Gå til innhold
Arkivverket
Gjest T. Grindheim

[#20046] Carl Arnesen Haarvedrag, Møre og Romsdal

Recommended Posts

Gjest T. Grindheim

Trenger hjelp til å finne foreldrene til Carl Arneson Haarvedrag i Geiranger. Han ble født ca. 1813 i Sundelvens prestegjeld. I 1865-tellingen finner jeg han som gift med Regine. Lenke Er det noen som kan hjelpe? Mvh Tove

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald Ormbostad

I bygdeboka for Sunnylven og Geiranger står det: 1845 Karl Arneson Timbjørg kjøpte halve bruket av Steffen L. Gjørva. Han var g.m. Regine Torsd. Frøysa, Ellendbruket, f.1817. Karl døydde 1894, 82 år g. Under Timbjørg står det at Karl, f. 1812, var sone til Arne Rasmussen Skageflå og kone Anne Knutsdotter Midgård, frå Oaldsbygda, som var brukarar på Timbjørgane. Arne døydde i 1826, 48 år gammal. Enkja held fram som brukar. Desse to plassane skulle du ha vitja. Det er både luftig og brattlendt, og veldig godt utsyn. Så uren luren himmelturen høver godt både på Horvaddraget og Timbjørgane. Ta deg ein tur til området til sommaren, og sjå på dette! Eg vil rå deg til å låna bygdeboka for Sunnylven og Geiranger II av P. A.Lillebø, nyaste utgåva frå 1993, så finn du slektene langt attover her. Far til Arne var Rasmus Isakson på Skageflå, far hans igjen var Isak Anderson Hyski (Horski), og far hans igjen Anders Anderson ,og då er du i alle fall kome attende til 1737.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest T. Grindheim

Tusen hjarteleg takk for hjelp. No kom eg eit stort steg vidare. Eg har vore i Geiranger ved eit par anledningar, men ikkje på dei plassane du nevner. Får sjå om det ikkje let seg gjera ved ein anledning. Skal prøva å få tak i bygdeboka. Mvh Tove

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest T. Grindheim

Til Harald Står det noko om kona sine foreldre i same bygdeboka, eller er det i eit anna bind? Mvh Tove

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest T. Grindheim

Takk for tipset, men det var lite om slekt på de sidene. Mvh Tove

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald Ormbostad

Jau, da. Det står om kona si slekt i same bindet. Ho er frå Ellendbruket, Frøysa i Sunnylven. Ho er dotter til Tore Olsson Hellebostad og Synnøve Ellingsd. Desse var brukarar på denne garden frå 1805. Regine var fjerde barnet til dette paret. Synnøve Ellingsdtr. var jordataus på denne garden, dotter til Elling Olsson Frøysa og Synnøve Klausd. Glomnes Det ser ut til at Synnøve den eldre døydde i samband med fødselen, i alle fall døydde ho same året. Du finn og fleire ættled attover i tida til alle desse folka i same boka, så den må du låna. Er det meir du lurar på om dette, så er det berre å spørja.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald Ormbostad

Om du er interessert, så har eg bilete frå dei fleste av dei nemnde plassane, Men då må eg få e-postadresse. Dei plassane som ligg langs Geirangerfjorden og Sunnylvsfjorden har eg vore på.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest T. Grindheim

Hei Harald Tusen takk for veldig masse god hjelp. Er veldig interessert i bileter. Mi adresse er: t.grindheim@hjemme.no Må koma meg på biblioteket så snart som råd. Håpar dei har boka. Mvh Tove.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tor Myklebust

På biblioteket kan du også spørje etter boka 'Fjorden, fjellet og folket' av Arild Flydal. Der står det meir om både Horvadrag, Timbjørgane og Carl Arnesen.Ei lita retting til det som står ovanfor. Isak Anderson Hyski sin far heitte Anders Knudson, ikkje Anderson. Han var gift med Synneve Isaksdtr frå Skåre i Oppstryn.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald Ormbostad

Eg gjekk ut ifrå det som står i bygdeboka for Sunnylven og Geiranger side 492, og der står det Anders Anderson sat her i 1737. Men det har vore feil i bygdebøker før, så det er det vel denne gongen og. Kvar har du funne desse opplysningane? Er alltidinteressert i å få det mest mogleg riktig. Ellers skal eg vera med å anbefala boka til Arild Flydal.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest T. Grindheim

Takk for all hjelp. Har ikke vært på biblioteket ennå, men må prøve å få det til snart. Må også prøve å finne ut om denne Anders. Er takknemlig for all hjelp. Mvh Tove

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tor Myklebust

Det står rett nok i bygdeboka at Anders Anderson sat på Hysket i 1737 men eg har ikkje funne nokon kjelde som stadfester dette. Og av erfaring veit eg at der er mykje feil i denne boka.Det ein veit om Hyske-Anders er at han er nemnd i manntalet til ekstraskatten i 1762 Lenke. Han er ikkje nemnd i avgangslistene for 1763. D.v.s. han må vere i live ved inngangen til år 1764. I følge eit skifte etter ei søsterdotter 24 januar 1767 er han no død. I kyrkjeboka for Geiranger prid. Dom: XX á Trinit. 1765 finn eg: 'gravf. Anders Knudsen Grande gl. 72 aar'. Dette må vere Hyske-Anders. At han også hadde ein son Knud kan tyde på at Knud er rett patronymikon.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald Ormbostad

Det lyd veldig sansynleg det du kjem med her, så det er nok riktig. Eg var forresten i Hyskjet i fjor sommar, og eg skjønar godt at det var fattige folk som budde der. Sjølv om det no er fullstendig vokse igjen, så ser ein at det må ha vore ein heller liten plass.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest T. Grindheim

Ja, no har eg lånt boka 'Fjorden, fjellet og folka'. Har sett i den og fann ut litt, men nye spørsmål dukka opp. Det står at Carl fekk to born med kona Regine. Dei var Andreas og Synneve. Det står og at han tar til seg to døtre som han får med tausa. Eg har navnet Gunnhild på ei dotter, og då går eg ut frå at tausa er mor hennar. Men kva heite tausa? Kan nokon hjelpa?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald Ormbostad

Vi får ta det frå bygdeboka for Sunnylven og Geiranger, Bind II, side 455.1845. Knut Arnesson Timbjørg kjøpte halve bruket av Steffen L. Gjørva. Han var g.m. Regine Torsd. Frøysa, Ellendbruket, f. 1817. Karl døydde 1894, 82 år g.- Born: 1. Andreas, f. 1841, neste brukar. 2. Synneve, f. 1844, g.m. Ingebrigt Pedersson Årset. 3. Gunhild, f. 1856, g.m. Jonan Jonsson Gjerde, Norddal, busett på Vinje. 4. Karoline, f. 1858. Mor til dei to siste døtrene var Brit Pedersd. Hellesylt.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest T. Grindheim

Hei Harald. Tusen takk for hjelp. Jeg har ikke fått lånt bygdeboken ennå, jeg står på venteliste på biblioteket. Så da var det vel Brit Pedersd. som var tausa som han fikk barn med. Går ut i fra at de ikke var gift. Ifølge boka 'Fjorden, fjellet....' så fikk han de to sist døtrene med tausa. Det står: Karl må ha vore ein særmerkt personlegdom og Regine ei tolmodig og storsinna kvinne. Til sine eigne born, Andreas (f. 1841) og Synneve (1844) tek dei og inn i familien to døtre som Karl får med tenestetausa på Horvadrag. Rett nok får ho avskil etter første barnefødselen, men dei treffest att, då ho er i teneste i Gomsdalen og nok eit barn vert resultatet. Skulle vært artig å sett kirkeboken. Gleder meg til å få bla i bygdeboken når jeg får den. Mvh Tove

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tor Myklebust

Frå kyrkjeboka:1856: f. 15 sept, dpt. 30 sept. Gunhild uægte; foreldre: Gaardbr. og gift mand Carl Arnesen Horvedrag og pige Brithe Pedersdatter Hellesylt. Og det er barnefaderen som har meldt frå om barnefødselen.1858: f. 26 sept, dpt. 17 okt. Caroline uægte; foreldre: Gaardbr. og gift mand Carl Arnesen Horvedrag og pige Brithe Pedersdatter Hellesylt. Ho var heimedøypt av kyrkjesongar Langeland og det var gaardbr. Lars Jacobsen Korsbrekke som melde frå om barnefødselen.Caroline finn eg ikkje att i 1865-tellinga. Det er muleg at ho døydde tidleg.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest T. Grindheim

Tusen takk for hjelpen. Flott at jeg kan få så mange opplysninger mens jeg venter på bygdeboken. Mvh Tove

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest T. Grindheim

Kan jeg spørre om en ting til? Hvor ble Gunhild døpt? Mvh Tove

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest T. Grindheim

Hvor ble det av Brithe? I boka jeg har lånt, står det at etter at hun fikk Gunhild fikk hun teneste i Gomsdalen. Finner henne ikke i 1865-tellingen. Har ikke fødselsår og dødsår på henne. Trenger også hjelp til å finne foreldrene hennes. Mvh Tove

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marianne Sulesund

Carl Arnesson på Timbjørgane var vel farfar til Sylfest Andreasson som var den siste som bodde på Horvadrag. Jeg har notert følgende 'Sølfest var den siste som bodde og brukte Horvadrag. Sammen med foreldrene kjøpte han gården Ytste-Haugen i Ramstaddalen og flyttet dit i 1900. Folketellingen 1900 er Sølfest med familie på Klokk i Ramstaddalen.' (Ramstaddal er nå under Sykkylven, tidligere Ørskog). mvh Marianne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest T. Grindheim

Hei Marianne. Takk for innlegg. Men nå er det helst Carl sin uekte datter Gunhild og mora hennes Brithe som jeg er på jakt etter. Gunhild er tipp-tipp oldemor til mine barn. Mvh Tove

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tor Myklebust

Men Caroline var ikkje død likevel!! Eg fann henne som konfirmert i Geiranger i 1873. Det heiter då at ho var fødd på Korsbrekke. Eit nytt søk i 1865-tellinga gjorde at eg no fann henne i Ørskog [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=f61527.wc2&variabel=0&postnr=916&fulle=true&spraak=n>Lenke.Brite Pedersdtr trur eg er her Lenke på Korsbrekke i 1865. I følge bygdeboka var der ei Brite Pedersdtr Hellesylt, dotter til Peder Larsen, som vart gift i Romsdalen. Kan det vere ho som er her

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest T. Grindheim

Tusen hjertelig takk for hjelpen. Dette var flott. Har du mer informasjon om Gunhild også? Når hun ble konfirmert og når hun døde? Jeg har bare et dødsåret 1919, men har ingen bekreftelse på dette. Mvh Tove

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.