Gå til innhold
Arkivverket

[#20823] Susanna Agnethe Nilsd. Kofoed (1780-1869) og hennar innvandra ektemenn i Bergen?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Yngste dotteri til Nils Paul Elbing Kofoed (sjå tema #20777) var:Susanna Agnethe Nilsdotter Kofoed, fødd på Flahammar i Luster 20.8.1780. Ho gifte seg tre gonger i Bergen:1) 11.6.1797 med Corneli(u)s Pappelin Dahm, ein matros eller båtsmann som ifølgje FamilySearch var fødd i Holland. Han vert oppgjeven å vera 50 år i 1801 og i første ekteskap(!). Denne Cornelius Pappelin Dahm døydde seint i 1801 eller tidleg i 1802, men eg kan ikkje sjå at dødsfallet er registrert i Bergen. Ei heller finn eg Cornelius i lista over matrosar i Bergen! Susanna og Cornelius fekk to born:- Johannes Pappelin Corneliusson Dahm, fødd i Bergen 15.8.1799, er nemnd i FT1801, men er elles ukjend!- Cornelia Marie Corneliusdotter Dahm, fødd i Bergen 11.4.1802, døydde i Bergen 8.3.1876, var gift med gesell Anders Pedersen frå Åbrekk i Stryn og fekk fire born.Spørsmål: Er det nokon som har kjennskap til denne første ektemannen til Susanna, Corneli(u)s Pappelin Dahm, opphavet hans eller lagnaden hans? Veit nokon kvar det vart av sonen Johannes?2) 5.2.1804 med Didrich Hinch, ein matros som ifølgje Undersøkelseskommisjonen 1804 var fødd i Hamburg i 1782. Denne Didrich Hinch døydde visstnok i 1805, men heller ikkje dette dødsfallet ser eg noko til i Bergen. Susanna og Didrich fekk to born:- Claus Didrichson Hinch, fødd i Bergen 22.10.1804, døydde i Bergen 13.2.1805.- Didriche Cathrine Didrichsdotter Hinch, fødd i Bergen 27.12.1805, levde enno i 1891 som ''lem af Zander Kaas' stifelse i Bergen'', men dødsfallet hennar har eg ikkje funne. Ho var gift med kjøpmann Carl Joseph Bernardoson Colombo i Bergen og fekk seks born.Spørsmål: Er det nokon som har vore borti denne Didrich Hinch og som veit noko meir om opphavet hans, eller lagnaden hans? Dødsdatoen til dotteri Didriche Colombo er ogso ønskt!3) 12.4.1812 med Ole Bendixen frå Kjørlaug i Hafslo (1784-1852) som vart knappestøypar i Bergen. Susanna og Ole fekk fem born i lag, som eg stort sett har bra rede på.Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne ætti!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Knut Bryn

Her har jeg ikke noe annet å bidra med enn skrivemåten på navnet til Susannas første mann (og barn). Cornelis var ganske sikkert av familien 'Pappelendam', som regel skrevet 'van Pappelendam'. Dette er og var en rimelig stor familie i Nederland. Håper det kan komme til nytte i den videre 'etterforskning'.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk, Knut, for denne interessante opplysningi om Cornelius og namnet hans. No har eg vore på FamilySearch, og der finn eg ein tilsynelatande perfekt ''match'':Cornelis Gijsbertus van Pappelendam, fødd i Utrecht 21.11.1751 av foreldri Jan van Pappelendam og Berendina Verburg.Einaste sonen til Cornelius og Susanna heitte Johannes, oppkalling etter Jan?Men, so er det det at Cornelis Gijsbartus van Pappelendam gifte seg i Utrecht 26.1.1773 med Emmerensje Catrina Pisa, fødd i Utrecht og døypt 22.2.1750. Ho døydde i Utrecht 22.1.1800. So kanskje er det ikkje denne Cornelis likevel, som kom til Bergen, med mindre...? Det var langt frå Utrecht til Bergen den gongen; kanskje stakk han av heimefrå...? Det er jo ogso underleg at me ikkje kan finna dødsfallet hans i Bergen!Elles ser me at dotteri Cornelia konsekvent skreiv seg for Dam eller Dahm, men eine sonen hennar er døypt Cornelius Pappelendam!Eg takkar på ny for innspelet og høyrer gjerne kommentarar i denne saki!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Eg har ikkje så mykje å bidra med, men denne Colombo og kona fekk ein son f. 1843/44 som vart ein av skiparane av arbeidarrørsla i Bergen, Didrik Hein C. Han var utdanna snikkar og var ein av Sophus Pihl sine næraste medarbeidarar på 1880-talet. M.a. omtala m/bilete i 'Bergen Jern og Metall Avd. 5. 1890-1990' - mannen med 'skalk'.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Knut Bryn

Den Cornelis du fant i Familysearchs database, er vel kanskje ikke 100% umulig, men han må jo ha vært litt av en rundbrenner. Du finner litt mer om ham og hans familie på denne siden: [url="http://members.chello.nl/j.l.kuiperi/parentelen/pisa/pisapar.htm>Lenke Det står om ham at han var 'overhaalder'. Det er vel et yrke, men jeg aner ikke hva slags (neppe et sjømannsyrke). For øvrig er det jo verdt å merke seg at faren her er kalt Johannes! Ved en liten kikk på andre slektssider på nettet får man inntrykk av navn som Cornelis, Johannes og Jan er mye brukt i denne slekten, men dette er jo svært vanlige navn i Nederland.Hvis du går til denne adressen:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.