Gå til innhold
Arkivverket

[#20833] Batuel Pedersen Lindberg


Gjest Ole Øystein Nybø
 Del

Recommended Posts

Gjest Ole Øystein Nybø

Eg prøver å finne foreldra til Batuel Pedersen Lindberg. Han er mest truleg fødd i Molde i omlag 1730/40. Han gifta seg 24/4 1761 i Ørskog med Mette Isachsd. Falch.Mette var f. 1735 i Ørskog og dotter til Margrete Alexandersd. og Isach Johansen Falch.Mette og Batuel måtte ha bevilgning for å gifte seg, då dei skulle ha vore i slekt i tredje ledd.Eg kjenner til tre av borna deira: Gjertrud Margrethe 1761-1775, Ragnhild ca. 1763-1843 og Ellen Katrine 1766-1769.Er det nokon som kjenner til opphavet til Batuel Pedersen? Eg tek og svært gjerne imot andre opplysninger om han, og alt er av interesse.mvh Ole Øystein

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Batuel Lindberg (fornamnet er eineståande, eg reknar med at det skriv seg fra Bothwell) ser også ut til å ha hatt ein son Isak, for 1801 budde Berte Isaksdatter (16) hos Mette Isaksdatter (Falch) i Ysteneset, Ålesund, og det er då opplyst at Berte var Mette si ''Sønnedatter''.Lindberg fra Molde: A) 1754 var Lars Larssen Lindberg, glassmakar fra Molde, fadder for Andreas Thorsberg på Korsneset i Borgund sin son Albert Christian. B) På Molde blei det 1768 halde skifte etter Karen Andersdt, enkemann Andreas Lindberg. Lindberg var skreddar og hadde før budd i Kristiansund. I ekteskapet med Karen hadde han fire døtre: 1) Ingeborg Kristine 1742-98, 1776 gm Jens Ouden Widerøe, kremmar på Tyskholmen i Borgund. 2) Karen Kristine c1745-75, 1773 gm Erik Mogenssen Lyche, då kremmar på Tyskholmen. 3) Andrea c1746-1820, gm Johan Schielderup, løytnant og kremmar på Rotset i Volda. 4) Marta c1749-97, 1781 gm Jochum Nicolai Krey, kremmar på Gamlem i Borgund.Andreas Lindberg må ha vore gift på ny, for 1795 døde Madam M Lindberg over 70 år gammal hos svigersonen Krey.Det er ei gåte korleis dei fire skreddardøtrene Lindberg kunne få så gode gifte som dei faktisk gjorde.Andreas Lindberg vil kunne høve som bror til ein *Peder Lindberg, som så var far til Christen og Batuel.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ole Øystein Nybø

Denne Birte Isaksdtr. som vi finn på Ysteneset i 1801 er mest truleg ikkje 'sønnedatter', men brordotter til Mette. Truleg er dette Birthe Margrethe Isachsd. døypt 18/8 1784 i Bolsøy, og yngste dottera til Isach Olaus Isachsen Falch og Birthe Christoffersd. Lindberg.Teorien din Bjørn om at Andreas Lindberg var bror til Peder Lindberg har eg sansen for. Vi har og ei Andrea Lindberg som var fadder i Ørskog i 1784 til Bertheline Alexandersd. som godt kan passe inn som syster her.Og likadan at Batuel og Christen 'Fante Christen' var brør er godt mulig, men eg manglar bevis.Eg kjenner til fire av borna til denne Peder Lindberg. 1) Peder, 2) Anne Marie (Rasch) c1745, 3)Christen c1748, 4) Maren Kristine 1749. Og her kan sjølvsagt Batuel passe inn som ein av dei eldste.At Batuel og Mette var i slekt i tredje ledd er sikkert gjennom Lindbergslekta. Altså at Bestefaren til Mette, stodderkongen Alexander Pedersen hadde ein bror som for eks. heitte Kristen Pedersen og som igjen var bestefar til Batuel. (Og då samtidig bestefar til Christen)Ja da i teorien går dette fint, men så var det beviset då.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kai S Gurrik Larsen

Jeg ser at det er brukt på en av folkene 'Fante Christen'. Betyr dette at denne familien var reisende/omsreisende? Dette hadde vært interesant for meg da jeg har en oldemor som er av omstreiferslekten Lindberg...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Eg trur det er godt mulig at Lindberg-slekta til Kai kan stamme fra Lindberg'ane i Møre og Romsdal. Disse Lindberg'ane var både fantar, men ikkje mykje reisande, og ikkje-fantar på samme tid.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest H.K. Hanssen

Hei,Kanskje det var fordi de Lindbergske skredderdøtrene var så pene at de ble så godt gift... Men hva mener du egentlig, B.J. Dale, med at Lindbergene var 'både fantar, men ikkje mykje reisande, og ikkje-fantar på same tid'? Jeg fikk ikke helt tak i poenget med den beskrivelsen.H.K. Hanssen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ole Øystein Nybø

Dette med at desse folka var både reisande og ikkje reisande, fantar og ikkje fantar i same slekta er ganske beskrivande. Eg ser at for eks. Isach Johansen Falch og Margrete Alexandersd. var fastbuande, mens sønene Ludvig 1738-?, Alexander MAGNUS 1741-1775 og Isach Olaus 1753-?, var blant dei argaste reisande. Og ilag med svogeren Christen Pedersen Lindberg og hans syskjenbarn Carl Magnus Palm, utgjorde desse det som samtida kalte røvarar.Namnet 'Fante Christen' har eg frå Peder Fylling som i andre halvdel av 1800 talet nedteikna ein del folkesegn etter desse karane. I 'Folkesegn og Historiske Optegnelser' av Peder Fylling utgitt av Sunnmøre historielag, finn vi mange av bragdene som stodderkongen Alexander Pedersen utførte.Mitt mål er å finne så mange etterkomarar som råd etter denne Alexander Pedersen c1676-1845 som ei tid var stodderkonge for heile Sunnmøre, og kona Kari Olsd. c1784-1754.Alexander Pedersen hadde etter det eg trur blant anna ein bror med namn Kristen som truleg var far til:-Peder som var far til 'Fante Christen' (og Batuel?)-Marit g.m. Caspar Reinholtsen (plassefolk på Skiri i Romsdal)-Kristen c1704-1782 g.m. Peter Petersen PalmSamtidig med at desse slektene gifta seg med kvar andre både syskjenbarn og tremenninger, så har vi det gåande.Men så var det dette med bevis då. Kan nokon bekrefte eller avkrefte eit eller anna så vær velkomne.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Eg skal prøve å presisere utsegna ovafor: Eg har eit inntrykk av at fantane på 1700-tallet hadde ein del ressursar som ettertida ikkje har sett på grunn av stigmatiseringa av denne gruppa som blei sett i verk på 1800- og 1900-tallet. T.d ser vi at mange var utdanna i handverksfag også utanom det livsviktige kopparsmedfaget (som vel utgjorde grunnæringa deira). Christen Pedersen Lindberg, som la ut på røvarsstien, var t.d utdanna gullsmed.Vidare har eg ein minstanke om at somme av fanteslektene var svært ''likvide'', dvs rike på edle metall og pengar. I somme høve kunne dei også konvertere denne likviditeten til tradisjonell kapital - eigedom og eit ''borgarlig'' liv som handelsmann, handverkar eller bonde. Dette føresette sjølsagt at fantane då meistra disse sosiale rollene også kulturelt.Når det gjeld dei fire, sikkert fine skreddardøtrene Lindberg fra Molde, trur eg altså at dei hadde meir enn bare utsjånaden å gå på. Dei var tvillaust svært flinke og myndige madammer, men hadde kanskje noke meir på kistebotnen enn far deira sitt yrke skulle tilseie. Han var for resten ikkje fattig, og han eigde eigen bygård på Molde.Skreddaren Andreas Lindberg skulle ellers komme fra Trondheim eller Trøndelag, etter Kristiansunds Historie II, s 324.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 år senere...
Gjest Kjell Ove Hattrem

Se også debatt 44428, ''Smøla/Grytten: Hans Olsen gift 1791 med Elen Pedersdatter Lindberg''.For ordens skyld er ''Lars Larssen Lindberg'' i innlegg (2) en *Lindal*.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.