Gå til innhold
Arkivverket

[#19652] Reidar Reidarson Åsbu, Sveio til USA


Gjest Helga Kallevik
 Del

Recommended Posts

Gjest Helga Kallevik

Hei!Er det nokon som kan hjelpe meg med informasjon om Reidar Reidarson Åsbu f.1855. I følge Sveio Bygdebok (2) reiste han til Amerika. I følge 'Family Search' var han f. 20.06.1855 og døpt 15.07.1855.Foreldra var: Reidar Bårdson Åsbu (1827-99) og Anna Knutsdatter Emberland (1827-95).Reidar var bror til mi oldemor Bertha Oline Reidarsdatter Åsbu. Ei anna syster var Inger Marie g. m. Ola Eilifson Fjon. I 1883 fekk Inger Marie sonen Ole Martin. Reidar er då oppført som fadder noko som inneber at han må ha reist til Amerika etter 1883.Ynskjer å finne ut kor det vart av Reidar i Amerika, og om han vart gift og har etterkommere der borte. Veit ikkje om han nytta etternamnet Åsbu (Aasbo el. andre varianter av dette) eller om han brukte Reidarson/Reierson. Kan vel også ha nytta Baardsen som faren.Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arne Solås

Hei Helga -Litt vrien denne her med så få sikre holdepunkter, men fant en 'brukbar' kandidat ved folketellingen 1900 i Logan School District, Campell Co. South Dakota. Så får du se om ett eller flere av barnas navn er vanlige i slekten.Reier Reierson, f. juni 1855 i Norge av n. foreldre. Gift i 12 år, imm 1885, nat., Farmer.Mary, Wife, f. juni 1864 i Norge av n. foreldre. Imm. 1888. Har født 7 barn, hvorav 6 i live.Fretchof (?) f. apr. 1889.Harol (?) f. aug. 1890.Reidar f. apr. 1892.Nels f. sept. 1895.Mollie f. jan. 1897.Leif f. febr. 1899.Mvh. Arne.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Hei!Er det nokon som kan finne ut kven denne karen her var? Namn og fødselsår (Reier Reiersen f. 1855)stemmer med den overfor nemde, men han er oppgitt å vera frå Nummedal. Var det vanleg at dei på den tida, (heime på besøk i 1925), reiste over Bergen når dei skulle til Nummedal, eller kan det vera ei feilskriving her? Kan kona ha vore derfra? LenkeDette er vel også som den berømte nåla i høystakken. Er det mulig ut frå at det er er oppgitt bestemmelsestad til 'Amk. Bleview Minn.' å finne ut om dette er eit villspor? (noko det vel mest truleg er).Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Hei her gjekk inlegga om kvarandre.Det ser ut som det er samme personen du har funne som den eg fann i emigrantprotokollen for 1925 (Heime på besøk). Her er kona oppgitt til å vera Mrs. Mary f. 1864.Ugift datter Miss Gyda f. 1906 er oppgitt født i Campell Co. South Dakota. Ho er altså f. etter ft. 1900. Og dei var då busette i Campbell CO. SD. I 1925 har altså alle 3 bestemmelse stad Bleview Minn.Men altså i emigrantprotokollen oppgitt å vera født i Nummedal. Han eg leitar etter er født i Sveio. og slekta er derfrå i mange generasjonar bakover. Kan her vera ein feil at han likevel var frå Sveio?Helga K.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Er det nokon som kan seie meg kvar i Minnesota 'Bleview' er eller var? Eg finn hverken County eller townships med det namnet.Helga K.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bård Gram Økland

Hei,Finn ingen stad i Minnesota med dette namnet, men det finst ein stad som heiter Mount Bleview i Texas.mvh Bård

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Kan det Kanskje vera Bellevue TWP, Morrison County MN dei skulle til?Er det nokon som ev. kan sjekke 1920 eller 1930 census for desse personane i Bellvue twp, Morris COunty MN?Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Ved søk i ft 1865 for Buskerud (det er vel der Numedal ligg?) finn eg 2 stk Reier Reiersen f. 1855 i Buskerud. Ein i Sigdal (Grenskoven skoledistrikt).Det er vel kanskje mest truleg at den me har funne er ein av desse, men vanskeleg å seia.Veit jo ikkje om denne emigrerte. Eg prøvde på søk rundt i landet etter Reier Reiersen f. 1855, ikkje så mange. Så det er eit godt samantreff visst fleire av dei emigrerte, men sjølvsagt kan det ha skjedd.Det kan jo også hende at Den Reier eg leitar etter har ntta ei eller anna form av Åsbu som etternamn.Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Hei!Her er lenke til 1865 teljinga for den Reidar (Reiar) eg leitar etter. Ser at dei frå Buskerud skriv Reier mens han frå Sveio skriv Reiar Reiarson. Men det kan jo fort ha endra seg.LenkeHelga K.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Hei!Har no funne ei slektsida i USA som stadfestar at den Reier Reierson eg fann under emigrantprot. i didgitalarkivet og som ser ut til å vera same pers. som Arne Solås har funne er eit blindspor.Denne Reier ser ut til å vera frå Nore I Buskerud emigrert i 1885:Census year: 1865 Municipality: Nore Municipality number: 0633 Name of domicile: Grækvar Number of persons in this domicile: 8. Name Family status Marital status Occupation Birth year Birth place Ethnicity Reier Reiersen Husfad g Gaardb Selveier 1824 Opdal Guri Eriksdatter hans Kone g 1827 Opdal Reier Reiersen deres Søn ug 1855 Opdal Så då må eg berre starta med blanke ark att. Veit i allefall at eg kan utelukke denne når han event dukkar opp i ulike USA protokollar.Helga K.Helga

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Laila N. Christiansen

Helga, jeg synes du skal begynne her hjemme. Finn emigrasjonen i protokoll, og finn en evt. flytting ut av Sveio kirkebøker!Det blir for mye gjettverk, og mye tid går tapt når vi ikke begynner i den riktige enden.Evt. en titt i filmene på SA i Bergen? Laila

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Laila N. Christiansen

mneei, Berit, sønnen til Reidar Andersen var f. 17. april 1856, dpt 4. mai 1856. Dette er ikke den samme som den Helga leter etter tror jeg?Dette er vel den Helga leter etter: Fra familysearch:Reier Sex: M Event(s): Birth: 20 Jun 1855 Place: Christening: 15 Jul 1855 Place: Sveio, Hordaland, Norway Parents: Father: Reier BAARDSEN Mother: Anna KNUDSDR-----------------En mys i utflyttede i Kirkeboka kan gi svar på om den Reidar Emberland er korrekt! Laila

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Laila N: Christiansen

og, her er 'bevis' på at den Reidar som reiser, gm. Aselina, er den Reidar som Berit fant, med far ANdersen...Reiar REIARSEN Sex: Event(s): Birth: 1856 Parents: Father: Reiar ANDERSEN Marriage: Spouse: Marta Aselina THORSDR Marriage: 11 Jul 1877 Place: Sveio, Hordaland, NorwayJeg tror nok vi må bort fra skjermen og over i kirkebøker... :)Laila

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Hei!Takk for hjelp og interesse. Ja, det er son til Reidar Bårdsen og Anna Knutsdatter er er på leiting etter. Reknar med at årsaka til at eg ikkje finn han i emigrantprotokollen kan vera at han reiste over Stavanger hamn og at denne protokollen er ufullstendig grunna brann i arkivet.Eg har tidlegare prøvd å spore opp nevøen til Reidar Reidarsen, Ole Martin, utan resultat(inlegg 9875). Ole Martin var son til Reidars syster Inger Marie, og Reidar er som nevnt, oppgitt som fadder. Ole Martin reiste også til USA ein gong etter år 1900, (Han vart far til ei jente født på Bømlo 1901).Etterkommere av denne jenta veit ingenting om kor det vart av Ole Martin, men i bygdebøkene står det at han reiste til Amerika.Far til Ole Martin var Ola Eilifson Fjon, Ole Martin vart fødd året før foreldra gifte seg og faren døydde samme året. Mora vart seinare gift Stenbro. Eg veit ikkje kva etternamn Ole Martin brukte då han emigrerte. Grunnen til at eg dreg fram dette her er at Ole Martin kanskje reiste til onkelen sin der borte (det var jo vanleg å reise til slekt og venner).Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
Gjest Helga Kallevik

Hei!Prøver meg på ny med dette emnet. Har ikkje funne ut meir om Reidar Reidarson Aasbu (son av Reidar Bårdson Aasbu)og bror til oldemor.Har no sett gjennom utflytte frå Sveio i den scanna kykjrboka her på nettet (frå 1894 og framover). Han er ikkje å finna her, så då reknar eg med at han reiste over ein gong mellom 1883 (då han er oppgitt som fadder på nevøen Ole Martin) og 1894 då kyrkjeboka starter.mvh Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 9 måneder senere...
Gjest Helga Kallevik

Hei!Har no også sett gjennom scanna kyrkjebok (Ministerialbok) 1883 - 1894 for Sveio utan å finna Reier Reierson utflytta her heller. Dermed har eg sett gjennom kykjrebøkene for Sveio i tidsrommet 1883 - 1906 utan å finna han som utflytta.I bygdeboka for Sveio står det berre: Reidar f. 1855. I Amerika.Noken som har ein ide til korleis leita vidare her? Kva kjelde kan opplysningane i bygdeboka om at Reidar var i Amerika vera? mvh Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 måneder senere...
Gjest Helga Kallevik

Tar denne opp att. Har no sett på dåpen til Ole Martin Olson ein gong til (april 1883 i Sveio). Ser at det kan vera feil at Reier Reierson er fadder, trur heller det står Reier Baardsen (farfar til Ole M. og far til Reier R.) som er fadder. Dermed kan Reier Reierson Aasbu ha reist over før 1883.Eg har difor no på nytt sett gjennom dei scanna kyrkjebøkene utflytta frå Sveio utan å finna Reier. Har nokon andre idear til korleis eg kan finne han?mvh Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Magnar Hjelmeland

Hei, Har hatt kontakt i USA med etterkommere av Elen Reiersdatter Økland, ho utvandra i 1884 saman med den eg trudde var mora, Elen Holgersdtr. Økland, men det var det ikkje, ho var tanta. Veit ikkje om det her er slekt du er på jakt etter. Mvh Magnar

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

hei!Trur ikkje at desse hadde noko med einannan å gjera. Men har ikkje sjekka dette ut.Reidar /Reier var (er) eit svært mykje brukt namn i Sveio.mvh Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...
Gjest Helga Kallevik

Hei!Trur eg endeleg har løyst denne gåta. Fekk epost frå ein som meinar at Reier Reierson f. 20 juni 1855 i Sveio var oldefaren hans. Dette stemmer også med dei andre opplysningane han har ma at foreldra til Reidar var Reidar Baardsen og Anna Knutsdatter Aasbu. Reier Reiersen kalla seg Reinert Ryerson i USA.Han busette seg i Dane Co i Wisconsin. Begravd i McFarland.I det gamle huset til besteforeldra mine, som også var der oldemor mi Bertha Oline Reiersdatter Aasbu budde, er der nokre gamle fortografi tatt i Madison og Stoughton Wisconsin før og etter 1900. Ingen veit kven dette er. Veit ikkje om andre i familien som emigrerte til Wisconsin. Så eg vil tru at mannen på bilete som nok er teke før 1900 kan vera Reier. Samme mannen er på eit familiebilete med 3 små barn. Dette er tatt nok seinare.mvh Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.