Gå til innhold
Arkivverket

[#19285] Kven kjenner Nils Kenne?


Gjest Bjørn Jonson Dale
 Del

Recommended Posts

Gjest Bjørn Jonson Dale

Nils Kenne døde før mora, og mora var daud ein gang før påske 1480. Ho heitte Brynhild Simonsdatter, og palmesøndag 1480 kravde dattersønene hennar, Arne Jonson og Trond Jonson, tingsvitne (tinget på Frei, Nordmøre) på at dei var rette arvingar til gardane Ytre og Indre Nesje i Veøy, Romsdal, og garden Hoven i Sunndal, Nordmøre. Disse gardane hadde mormora deira, Brynhild Simonsdatter, arva etter sonen Nils Kenne. (DN XI-246.)Nils Kenne hadde ei søster som var gift med ein ellers ukjent Jon. Heile arven etter Brynhild Simonsdatter og (den ukjente) ektemannen hennar må ha vore på kring 25 spann i jordegods aleine; i grunnen kunne dette svare til eit lite adelsgods.Mange har gjetta på at ''Kenne'' kunne vere ein variant av namnet ''Kane''. Slik treng det ikkje vere. Jordegodset sin lagnad kjenner vi langt på veg (jf DN XI-282 og XI-295 og fleire utrykte, yngre diplom): Arne Jonson sin son Jon Arneson kom til å eige det, og så Jon sine etterkommarar - rike bønder i Romsdal og på Sunnmøre på 1500- og 1600-tallet (m.a odelsbøndene på Nesje, men også folk av Saxe-ætta fra Ulla). Det store spørsmålet er likevel: Kven var Nils Kenne, dvs mora og faren hans, som neppe var fødde mykje seinare enn 1430-1420?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjell Ove Hattrem

Apropos Nesje,Det er vel regnet som sikkert at Erik Toresson (far til Anne Eriksdotter fra Småge, født ca. 1622, gift med Rasmus Rasmusson på Myklebust) _ikke_ bodde på Nesje, slik noen har hevdet.Men hvem var denne Erik Toresson, visstnok sønn av en Tore Eriksson?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjell Ove Hattrem

Beklager, jeg hadde ikke lest tema #19172 da jeg skrev forrige innlegg. Men jeg er interessert i eventuelle referanser til Erik Toresson, da jeg ikke kan finne ham nevnt utover navnet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 år senere...
Gjest Finn Oldervik

Det er jo mange som har spunne mykje kring denne Nils Kenne og søstersønene hans gjennom tidene og det finst ein god del skrive om saka i lokale tidsskrift.Dei fleste har rekna med at Nils Kenne har tilhøyrd Kaneætta, eit synspunkt eg deler.Det viktigaste dokumentet om Nils Kenne og krinsen kring han finst i dette brevet Lenke I dette brevet er det snakk om to gardar, Nesje i Romsdal og Hoven i Sunndal på Nordmøre. Desse gardane hadde tilhøyrd Brynhild Simonsdotter og då ho døydde fekk sonen, Nils Kenne gardane i arv etter henne. No føre året 1480 var Nils avliden og dei rette arvingane til dei to gardane var søstersonane hans, Trond og Arne Jonssonar. Når det er så tydeleg understreka at arven kom frå Brynhild er det helst fordi det var andre aktuelle arvingar om gardane hadde tilhøyrd far til Nils og systra. Faren kunne til dømes ha gifta seg på nytt etter at Brynhild døydde og avla born også i det nye ekteskapet.Av nokre forfattarar er det framstilt som om det var Brynhild som hadde arva gardane etter sonen, men teksta i sjølve originaldokumentet skulle visa tydeleg nok at Nils hadde arva dei to gardane etter mor si og at det var Nils som var avliden sist av dei to. Elles bør ein merka seg kven som var vitne i brevet frå 1480.Heile samanhengen kunne vera som følgjer;Gaute Nilsson Kane vart først gift med ei Brynhild Simonsdotter, ei kvinne som hadde jordeigedomar på Nordmøre og i Romsdal, men elles er av ukjend opphav. I dette ekteskapet var det to born som var liv laga, nemleg Nils Kenne (Kane) og søstra (Magnhild?) Gautesdotter. Då Brynhild døydde gifta Gaute seg på nytt med ei ukjend dotter til Ivar Trondsson i Aspa. Denne dotra fekk ei drusteleg heimegåve, slik som dei andre dotrene til Ivar hadde fått. Heimegåva omfatta også garden Straum, saman med ein del andre omkringliggjande gardar. Straum vart seinare sætesgarden til Gaute og fekk namnet Kanestraum, eit namn som i dag er det offisielle bygdenamnet på staden. Gaute og Ivarsdotra fekk berre ei dotter i ekteskapet sitt, nemleg Kirsten g. Galle.Då Ivar døydde fekk NN Ivarsdotter g.m. Gaute Kane Nilsson fleire eigedomar, m.a. ein del av Skjeggen i Bergen som Ivar hadde kjøpt nokre år før han døydde, samt Ornes som hadde fått etter Katarina Markvardsdotter Buk då Hartvik Krummedike døydde i 1476. Kanskje var det også gods på Austlandet blant dette arvegodset.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Eg sluttar meg til lesemåten din, Finn, og ellers takkar eg for at du maktar å drive ymse ordskifte fram og opp.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.