Gå til innhold
Arkivverket

[#19522] Fire søsken utvandra til USA. Hjelp til å spore dei opp?


Gjest Bård Gram Økland
 Del

Recommended Posts

Gjest Bård Gram Økland

Hei, Opplysninga om at han fekk eit barn har eg frå bygdeboka, men namnet er ikkje nemnd. Etter det eg noterte meg frå bygdeboka er det ikkje lett å sei om barnet vart født i USA eller i Noreg. Om nokon har boka så hadde det vore fint om dei kunne ta ein sjekk (indre Økland, bruk 5).Skal prøve å dra opp til statsarkivet i morgon. Tenkte å sjå i kyrkjeboka over døypte. Kan vere greit å vite når Johannes vart født (dato), og kanskje kan ein finne namnet på barnet om det då vart født på Valestrand.Bård

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Hei!Eg har leita litt rundt i STory county, Iowa etter meire info om denne John Okeland som eg fann i 1880 ogg 1895 census. Har ikkje heilt lysst til å sjå bort frå han sidan fødselsåret stemmer. 1880 census: [url="http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?db=1880usfedcen&gsfn=%2c&gspl=1%2cAny+Locality&submit=Search%2cSearch&prox=1%2c1&gss=angs&sourceid=1243&targetid=920&o_iid=1243&o_lid=1243&gsln=okeland&indiv=1&fh=2>Lenke(du finn han i 1880 census her på digitalarekivet også).1895 census: LenkeI tillegg fann eg denne Lenke som viser at Betsey og Brita Oakland er den same. Ho er født i Etne i 1850, men kom til USA i 1855 saman med foreldra Eric og Barbro Tesdal. Betsey er oppgitt å vera det Amerikanske namnet og Brita det Norske.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Kanskje nokon med tilgong til Amerikanske censusar kunne sjekke dette nærare, td. om John Okeland/Oakland var i Story county, Palestine twp i 1870, og om han då ev. var gift med ei anna (den Johannes som Bård leitar etter var gift med ei Astrid).Kva med 1900 census er der noko info? Denne Betsey Okeland levde til 1918 ser det ut til, og John levde i alle høve i 1895.Helga K.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arne Solås

Hei igjen -1900-Census er litt utydelig, men slik jeg tyder det, så er John f. i april 1833 og Betsy i april 1851. Han imm. 1870 og hun 1853. Gift i 23 år. Har sønnen Edd(?) f. 1885 og datteren Bertha f. 1890 boende hos seg.Mvh. Arne.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bård Gram Økland

Hei Helga,Prøvde å sende ein epost til Mark Christian, men fekk den i retur. Ser ut til at den ikkje er i bruk lenger. Ser at siden hans vart oppdatert i 1999 så han har vel fått ein ny adresse.Bård

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arne Solås

Det jeg skrev over var tatt fra et notat jeg tok tidligere. Jeg har nå sett på dem igjen i tellingen, og ser at de har vært gift i 25 år, ellers stemmer det slik jeg skrev det.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bård Gram Økland

Finner ein Johannes Økland i amerikabrev frå WI, datert 1849, skrive av Sju og Nils Eidsvaag (Brev no. 1). Men det ser ut som han då bur heime og at dei hilser til han.LenkeBård

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bård Gram Økland

Har vore på statsarkivet og leita fram opplysningar om Johannes i kyrkjebøkene for Stord p.Eg finn han første gong i lista over døypte i 1834. Han vart født 13 mai og døypt den 29 mai. Foreldre: Gaarmand Niels Larsen Økland og Marta Pedersdatter.Neste gong eg finn han er i lista over konfirmerte i 1849.Så kjem han att i ei liste frå 1856 over døypte. Namnet på barnet er utydelig og litt vanskelig å lese. Det ser ut til å vere Johannes eller Jakob (eg skal få nokon til å sjå på det). Barnet vart født 9. august og døypt den 10. august. Barnet sine foreldre er Astrid Nilsdtr. Flaatene og Johannes Nilssen Økland. Barnet er oppført som uekte. Det vil vel sei at Astrid og Johannes ikkje var gift. Bak namnet til foreldrene er det skrive noko i parantes. Også dette er utydelig, men ein kan lese '....til Amerika...'.Eg har søkt i listene over gifte frå 1856 til 1861 uten å finne Astrid og Johannes nemnd. Det er fleire uklåre sider i kyrkjeboka her, men det ser ikkje ut til at dei er nemnd.Kanskje drog dei til Amerika som ugifte, og gifta seg der borte? I 1850-åra hadde dei slekt i Wisconsin. Kunne ikkje det ha vore ein naturleg stad å reise til først?Bård

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Hei!Er du sikker på at Astrid og Johannes gifte seg i det heile? Kanskje bygdebokforf. berre har gått ut frå dette? Kan det vera at berre Johannes reiste over til USA, og at han der gifte seg med ei anna? Det kan vera I så fall kan det vera verd å sjekke opp om Astrid finst i 1865 census.Elles er eg enig i at det ville vera naturleg om han reiste til Wisconsin. Det einaste er at han ikkje er saman med dei andre søskena i USA på slektsida på Rootsweb der det er lagt inn info om dei andre 4 søskene. Kanskje han hadde kjenningar i andre stater også?LenkeElles ville eg prøvd litt meir vedr. han i Iowa. Kva addresse brukte du til Mark Christian? Ser han har addresse på fleire Iowa sider, det kan vera at der også finst ei oppdatert addresse.Han er også oppført som hovedkoordinator for Story County, Iowa.Ser at Johannes Okeland i Iowa er 1 år for gamal ut frå census 1900, men det kan vel vera rom for feil her?Helga K.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Hei!Denne addressa fann eg på hoved sida til Story county då eg trykte på Mark Christian under 'Look ups'. IAStory@genloc.comHelga K.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bård Gram Økland

Fekk epost frå Mark Christian vedr. John Okland i Story county, Iowa (jmf innlegg 102, 109 og 110).Han viste til dei to teljingane frå 1880 og 1895 (jmf innlegg 102).Han hadde også ein registering av graver frå Story County:“Story County, Iowa Grave Marker Inscriptions, Palestine Township, Bethany Cemetery, in row 6 marker number 9”.Mellom dei registerte gravene her fanst: ”John OAKLAND born Apr 12 1834 died Sep 29 1901 . Betsey OAKLAND born Apr 132 1850 died Apr 31 1918”.Mark skriv videre at “In the adjacent row 5 are markers for what may have been their children: John J. OAKLAND born Mar 26 1884 died Jan 20 1896 . Nils J. OAKLAND born May 26 1888 died Jan 12 1896. That is all the additional information that I have, but it seems to show that this John OAKLAND was not your Johannes Nilson Okland unless the source material has incorrectly listed his year of birth.”Han kunne altså ikkje sei noko om Betsy var John sitt første eller andre ekteskap.Når det gjeld tydinga av namnet på sonen til Johannes N. Økland, så ser det ut til å vere Jakob (jmf innlegg 108).Bård

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Hei!I følge det Mark Christian skriv var John Oakland fødd 26.Mars 1834. På family Search er 'din' Johannes Økland oppgitt til: Christening: 19 MAY 1834 Stord, Hordaland, Norway. Dermed så utelukkar vel ikkje dette at det kan vera same person det her er snakk om.Eg har no alle Sveio bøkene på heimlån. Her ser det ut til at Johannes Nilson Økland aldri vart gift med Astrid Nilsdatter Flåtene. Sitat bygdeboka: 'Johannes f. 1834. I Amerika. Han fekk sonen Jacob f. 1856 med Astrid Nilsdatter Flåtene.'Eg leita vidare etter denne Astrid i bygdeboka og fann henne attunder 'Vihovde øvre' som 2 kona til Jone Endreson Tråvås f. 1816-d.1901. Her står det at Jone var gift 2. gong med astrid Nilsdatter Flåtene f. 1829 - d.1917 Barnlause. Astrid fekk sonen Jakob f. 1856 med Jakob Nilson Økland indre. I Amerika. Her må det vera ein feil i bygdeboka, vedr. om det var Johannes eller Jakob som var faren. Uansett må dette vera den same Astrid, og ho reiste altså ikkje til Amerika eller gifte seg med Johannes. Så ved vidare leiting etter Johannes i USA, står namnet på ei eventuell kone heilt ope.mvh Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Hei!Eg ville ikkje heilt 'gitt slepp på' denne John Okeland dersom eg var deg.I følge census 1880 var John f. rundt 1834John OKELAND Age: 46 Estimated birth year:1834 Birthplace: NORI census for 1895 er han oppgitt til å vera 61 år (1895 - 61 = 1834 ).I census 1900 ser det ut til at han er oppgitt å vera f. 1833. Dette er einaste staden han er oppgitt til å vera f. i 1833, andre censusar i Iowa seier 1834!I brevet frå Mark Christian er også f. år oppgitt til 1834 (26. Mars). Har du foresten funne f. datoen hans i kyrkjebøkene? Som før nemt var han i følge Family Search døpt 19 mai.Det at kona til John Oakland i Iowa var frå Sunnhordland (Skåneviksområdet), kan vel få oss til å tenkje at John også var frå desse kantar.Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bård Gram Økland

Hei Helga og mange takk for hjelpa,Ja dette var nye opplysningar! Det var veldig interessant det du har funne ut om Astrid, at ho vart gift på Vihovda.Eg er samd med deg i at John Okland er ein god kandidat. Både alder og kontakt med folk frå Sunnhordland underbygger det.Ja eg har funne fødselsdato til Johannes i kyrkjebøkene. Av dei går det fram at han var født 13 mai 1834 og døypt den 29 mai. Det er ikkje langt unna det Family Search har registert. Dei har ført opp 19 mai som dåpsdato for John. Eit to tall kan lett bli eit 1 tal...mvh Bård

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Hei! Hei !Ser at eg har sett feil på fødselsdatoen Mark Christian oppgir for John Oakland, 12. april 1834 skulle denne John Oakland vera fødd i følge inskripsjonen på grava. Då vert spørsmålet om 13 mai kan bli til 12. April? Det er altså kun 1 månad feil i høve til fødselsdato.Er det nokon som har forslag til kor ein kan få stadfesta eller avkrefta om dette er rett person?Ser foresten at Nils Nilson sitt etternamn også vert skrive Oakland i nekrologen frå Wisconsin.Helga K.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Hei!Kanskje du finn ut meir om denne John Oakland ved å leite etter info om barna. På Census 1895 ser det ut til at han kan ha hatt desse barna: Selie 15 år, John 10 år, Eddie 9 år, Nels 6 år og Bertha 4 år. (dei to andre Oakland som er nemnt der kan høyre til ein annan familie, dei er registrert på ei anna side i boka og har E til mellomnamn).I følge Mark Christian ser det ut til at både John J. og Nils døde i januar 1896 før dei var vaksne. Dermed er det Eddie og jentene Celia og Bertha ein må sjå etter. Celia finn du her:[url="http://genloc.com/marriage/MrgSearch.mv?Oakland>http://genloc.com/marriage/MrgSearch.mv?Oaklandgift med 1) Thos Christianson og 2)Oscar E. SHELDAHLHer er eit barn av Celia:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bård Gram Økland

Når det gjeld dei tre søskene som busette seg i Jackson county (WI) - Guro, Niels og Jakob - så har eg skrive eit brev om dei til Jackson County Historical Society. Kanskje dei har meir info. eller kjenner nokon som kan gje det? Skal i alle tilfelle formiddle svaret her når det måtte komme.mvh Bård

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Ved søk etter Ed (ev. Eddie) Oakland på Roots web finn eg denne personen under Social Security Death Index Search Results:ED OAKLAND Født 11 Nov 1885, Død Sep 1963 Iowa.LenkeDette er truleg Eddie Oakland sonen til John Oakland som var født 1885 (altså døe ikkje alle sønene som unge).Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arne Solås

I 1930 var Eddie farmer i Palestine Township, Story Co. Han var da gift med den danskfødte Katherin, 47 år gammel, imm. 1901. De har da datteren Clara Bell på 6. Eddie giftet seg da han var 35 år gammel.Mvh. Arne.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Kanskje ein kan få meir opplysninger ved å leggje inn etterlysing etter slekta under 'Queries' på sida til 'Story county'?Eg har fått mange nyttige svar på etterlysing av slekt på slike sider i ulike stater i USA.Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
Gjest Bård  Gram Økland

Har fått kontakt med ei som heiter Mrs. Anderson og som er medl. i Jackson County Historical Society. Ho skriv at ho kjenner til Økland familien og at mannen hennar er i slekt med nokre barnebarn til 'Tollef Nelson Haugland, b. February 11, 1838 and his wife Anna Christophersdtr. of Valestrand. According to a newpaper obituary he came to America with his family in 1856, arriving in Chicago on the 4th of July. They did not stay in Chicago and went to Deerfield, Dane Co., WI. where they lived until the following year at which time they traveled by prairie schooner and oxen to Beaver Creek, township of Franklin, Jackson Co. where they settled until his death in 1913. He served in the civil war'.Mrs. Anderson hadde merka seg at eg ikkje hadde nemnd Tollef i brevet som eg skreiv til historielaget i Jackson county. Men ho meiner likevel at det må vere ein forbindelse til Økland familien. Ho nemner også ein amerikansk bok om Økland familinen som ho skal sjå nærare på.Eg klarer ikkje å sjå linken mellom Tollef Nelson Haugland/Anna Christophersdtr frå Valestrand og Økland familien. Men kanskje det er nokon som har opplysningar om Tollef og Anna som eg kan sende videre? Uansett kunne Mrs. Anderson skaffe fram meir opplysningar. Eg kjem til å legge desse opplysningane ut her etter kvart.mvh Bård

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bård Gram Økland

Anderson har leita videre, og har funne ein nekrolog over ei kvinne med namn Torborg Halvorson Haugsgjerd. Ho utvandra frå Valestrand. Anderson meiner det kan vere ein link til Økland familien, men som i innlegg 122 har eg ikkje noko handfast her. Tar likvel med nekrologen. Likevel har vel denne Torborg vore kjenning av dei utvandra søskenen frå Økland. Dei budde på same stad i Jackson County, og Torborg vart også gravlagd på kyrkjegarden i Curran Vally.mvh BårdTORBORG HALVORSON HAUGSGJERD (VALESTRAND, HORDALAND) She was born at Valestrand Bergenhus Amt. Norway, January 3, 1826, and died at Whitehall, Wisconsin, May 26, 1923 just before midnight. She was married to Halvor Halvorson Haugsjerd in 1850, who passed away 39 years ago. In 1857, accompanied by her husband and three children, she came to the United States. Another child was born at sea which died soon after birth and was buried in the waves of the Atlantic. For a year the family lived in Dane county, Wisconsin. From there they moved to McLeod county, Minnesota, where they spent three years. Their next move was to the town of Franklin, Jackson county, Wisconsin. After a year’s sojourn there, they took up their permanent home in Curran Valley, Jackson county, where she lived until her son, Tom Halvorson, now a resident of Whitehall, sold the farm which had been his father’s homestead. Ten or eleven years ago, she had a fall which injured one of her limbs to such an extent that since that time she has not been able to move about without assistance. Up the to the time of her fall, she never consulted a doctor. Since her injury, her daughter, Ingeborg, has been her constant and faithful companion and nurse for which she is entitled to great credit. Aside from the injury received from her hall, her general health has been good and mental faculties, though less active, normal up to a few days before her death. Mrs. Halvoson, though slender and almost fragile in her appearance, had the strength and resiliency of Damascus steel. She was the mother of eight children, experienced the usual hardships and privations of the poor and early pioneers, did more hard manual labor than most men of the present generation are willing to do. The writer has known her intimately for 55 years and during all that time never heard a complaint drop from her lips. Sustained and soothed by an unfaltering trust in her Creator through all her toils and trials, she approached the deeps and shadows that lie between mortal life and eternity “Like one who wraps the draperies of his couch about him and lies down to pleasant dreams.” On Memorial Day she was laid to rest beside her husband in the old Curran cemetery. Rev. Hofstad of Whitehall and Rev. Aune of Osseo officiated at her funeral. The following named children survive her: Tom Halvorson of Whitehall, Andrew and Hans of New Auburn, Mr. Brown of Stanley and Ingeborg of Whitehall, all of whom were present at the funeral. Written by H.A. Anderson THE TAYLOR HERALD - JUNE 15, 1923

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bård Gram Økland

Har fått meir informasjon frå Anderson. Ho skriv at det er ein som heiter Richard Johnson frå Jackson county som har skrive ein bok om Økland familien. Boka inneheld også mange bilete av familie medl. Når det gjeld dei norske slektningane som er nemnd i boka finn eg ein del feil, men når det gjeld dei som utvandra får ein tru at det finst gode kjelder på dei i USA.Opplysningar i boka stadfester ein del av det me no veit, men her er det også viktig nytt.Me finn opplysningar om alle dei fire søskene som er nemnd i innlegg 1. (1) Guro Nilsdatter Økland married Tollef Berntsen Vihovde. Had son Bernt. Many descendants in the area.(2) Torborg Nilsdtr. Økland m. Nils Endresen Eidsvaag. They had 7 children Martha, Andrew, Nellie, Suemma, Martin, Lydia, Sjur. (3) Jakob Nilsen Økland m. Ingeborg Tjærandsdtr. Ulversaker. They had 10 children, Martin, Julia, Taerand, Becky, Nels, Johannes, Louis, Josephine, Theodore, Isabelle.(4) Nils Nilsen Økland m. Lisbeth Hansdtr. Nappen They had 6 children Nels, Anna, Lars, Marth, Hans, Anton. (Anton is Richard Johnson's grandfather.)Det har vore vanskeleg å finne att Johannes Nilsen Økland i USA. Han drog frå kjærast og barn til USA. Men boka nemner han:(5) Johannes Nilsen b. 1834 Served as a color bearer and died in the Civil War.Det er interessangt at boka også nemner ein bror til som utvandra:(6) Peder Nilsen Tvedte b. 1825 m. Helga Olsdtr. Rottingen. They had 4 children. Their oldest son Nels b. April 23, 1857 at Tvedte came to America in 1882 and two years later began farming near Jessie N.D. He married Engla Eidon Dec. 24, 1901 in Cooperstown, N.D. He died July 15, 1938. They had 4 children Edwin, Palmer, Nora, Melvin. no descendants.Anderson skriv videre at desse søskene som eg har leita etter, hadde søskenbarn som utvandra til USA og busette seg i Jackson county.Torborg Larsdtr. Økland f. 1807 (gm. Nils Olai Tollefson Haugland) var søster til Nils Larsen Økland - gm. Marta Pedersdtr. Dyrnæss - som var foreldre til dei søskene eg har leita etter. Torborg og Nils Olai hadde altså barn som utvandra til USA: (1) Tollef Nilsen Haugland m. Nilsine Monsdtr. Torsnes. 3 children Martin, Louisa, Marcus Nilsine died and Tollef married Anna Christofersdtr. Haugsgjerd. 9 children: Nels, Christopher, Theodore, Lewis, John, Emil, Bertilda, Joseph, Arthur There are many descendants of this family.(2) Brynhild Nilsdtr. Haugland m. Reier Tjærandsen Ulveraker. They had 9 children: Tjærand, Thea, Julia, Nels, Henry, Alice, Albert, Isabelle, Rudolph.(3) Nils Nilsen Haugland m. Kristiana Bardsdatter Ulveraker. They had 7 children: Samuel, Thea, Louisa, Nicholai, Bessie, Josephine, Mina Asclina.(4) Lars Nilsen Haugland b. in 1842. Came to America in 1856 with his parents. Enlisted for the Civil War in 1861. Died at the battle of Ferryville, Kentucky Oct. 8, 1862. Buried at Chaplin Falls, Kentucky.mvh Bård

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.