Gå til innhold
Arkivverket

[#20610] Gullik Andersen og Maren Rasmussen frå Porsgrunn til Wisconsin 1883-1885?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Gullik Andersen, gift mann, 33 år, utvandra frå Porsgrunn til Amerika i 1883 med reisemål Whitewater, WIMaren Andersen, gift kone, 32 år, utvandra frå Porsgrunn til Amerika i 1885 med reisemål New York. Ho hadde med seg to born:Andreas Andersen, 7 årAnna Andersen, 3 år~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Anna C. Anderson, fødd ''i Noreg'' 19.9.1881, men utvandra i 1885, dotter av Gullick Anderson og Maren Rasmusson, gifte seg i Stoughton, WI 9.8.1902 med Carl Johan Mallum, fødd i Dane Co., WI 14.10.1879 av foreldre frå Luster i Sogn.~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Eg er overtydd om at me talar om same Anna, Gullik og Maren, men er det nokon som har tilgang til kyrkjebøkene for Porsgrunn som kan stadfesta fødselsdatoen til Anna og mellomnamnet hennar?Er det mogeleg å finna ut noko om opphavi til Gullik og Maren?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips som eg kan få!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Takk til deg Kari for at du har leita etter Anna i kyrkjeboki for Porsgrunn. Eg er svært overraska over at du ikkje fann noko, og eg undrar på om dei kan vera innflytte til Porsgrunn frå eitt eller anna naboprestegjeld...?Hadde det kanskje vore ein tanke å sjå etter Andreas fødd kring 1878 og vigsli til foreldri litt før?FT1865 har berre eitt alternativ for Maren Rasmussen/Rasmusdotter i heile Telemark, nemlig:Maren Margrethe Rasmusdotter, f. i Gjerpen 1853 som dotter av Rasmus Nilsson Flotterød og kona Berthe Kirstine Andersdotter, gardbrukarar på Folloug. Kan denne Maren vera mor til Anna??Nok ein gong, hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kari Aabelvik Sahlin

Hei igjen!Da fant jeg dåpen i Gjerpen.Født 19.sept.1881,døpt 4.des.1881Anne Kirstineforeldre:arb.Gullik Andersen og Maren Rasmusdtr.,Borge.Det er nok den rette du har funnet gift i Amerika.Mvh Kari

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Kjempeflott, Kari! Då er den floka løyst! Hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.