Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Helga Kallevik

[#19281] Lars Jensaneset ,1700-talet Stord

Recommended Posts

Gjest Helga Kallevik

Hei !Viser til Tema 7142.Der etterlyser eg opphavet til Jacob Larsen f. ca. 1775, dreng på Nysæter 1801 og gift same år med Synneva Halvardsdatter Dyvigen f. ca. 1779.Her er eit av svara eg fekk: 'Eg har undersøkt blant dei døypte i Stord i perioden 1773-1776 i kyrkjebok for presten i Stord A 2, 1744-1777. I denne perioden finst det i kyrkjeboka berre ein aktuell kandidat til å vera 'din' Jacob Larsen: den 4. februar 1775 vart Lars Jensenæsset og hustrues søn døypt og kaldet Jacob. Fadrane var: Halvor Dyvigen, Halvor Dahle, Siri Dahle, Gunilde Wigenæs og Torbor Nielsdtr Sætrevigen. Jensaneset var eit husmannsplass under Vikanes og er geografisk endå nærare Dyvikjo enn Nysæter.Lars Jensenæsset fekk ei dotter i 1779 kalla Cidselle, fadrane var då: Stephen Kannelønnning, Mathies Nysæter, Kisti Nysæter, Guro Dahle og Haldis Wigenæs.Bygdeboka for Stord s. 745 gjev diverre ikkje særleg mange opplysningar om Lars Jensenæsset. Det står berre at enkja Inger sat med bygsel på plassen i 1760-åra og at sonen Lars var husmann der i 1770 og 1780-åra. 'Er det mogleg å finna ut noko meir om denne 'Lars Jensaneset'? Kven var Foreldra hans? Kven var han gift med? Går det an å få stadfesta at denne sonen hans er den same Jacob Larsen som står oppført som dreng på Nysæter i 1801? Jacob Larsen var truleg min tipp tipp oldefar.mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Lurer framleis på kven denne Lars på Jensaneset var, og om han var far til 'min' Jacob Larsen?Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Lurer paa om denne Ingebor Larsdtr Jensenes som er ca 36 aar i 1801 kommer fra samme familien?LenkeHun giftet seg 3/8- 1794 med Ole Olsen Valvatne.mvh Kjellaug

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.