Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Svein Hansen

[#20151] Krokeide /Rå /Fana/Hordaland

Recommended Posts

Gjest Svein Hansen

Kan noen hjelpe meg med opplysninger om ekteparet Ola Johanesson,Krokeide og Lussi Mortensdatter,Rå skal ha giftet seg ca. 1754.Ola er født ca. 1727. Svein

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Lussi er dotter av Morten Sjursen og Ålit Olsdotter. Lussi er truleg den siste av tre dei fekk med det namnet, døypt 7/2 1734.Morten og Ålit gifte seg i Førde i Sunnfjord 1725, for dei var båe frå Førde. Morten S. var fødd på Moflaten i Førde 1697, Ålit O. på Soleim i Førde 1704.Dei fekk det fyrste barnet i Fana 1727, men hadde truleg med seg ei Anna frå Førde.Dei held lenge til i Stend-Rå-området i Fana. Ålit døyr på Åletræet på Stend i 1753, medan Morten døyr på Fanahammeren 1767.Elles finn du vigsla til Lussi under Fana i Hordaland her på DA.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Bratland

Gurine Mortensdtr. blir født 18 okt.1807 på Flesland uten for ekteskap. Som far blir oppgitt Morten Siursen , Aaletreet . Var der flere Morten Siursen som har bodd på Aaletreet? Jeg kan ikke finne flere . Eller er det bare moren som har slengt ut et navn til presten ?Finn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Det veit eg ikkje, men han kan jo ha vore ein soneson av den fyrste. Morten hadde nemleg ein son Sjur, men eg kan ikkje se at han fekk born i Fana - om han i det heile levde opp. Åletræet var vel ein husmannsplass under Stend, og der kan folk ha kome og gått. I 1801 var det ein Erik som sat der, men kven som kom etter, veit eg ikkje. Du får sjå i Fana-boka, sjølv om den knapt har med seg alt om desse folka. Den er, for å seie det mildt, svært grunn.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marit Ådlandsvik

Morten fikk 2 sønner som ble døpt SJUR. Den første født i 1727, dør i 1736. Den andre blir født året etter, i 1737, men dør i 1754. Det virker ganske usannsynlig at han da allerede har fått en sønn som så slår seg ned på denne gården senere.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marit Ådlandsvik

Til Bjørn. Den Anna som du sier Morten og Ålit hadde med seg til Fana er min 4-tipoldemor. Jeg har ikke funnet dåpen hennes i Fana og Fanaboken sier ingenting om hvor de kom fra. Går det an å få vite hvilken dokumentasjon du har som kan bekrefte at Morten og Ålette som gifter seg i Førde, er de samme som 'dukker opp' i Fana et par år senere ? Har du opplysninger om Morten og Ålettes foreldre ? Har du opplysninger om Annas dåp i Førde ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Anna Mortensdotter er òg formora mi.Når det gjeld dokumentasjon har eg ikkje notert nokon særskild, men kombinasjonen av namn i eit ekteskap Morten/Ålet er ikkje heilt vanleg. Og når vi veit at det kom mange sunnfjordingar til m.a. Fana utover 1700-talet og desse vart funnen vigde i Førde like før nokre med same namna økslar seg i Fana, har eg tatt det for gitt at det er same folket. Dessutan er dei ikkje å finne att i Førde. At Anna M. er dottera deira, bør det heller ikkje vera tvil om. Ho fekk m.a. ein son Morten (1751) og ei dotter Alet (1755). Det kan nok vera at ein ved leiting i skifter i Førde, vil finne fullgod dokumentasjon, men så langt har til no ikkje drive det i dette tilfellet.Når det gjeld Anna M., vart ho gift med Brynhild Olsen Rå. Han var truleg fødd i Voss kring 1724 som son av Ola Sjursen frå Skutle og Dønnet Brynildsdotter frå Øvre Skutle. Ola og Dønnet økslar seg i Fana, men ser ut til å ha drege heim att til Voss og dødd der. For dei finst ikkje død i Fana. Derimot døyr ei Dønnet B. i 1776 på Voss 'af Fattigh. Festo Trinitat'. Ola var forresten utskriven til Store Nordiske krig 1718, men kom heim att med kompaniet 1719.Brynhild O. og Anna M. fekk desse borna i Fana: Karen (1748), Ole (49), Morten (51), Knut (1753-1820 x til Tveiterås), df.s. (54), Alet (55), Dønneth (58), Brynild (60), Anna (61), Lars (63) og Sjur (65). Sistnemnde er fødd på Milde, same stad som faren døydde same år.Morten Sjursen var son av Sjur Abrahamsen frå Mo i Førde (kring 1655-1715) og Anna Olsdtr. (f. på Åsane i Førde og død 1706 på Mo). Dei vart vigde i Førde 1692.Sjur var son av Abraham Sjursen Mo (kring 1626-1689) og Guri Andersdotter (f. på Gjesdal i Jølster, d. på Mo). Dei vart vigde 1654, eg trur det var i Førde.Abraham var son av Sjur Andersen Mo (f. 1593).Sjur var son av Anders Mo. Han var på Mo i Førde mellom 1603 og 1611 og gift med Synneve Endresdtr. (f. på Berg i Jølster, d. på Mo).Kjelde for dette er dels Førde bygdebok og Yngve Nedrebø.Når det gjeld Fana-boka, er det etter måten lite å finne der. Eg trur det har med at dei som står bak boka, ikkje har drive grundig nok gransking av kjeldene.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marit Ådlandsvik

Tusen takk for mange opplysninger ! Jeg er enig med at navnesammensettingen er spesiell, og at dette sannsynliggjør sammenhengen. Siden det er Knut du nevner ytterlige opplysninger om - er det han som er forfaren din ? Det er han som er min 3-tipoldefar. Du oppgir dødsåret hans til 1820. Jeg har lett etter dødsfallet hans uten resultat. Det eneste sikre jeg har funnet ut er at han er død senest i 1825. Da den ene sønnen dør det året, er han nevnt 'Afg.' 12 2602 2106 Søn m Ole Knudsen Afg. Forpagter Knud Brynildsen Tvetteraas 16 Aar Tvetteraas 1825 Druknede i Isen udi Nordaasvandet Har du sikre opplysninger for dødsfallet ? Mvh. Marit Å.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Ja, det er Knut si dotter eg slekter etter - Søvik-greina.Eg har ikkje funne Knut død, men der er skifte etter han i 1820, faktisk med bustad Jordal i Arne skipr., prot. 14 side 331 b.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Svein Hansen

Takker for all hjelp og innformasjon om Lussi Mortensdatter og hennes familie.Dette var til stor hjelp for meg.Men er det noen som har innformasjon om hennes mann Ola Johanesson,Krokeide og hans familie. Svein

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Eg har diverre ikkje noko på han. Men om du låner inn bygdeboka for Fana, band 4 - ny utgåve, finn du sikkert noko. Eg har ikkje den boka sjølv, men der står det nok ein del, vil eg tru.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Heidi Tofterå Slettemoen

Under KROKEIDE br. 7 i Fana bygdebok band IV, s. 589:Johannes Fabiansen Kuven, f. ca. 1645 (Kuven er i Os), hadde truleg denne delen ca. 1670-90. Gm. Anna. Barn: Ola b. på N. Hjellestad, Fabian s.n., kanskje også Sander på br. 8 og 9 og Brita på br. 12.Jakob Larsen var brukar ca. 1690 og forbi 1701. G.m. enkja etter Johannes.Fabian Johannessen f. ca. 1680, d. 1740, bygsla etter stefaren. G.m. Ingeborg Olsdtr., f. ca 1670, d. 1746. Barn: Johannes s.n., Ingeborg d. lita.Johannes Fabiansen, f. ca. 1705, d. 1737, hadde bruket frå ca. 1730. G.1. 1725 m. Brita Johannesdtr. Særvoll, f. 1691 i Os, d. 1731. Barn: OLA b. i Åletræeet (Stend), 2 barn døde små. G 2. 1735 m. Agneta Pedersdtr. Åsen, f. 1701 i Os, d. 1745. Barn: Peder. Johannes blei avretta nyåret 1737 fordi han hadde tatt livet av ei tenestejente som han hadde 'besvangret'. Stadnamnet Rettarbenken syner truleg til staden der han blei halshogd.Under Åletræet (STEND) i Fana bygdebok band IV, s. 634:Morten Sjursen Rå (sjå der), flytte hit kring 1750. G.1. m. Ålit Olsdtr. f. ca. 1704, d. 1753. Barn: Sjur, Abraham, Marta, Lussi s.n., Ola d. liten, Ola. G. 2. m. Sygni Willumsdtr. Ingen barn.OLA Johannes. Krokeide, busette seg her i 1754 då han g. seg. m. Lussi Mortensdtr. Rå, f. 1734, d. 1816. Barn: Brita, Anna Margrete, Sjur, Ingeborg, Peder, Morten, Lussi, Berta, 3 barn døde små.Under RÅ (1659-1751) i Fana bygdebok band IV, s. 811-812:Frå 1659 og fram til 1751 var det paktarar og bygselfolk med åremålskontrakt som dreiv garden, og nokre av desse var her berre nokre få år.... Frå 1730-åra og fram til 1751 skifta paktarane titt. Nedafor er dei med som vi veit hadde ettarkommarar i Fana.Morten Sjursen kom her kring 1735. Hadde før budd nokre år på Liland. Pakta fram til 1751. Budde seinare i Åletræet på Stend (sjå der). G.m. Ålit Olsdtr., f. ca. 1704, d. 1753. Barn: Anna på Stend, Sjur d. ung, Lussi b. i Åletræet, Abraham, Marta, Anna, Ola, 4 barn døde små.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Svein Hansen

Tusen takk for god hjelp Heidi !!!Her var det mye å ta tak i. Hilsen Svein

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marit Ådlandsvik

Hei Svein ! Det ser ut til at våre slektsrøtter går sammen flere steder. Til det du holder på med nå er dette en interessant side : Lenke Det er ikke alt på denne hjemmesiden jeg kan gå god for, men du vil nok finne en del du kan bruke.Til Bjørn ! Og en annen av Knut og Anna Margrethes døtre, Dønnet, er min 2-tipoldemor. Det var hos henne Anna Margrethe bodde da hun døde i 1843. Så da var hun i alle fall tilbake i Fana. Men har du noen formening om hvordan de havnet i Arna ? Bodde et av de andre barna der, kanskje ? Fanaboken sier at de bodde på Tveitarås til ca. 1810. Men så er det sønnen som druknet, han er jo oppgitt med bopel Tveitarås i 1825. Jeg har spekulert litt på om det er hans fødsel som er grunnlaget for ca. 1810-angivelsen i Fanaboken.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Eg veit ikkje korleis dei hamna i Jordalen i Åsane (Eidsvåg) som då høyrde til Arne skipreide. Eg har ikkje funne Knud død der, men skiftet er reelt og syner attende til dei rette borna. Etter det skal denne sonen som drukna, vera fødd 1808. Derimot trur eg 1810 har samanheng med at Anna K. det året gifte seg frå Tveiterås med tremenningen Rasmus Nilsen på Søvik.Dei slekta jo frå Fusa og Strandebarm - og Malene på Søvik var syskenbarn med Anne Margrethe Jansdotter, kona til Knut B. Difor er det ikkje underleg at dei fant attende til Fana; dei hadde sikkert plassert borna i teneste der på fleire stader.Elles har eg tidlegare notert meg at Anna Margrete døydde hjå dottera Dønneth på Sælen. Då var Anna på Søvik alt død. Ho og Rasmus Nilsen døydde båe i 1836, men eg har ikkje funne at der var nokon samanheng mellom dei to dødsfalla som skjedde med berre nokre vekers mellomrom.Eg kan òg nemne at alle tre borna til Anna og Rasmus døydde av lepra; både Johanna på Håverstun, Margrete og Nils på Søvik - tillike med sonen til Nils, Peder.Eldste dottera til Nils, Anne, var oldemora mi; mor til mormora mi Anna Thorsen; jfr. DA's julekalender og bileta der.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Til Marit: Såg på den lenka di. Der var det mykje slekt. Kan du sende meg ein epost til fndbred@online.no? For eg trur eg har mykje meir om visse greiner.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Svein Hansen

Takk for lenken du la inn ! Der var det mange gode opplysninger. Svein

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.