Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Håkon Aasheim

[#20793] Maritte/Martha Baarsdtr. Isdahl/HRDL

Recommended Posts

Gjest Håkon Aasheim

Om opphavet til Maritte Baarsdtr. (1747-1800) - som hittil er ukjend. Maritte vart konfirmert på Erstad i Alversund i 1765, og gift 1ste gg. i 1772 (i begge tilfella under namnet Erstad) med Nils Hansen Isdahl (1747-1780). Gift 2ndre gg. i 1780 med Magne Larsen Isdahl (1744-1826) Sjå Alenfit-boka s. 907 nr. 6 og 7. Ho fekk desse borna: a) Hans (1772-1887) Ein av fadrane var ei AASE EGEVIGEN. Formyndar for Hans i 1780 var Iver Nilsen Bleikli (gift 1774 med Marta Rasmusdtr. Tuft) b) Brita (1773- ) c) Kristi (1775-1776) d) Magne (1777-1814) Formyndar for Magne i 1780 var Lars Eriksen Mjølkerå - son til Erik Danielsen. e)Nils (1781- ) f)Lars (1784- ) g)Bård (1786-1860) Tyder det på oppattkalling etter far til Maritte, og at han no skulle vera død? Dei andre fadrane var frå området ikring bustaden. Men denne AASE EGEVIGEN? Kan det vera Eikeviken, som ligg mellom Biskopshavn og Helleneset? I så fall: Kva kyrkje soknar ho då til? Eg trur ikkje ho høyrer til Hamre. Og er Eikeviken med i det som er digitalisert av kyrkjebøk for Bergen? På førehand takk for mogelege innspel.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Håkon Aasheim

Her kjem det som i farten var utegløymd i første innlegget.Eg har søkt i Digitalarkivet i diverse kjelder etter alle ved namn Baar/Baard. Nokre kandidatar har eg funne, men ingen var så samarbeidsvillige at dei døypte ei dotter Maritte i 1747.Dei eg fann var: Baar Stephensen Hope i Sandnes sokn. Baar Johannesen Fammestad i Myking sokn. Baar Rommereim i Hosanger. Baar Huuse på Fedje.Elles ved søk på Bergen, så fann eg ein brukande kandidat, men ingen born foreløpig: Baar Nielsen, uk av Sandvigen, gift 1745 i Korskirken i Bergen med enke Berte Marie Olsdtr. Baar Nielsen, Mæsterrepslager av Sandvigen, gravlagd i St. Marcus prestegjeld i 1773, 56 år gamal.Håkon Aasheim

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.