Gå til innhold
Arkivverket

[#19284] Høyer Katt - Ein norsk adelsmann?


Gjest Bjørn Jonson Dale
 Del

Recommended Posts

Gjest Bjørn Jonson Dale

1519 betalte Johan van Aachen, trulig ein kjøpmann i Bergen, inn 60 lodd sølv ''aff Giske len'' til høvedsmannen på Bergenhus, Jørgen Hanssen, som fullmektig for Høyer Katt. (Norske Regnskaber og Jordebøger I, side 268.) Høyer Katt var då enten ein som hadde Giske i len eller, kanskje, Jørgen Hanssen sin ombodsmann på Giske.Det skal ha vore ei lågadelsætt Katt i Hordaland, men eg finn ikkje noka ætt av dette namnet i Vigerust sitt adelsregister. (Høyer var ellers i bruk som fornamn på Sunnmøre like til kring 1700.)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
Gjest Bjørn Jonson Dale

Eg hadde tenkt å løfte dette temaet opp i går, men fikk ikkje tid. I dag fann eg, på leit etter noke heilt anna, nemnt Jens Katt som ein av erkebispen sine mest høgtlønte sveinar 1532 (Olaf Engelbriktsson rekneskapsbøker 1532-38, side 10). Allereie året etter hadde Jens Katt fått 'orloff' (fritatt for vidare teneste).Rekneskapsbøkene viser ellers at erkebispen til ei kvar tid hadde 60 sveinar med årslønn på 20 mark - ein veldig sum - hos seg, og dessutan 60 sveinar ute i distrikta og på Island, dei såkalte setesveinen.Etter sættargjerden i Tønsberg 1277 hadde erkebispen rett til å halde 'hundrad' sveinar (av rang både skutilsveinar og væpnarar), og enno i 1530-åra hadde erkebispen nett så mange sveinar: 120. Dette utgjorde ein heil adel på eit tidspunkt då den norske adelen for det aller meste skulle vere utdøydd eller ha 'sunke ned' i bondestand.Dette vil seie at heile erkebispen sitt sivile teneste- og maktapparat var heilt intakt like til 1537.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore H Vigerust

Jeg har ikke støtt på navnet, - kanskje det er en forkorting ? Jørgen Hansson, var det han den kjente uadelige mannen som Christiern II satte inn på Bergenhus ? Det ville ha vært typisk ham (JH) å anvende uadelige fogder.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Nei, det er ikkje tale om forkortingar. Både namnet Høyer Katt og namnet Jens Katt er skreve utan teikn som tyder på forkortingar. Sjølv om Jørgen Hansson kanskje hadde ein policy med å sette inn uadelige som lensstyrarar, så treng ikkje erkebispen ha hatt ein slik policy når han utnemnte sveinar?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore H Vigerust

Vi kan kanskje regne setesvenene for adelige, men å ta med alle på lønningslista er vel å gå for langt ? Poenget om at Jens var av de høyestlønnede, derimot, penker ham jo ut som noe spesielt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Lønningslista var svært lang, og eg reknar bare dei som fikk 20 mark pr år som 'sveinar' (væpnarar). Utanom 10 med andre funksjonar (skipperar osv), var dette 60 mann. Sættargjerden føresette at alle dei hundre erkebispen sine sveinar, 120 (storhundre), hadde rang som væpnarar eller skutilsveinar (riddarar). Dei sveinane som var væpnarar hadde skattfridom for to mann, dei som var riddarar for tre mann (etter minnet). Det er rimelig at adelskapet deira skreiv seg fra erkebispetenesta; 1533 var såleis kanskje så mykje som halvdelen av erkebispen sine sveinar av utanlandsk og neppe adelig opphav.Utanom erkebispen hadde dei andre norske bispane også rett til å halde setesveinar (les: bispesetesveinar), nemlig 40 kvar. Korvidt andre bispar enn erkebispen klarte å halde ved lag ein såpass stor sveinestall enno i 1530-åra, er uvisst.I alle fall: Etter sættergjerden 1277 kunne dei fastlandsnorske bispane halde i alt 240 sveinar, noke bispane trulig makta utan vanskar like fram til 1349-50. Erkebispen klarte å halde sin halvdel av dette sveinetalelt ved lag gjennom heile seinmellomalderen: 1432 møtte Piero Querini den dåverande erkebispen, Aslak Bolt, på vegen sør fra Røst til Nidaros. Erkebispen sitt følge besto då av to hundre mann, 240, dvs 120 sveinar med kvar 1 følgesvein...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 år senere...
Gjest Leiv Magne Apelseth

Namnet Katt blir igjen drøfta her på forumet. 46258: Slekt Katt (?) i Aremark på 1700 tallet LenkeKan det vere ein samanheng mellom desse Katt`ane ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Til Bjørns innlegg (6)I soga om biskop Karl i Hamar vert det fortald at han i 1505 møtte til eit møte i riksrådet med eit følgje på 30 vepna sveinar. 'Det vides forøvrigt at han mødte i Kalmar med tredive væbnede Svende'.Sjå artikkelen om biskop Karl av Ludvig Daae på Wangensteen sine sider.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Takk for tilvisinga, Finn! Dette viser jo at ikkje bare erkebispen, men også vanlige bispar klarte å halde hirda si ved lag i seinmellomalderen, for hadde hamarbispen med seg 30 sveinar til Kalmar, hadde han vel minst 10 igjen heime i bispedømmet...Ellers kjem eg ikkje vidare med disse Katt-karane. Lite tyder på at dei var norske (ingen funn av Katt'ar i DN), og kanskje var dei danskar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.