'Born: 1) Lisbeth f. 1813 (gift med Hans Hansen Berge).2) Kari f. 1815 (gift med Engjel Asbjørnsen Holme).3) Britha f. 1817 (gift med John Andersen Thormodsetre, Bremnes).4) Helene f. 1819 (gift med 1. Paul Johnsen Grønnevik Moster... 2.Tønnes Olsen, Vorland).5) Helge f. 18216) Sissele f. 1824 (gift med John Halderaker, Bremnes).7) Pernille f. 1826 (gift med Johannes Andersen Tollaksvik, Bremnes).8) Nils f. 1828.9) Anna f. 1831 (gift med Berge Johannesen Husa)..Det står vidare ein heil del om familien i bygdeboka. Kan senda meir via E-post om du er ineterssert.Helga K.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Brødrene til Britha Nilsdatter:Helge Nilsen f. 1821, gift i 1847 med Lisbeth Olsdatter Espevær f.1822 - d. 1907. Helge døde i 1910.Nils Nilsen f.1828 gifte seg i 1853 med Britha Olsdatter Espevær f. 1829 (syster til broren Helge si kona).Helge overtok etterkvart heimehusa og garden, men i 1847 fekk Nils skøyte på halvparten av faren sitt bruk.Her er mange sider å lesa i bygdeboka om tilhøva og folket som budde på Vorland.Helga K.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Som svar på spørsmålet ditt (innlegg 1), må det vera den Nils som er 18 år i ft. 1801 som er den du leitar etter, f. 1783 (innlegg 3).Far til Nils Helgesen var Helge Endresen.(Han hadde tidlegare bygsla på nabobruket.) Om nabobruket finn eg fylgjande:Helge Endresen Bærøy Moster f. ca. 1734 bygsla halvparten av Nils Larsen sitt bruk. Han gifte seg i 1758 med Dordi Torkelsdatter Vestvik f. 1735. Dei fekk ialt 7 barn, men berre 3 levde opp: Peder f. 1761, Endre f. 1766, Sissele f. 1763 d. 1800, Dordi døydde i 1772.Helge Endressen gifte seg så oppatt med Kari Nilsdatter, Vika. Dei fekk 7 barn, 3 levde opp her også:Nils f. 1776 d.1801 (Den andre Nils som du hadde funne).Nils f. 1783 (br. nr.1-3).Brynhilde f.1788 (g.m. Anders Johnsen Økland, Valestrand).Helge er nemnd som lagrettmann i 1764. I 1780 braut det ut brann i eldhuset til Helge og alle husa brann ned, utanom løa og fjoset. Det same gjaldt næraste naboen Nils Larsen. Dette må innebera at dei har hatt husa ståande ganske tett saman. (Det står ca. 1/2 sida om denne brannen i bygdeboka).Helge bygde nye hus etter brannen, og sonen Peder Helgesen tok over som leiglending på bruket.Helge sjølv bygde seg nytt stovehus på austre delen av tunet. I 1801 budde på dette bruket Helge og andre kona Kari Nilsdatter med sønene Nils 25 år og Nils 18 år, dottera Brynhilde 13 år og tenestejenta Åse Nilsdatter Vorland 30 år.Sidan Helge Endressen kom frå Bærøy finn du kanskje meir om han i Mostra boka som eg reknar med at du har sjølv.Helga K.Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Hjertelig takk skal du ha Helga, jo Mostra boka har jeg og også bind I og II. Dette var mange opplysninger-:) Mvh kjellaug

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Du skulle vel tilfeldigvis ikke sitte inne med info om Kari Nilsdtr Vika f. ca 1758, Helga? Jeg finner ikke Vika og mener det er på søra Bømlo altså i B III.Jeg hadde allerede forfedrene til Endre Børøy i programmet mitt. Det ser ut for at halve Bømlo er i slekt-:)mvh Kjellaug

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei!Bind 3 av bygdebøkene for Bømlo er litt anleis enn dei andre, meir tettskriven og mindre overskrifter for dei ulike bruka ol. Dette gjer den litt vanskelegare å finna fram i, og det er lettare å oversjå personar. Men her er også meir informasjon om dei ulike familiane.Under Vika finn eg ikkje nokon Kari Nilsdatter f. 1758, men som nemd over så kan eg ha oversett noko.Det næraste eg kjem er ei Kari Nilsdatter f. 1747. Ho er datter av Nils Ezekielsen f.1717 som bygsla bruket etter far sin Ezechiel Nilsen f. ca.1640.Nils gifte seg i 1745 med Lisbeth Stenersdatter Grutle Bremnes f. ca. 1720.Dei hadde barna Kari f. 1747 gift med Helge Endresen Vorland (Eg les samtidig som eg skriv, det er vel denne Kari du er på leiting etter, tenkjer eg? Ser ut som det er kona til ovanfor nemde Helge).Andre barn: Esekiel f.1749 d.1751, Stener f.1751, Martha f. 1754 død før 1768, Lisbeth f.1756 (Gift med Peder Helgesen Vorland).Nils er nemd som lagrettemann i 1746. Han kjøpte fjerdeparten av Bømlo kyrkje med skifteskøyte 1752. Nils Esekielsen døydde i 1767. Ved skifte i 1768 tok enkja Lisbeth Stenersdatter over 1/4 av Bømlo kyrkje. Same året selde ein annan eigar ut sin 1/4 slik at 3 stk eigde 1/3 kvar, også Lisbeth. Ho gifte seg oppatt i 1770 med John Torkelsen.Helga K.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei igjen!Lisbeth Stenersdatter døydde i 1789.Så litt lenger bakover:Farfar til Britha Nilsdatter var altså Ezechiel Nilsen 1684. Ezechiel bygsla bruket etter farbror sin, Hans Nilsen. Far til Ezechiel og bror til Hans var Nils Nilsen, leiglending på bruket.Ezechiel var gift med Kari Helgesdatter f. ca. 1675. Barna deira var:1) Jens f.1704,Villum (Espevær) 2)Nils f. ca. 1717, 3) Britha f.1729, (gift med Jan Hansen Vestbestad, Grutle) 4)Tollef f. ca. 1724 (Husa).Då faren Nils Nilsen døydde i 1717 tok Ezechiel Nilsen over bruket hans og sat då åleine bonde på Vika i 19 år.Då eldste sonen til Ezechiel, Jens Ezechielson, gifte seg fekk han bygsla halve garden (1736). Ezechiel døydde i 1744, Kari Helgesdaotter døydde i 1747.Son nr.2 Nils Ezechileson (far til Britha) bygsla bruket etter faren i 1744 og same år bygsla han Gissøyno.Helga K.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Endå litt bakover:Far til Ezechiel var Nils Nilsen f. ca. 1636, bygsla halvparten av Vika i 1660-åra. Han var gift med Marita Ezechielsdatter.Dei hadde borna: 1) Torkel f. ca. 1661 (Holme) 2) Nils (Marinesoldat, 'Død udi Leget 17. Nov. 1699), 3) Jens (bygsla halve Berge 1690), 4) Inger f. ca. 1678 (g.m. Peder Erikesen, Hidle Moster) 5)Rasmus f. ca.1679, (Holme) 6)Ezechiel f.ca. 1684, 7) Anbjørn f. ca.1689 (Espevær) 8) Tollef f.ca1691, d.ug.før 1752.Nils er nemd som lagrettemann. Han døydde i 1717.Sonen Ezechiel som då var leiglending på den andre halvdelen av garden tok då over faren sitt bruk og dreiv dette i 19 år til han kunne overlate det til eldste sonen Jens (sjå innelgget over).Helga

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Hjertelig takk for alle opplysninger, Helga.jeg er svært takknemlig-:) Mvh kjellaug

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.