Gå til innhold
Arkivverket

[#19172] Synes til Ulla ?


Gjest Ivar Fylling
 Del

Recommended Posts

Gjest Ivar Fylling

Jon Eriksen Berge (tema 19124) var son til Erik Saxesen Ulla (1665 - 1697) og Brite Jonsd. f Gryta. Eg har skrive opp forfedrene til denne Erik Saxesen (farssida)slik: Saxe Eriksen Ulla ca 1630 - 1690; Erik Saxesen Ulla ca 1590 - 1650; Saxe Eriksen Ulla ca 1560 - ca 1630; Erik Jonsen Synes/Ulla 1520 - ; Jon Bårdsen Synes ca 1475 - ca 1550; Bård Jonsen Synes ca 1440 - ca 1520; Jon Bårdsen d.y. Synes/Molnes ca 1410 - ca 1450; Bård Jonsen cca 1360 - 1429.Eg har ikkje fått tak i 'Balansepunktet ..', tema 19143, så det er nok ein del usikre kjelder bak denne rekka. Er det nokon som kan bekrefte/avkrefte eller rette på dette?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

SAXE-ÆTTA:Saxe Erikson på Ulla og 4 søsken, Anders Erikson i Vaksvik, Johannes Erikson på Ulla (seinare Gjøsund, gm Berit Rasmusdt), Inger Eriksdt gm Ola Blindheim og Gunhild Eriksdt gm Nils Lausund, selde 1589 2 våger fisk i Søre Nesje (Nesjestranda) til broren Tore Erikson på Smoge i Romsdal.Kven far til denne søskenflokken var, Erik, er ikkje kjent, men det er rimelig at han var av den ætta som før eigde i Nesje. Personen ''Erik Jonsen Synes/Ulla'' er ein konstruksjon. BÅRD JONSON PÅ SYNNES (ca 1440-):Bård Jonson hadde 6 søner etter Synnestavla, også ein son Jon (Bårdson), som bare hadde sonen Ola, far til Knut og Rasmus.Bård Jonson hadde også ein son Erik, men denne er ikkje ført med etterslekt.Den ''Bård Jonsen cca 1360-1429'' som du fører opp her, er ein konstruksjon.SAXE-ÆTTA OG SYNNES-ÆTTA:Johannes Erikson i Gjøsund (før på Ulla) selde 1599 1/2 mællag i Synnes til lagmann Povel Helgeson. Denne jorda hadde Tore på Omenås i si tid selt til Tore Erikson på Smoge, som så hadde selt vidare til broren Johannes Erikson. Dette indikerer at Johannes og søskena var av Synnesætta, men eigarluten deira var så liten at dei helst var av ei søstergrein.ERIK PÅ AUSTNES:Denne mannen levde 1520 og var då ein av dei aller største skattytarane på norskekysten. Eg ser ikkje vekk fra at han kan vere lik den barn- eller i alle fall sonelause Erik Bårdson på Synnestavla, men til no har det vore uråd å stadfeste dette.Her er enno mange uløyste spørsmål, men det som gjeld Saxe-ætta sitt gods i Sør Nesje kan vi komme tilbake til ein annan gang.Saxe Erikson på Ulla eller, helst, kona eigde også i garden Blø, 1 pund fisk, som dei i lag med andre eigarar 1634 selde til borgaren Johan Willumsen i Hansund (Hamnsund), som kan ha vore av samme ætta.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Gjest Bjørn Jonson Dale

Eg har no laga eit innlegg om opphavet til søskenflokken som eigde i Nesje. Tema: 19285.(Kven kjenner Nils Kenne?)Eg ser ikkje vekk fra at det er råd å kunne gjøre greie for kvart enkelt ledd bakover til Brynhild Simonsdatter og mannen hennar, men det vil kreve ein god del gransking.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 9 måneder senere...
Gjest Kjell Ove Hattrem

Jeg kom til å tenke over at BJD skriver 'Smoge', ikke 'Småge', som nåtidens skrivemåte i Aukra.I Norddal ligger nemlig en gård ved navn Smoge. I og med at Tore på Omnos i Norddal solgte en gårdpart i Synes til Tore Eriksson på Småge/Smoge, lurer jeg nå på om jeg har misforstått hele tiden og plassert sistnevnte i feil fogderi.Jeg finner for øvrig få referanser til hans familie, slik at det ikke er helt godt å si.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.