Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#20924] Mikkel Nilsen (Spissøy) f. Bømlo 1838 - Florø - Haugesund - Christiania - og so?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Mikkel Nilsen, fødd på Spissøy i Finnås (Bømlo) 9.8.1838, son av strandsitjar og fiskar Nils Mikkelson og kona Britha Nilsdotter, flytte i 1863 til Florø der han 3.5.1863 gifte seg med Margretha Nilsdotter, fødd på Valaker i Hafslo (Luster) 21.11.1837.Mikkel var bakar, og han og Margretha budde i Florø til dei i 1869 flytte til Haugesund. I 1871 flytte dei so vidare til Christiania der me finn huslyden i FT1875 busette i Bakkegata 21. Yrket til Mikkel er då oppgjeve til dampskipsformann!Me kjenner til to born:1) Bertine Anna Cathrine Mikkelsen/Nilsen, fødd i Florø 17.8.18632) Nicolai Emmanuel Mikkelsen/Nilsen, fødd i Florø 29.5.1867Eg har so langt ikkje lukkast finna att denne huslyden etter 1875 og har desse spørsmåli:* Er det nokon som kan sjå etter til dømes i gamle adressebøker for Christiania om denne huslyden er nemnd, anten under Nils(s)en eller Niels(s)en eller Spidsøen/Spissøy?* Er det nokon som kan gjera eit oppslag i bygdeboki for Bømlo for å sjå kva som eventuelt finst av opplysningar der, både om opphavet til foreldri Nils og Britha, samt om lagnaden til Mikkel Nilsen?Eg vonar på positive svar og takkar so mykje på førehand!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei!Bømlo Bygdebok b.4 Moster:Her finn eg fylgjande under 'Spissøy øvre' om foreldra Nils og Brita:' Nils Mikkelson Li, Sveio f. ca. 1800 d. 1870. Gift med Brita Nilsdatter. Spissøy, øvre (nr.44), f. 1812 og d, 1869.Barn: a) Nils f. 1832 d. 1856. b) Synneva f. 1833 d.1834 c) Synneva Kristine f.1835 d) Brita f. 1836, spedalsk d. på pleiestiftelsen i Bergen. e) Mikkel f. 1838, utflytta til Haugesund i 1858 f) Karl f. 1841 d.1842 g) Østen Johan f. 1844 d. på Pleiestiftelsen i Bergen i 1861 h) Kari f. 1847, ho var spilt og innlagt på Pleiestiftelsen i Bergen der Armauer Hansen var lækjar. I 1879 kalla han Kari inn på kontoret og sa han ville tala med henne. Utan å spørja henne om lov pota han inn i auga hennar ein liten klump spedalsk smittestoff. Kari var først redd og stod ved døra og gret, men forstandaren for pleiestiftelsen, som også var tilstades, roa henne av. Kari fekk berre ein liten betennelse i auga som straks vart god, men då dette vart kjent vart Armauer Hansen frådømd lækjar stillinga. i) Gunnar f. 1850 j) Nils f. 1852, utflytt til Kristiansand i 1875 k) Berta Synneva f. 1860.Brita kjøpte farsbruket i 1825. Nils var brukar frå 1828 til han måtte gje halve bruket frå seg i 1840. Bruket vart då delt i 2 like bruk som seinare fekk br. nr. 1 og 2. Dei vart utskilde i 1861. Nils sat med br. nr. 1 til 1858 då båe bruka vart selde på tvangsauksjon.Nils var seinare husmann under br.nr. 1 og 2 truleg Plasset. Truleg var Nils sjukleg, og det ligg nær å tru han var spilt. I 1835 fostra han 8 kyr og 7 smaler. Sådde 1 våg korn og 10 skjepper poteter.Arnfinn Nilsson Otterøy kjøpte bruka i 1858, selde i 1861. Det er fortalt at Nils og Brita budde i ein jordkjellar til slutt.'Dette er det som bygdeboka fortel om foreldra til Mikkel Nilsson Spissøy.Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei igjen !Vidare frå bygdeboka om foreldra til Brita Nilsdtr. Spissøy:' Nils Østensson Spissøy, øvre f. 1787 d. 1822 Gift med Brita Steinarsdatter Emberland, Sveio f. ikr. 1792 d. 1830.Born: a)Brita f. 1812 g. Spissøy, øvre med Nils Mikkelson b)Kari f. og d. 1816 c) Kari f. og d. 1817 d) Kari f. 1818 g. med Steinar Aa. Sveen, Sveio.Brita gifte seg oppatt med Nils G. Spissøy, øvre.Nils Østenson kjøpte bruket i 1806 og var brukar til han døydde. Han var velståande. Nettoeiga i buet var 527 spd. Han åtte ein part i Emberland, som han fekk med kona. Han fostra 6 kyr, 2 kviger, 1 kalv, 9 smaler, 2 geiter og ein halv hest. Han åtte part i ein seksæring og ei mortanot.Som nemnt vart Brita Steinarsdatter gift opp att med Nils Gunnarson Vihovde, Sveio, f. ikr. 1807. Dei fekk borna: a) Nils f.1824 b) Gunnar f.1826 c) Brynhild f.1828 d) og e) Steinar og Marta f. of d. 1830. Brita døde i 1830 og Nils Gunnarson gifte seg så oppatt med Sofie Sjursdatter enka etter Lars J. Håvik indre. Nils var brukar frå 1825-1831. Han flytte då til Vihovda, seinare til Lier i Sveio.' Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Vidare bakover:Foreldra til Nils Østenson Spissøy (1787-1822) var:Østen Nilsson Spissøy, nedre f. 1745 d. 1792 og Brita Johannesdatter, Spissøy, nedre f. 1761 d. ? (Brita var 2. ekteskapet til Østen, han hadde ikkje barn i 1. ekteskap).Østen og Brita hadde berre sonen Nils Østenson f. 1887. (Brita Johannesdatter vart gift oppatt med Samel Jonsson Gåsland, dei hadde borna Østen f. 1794 g. Føyno, Torvastad og b) Barbru f. 1797).Endå eit ledd bakover: Foreldra til Østen Nilsson var: Nils Helgeson Utbjoa, Ølen f. ikr.1700 og d.1756 gift med Sissela Esaiasdatter Spissøy, nedre f.ikr. 1704 d.1779.Born: a)Ågota f.1731 b) Ågota f.1733 g. Spissøy, nedre c) Helge f.1736 g. Spissøy, nedre d) Esaias f.1738 d. før faren e) Inger f.1740 d. før faren f) ØSTEN f.1745 g. Spissøy, øvre. Nils var brukar frå 1733 til han døydde, men bygsla ikkje før i 1740. Ekkja hadde bruket til 1761.Ein kan finna slekta endå lengre bakover under Spissøy i bygdeboka. Eg kan komme tilbake med dette om du ynskjer det.Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei!Her finn du att Kari Nilsdatter Spisøen f. 1847 og søster av Nils Mikkelson. Det ser ut til at ho døydde på Pleiestiftelsen Lenke (Sjølv om armauer Hansen vartr oppsagt).Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Helga for mange interessante opplysningar om huslyden til Mikkel Nilsson frå Spissøy! Du har fortalt meg alt det eg treng å vita om foreldri og søskeni hans, men eg er sjølvsagt vonbroten over at bygdeboki har so lite å fortelja om lagnaden til Mikkel sjølv. Broren Nils budde hjå han i 1875 (han flytte med andre ord ikkje til Kristiansand, men til Christiania!), men ingen av dei andre søskeni gjev oss nokon peikepinn om kvar Mikkel kan ha vorte av etter 1875... Og foreldri hans døydde so tidleg at eventuelle skifte ikkje vil hjelpa oss heller.So, eg trur me lyt ta vegen til Christiania for å finna fleire opplysningar, og eg vonar på hjelp frå einkvan...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei!Nei, det ser ikkje ut til at der er fleire opplysningar å hente om slekta /syskjen til Mikkel Nilson.I følge bygdeboka var dei altså 11 syskjen, mange av dei er oppgitt til å ha døydd unge (fleire på pleiestiftelsen i Bergen). Dei einaste som der er opplysninger om i vaksen alder er altså Mikkel utflytta til Haugesund og Nils til Kristiansand (som då var feil info). Når det gjeld Synneva Kristine f.1835, Gunnar f. 1850 og Bertha Synnøve f. 1860, har bygdeboka kun med f. år. Dei må då truleg enten ha døydd unge eller flytta bort dei også.Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei!Eg finn også 9 stk av syskjenflokken på Family Search som døypte i Finnås, men det heller hjelper ikkje for å komma vidare i denne saka. 1. CARL NILSEN - International Genealogical Index Gender: Male Christening: 24 OCT 1841 Finnas, Hordaland, Norway 2. GUNDER NILSEN - International Genealogical Index Gender: Male Christening: 03 FEB 1850 Finnas, Hordaland, Norway 3. OSTEN JOHAN NILSEN - International Genealogical Index Gender: Male Christening: 10 MAR 1844 Finnas, Hordaland, Norway 4. MIKKEL NILSEN - International Genealogical Index Gender: Male Christening: 02 SEP 1838 Finnas, Hordaland, Norway 5. NIELS NILSEN - International Genealogical Index Gender: Male Christening: 10 JUL 1832 Finnas, Hordaland, Norway 6. BRITHE NILSEN - International Genealogical Index Gender: Female Christening: 07 AUG 1836 Finnas, Hordaland, Norway 7. KARI NILSEN - International Genealogical Index Gender: Female Christening: 01 AUG 1847 Finnas, Hordaland, Norway 8. SYNNEVE NILSEN - International Genealogical Index Gender: Female Christening: 29 SEP 1833 Finnas, Hordaland, Norway 9. SYNNEVE CHRISTINE NILSEN - International Genealogical Index Gender: Female Christening: 08 FEB 1835 Finnas, Hordaland, Norway mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei!Eg finn heller ikkje nokon i denne syskjenflokken under 'Døde i Moster sokn 1881-1979', som ligg under kyrkjebøker her ipå digitalarkivet. Dette kan vel tyde på at heile slekta er borte frå Spissøy (Moster) før 1881.Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga kallevik

Hei!Det skulle vel ikkje vera familien frå Spissøy/Sogn du finn utvandra frå Christiania til USA her: Lenke23196 26.06.1880 Mikal Nils. g Arb m 42 Kristiania Baltimore23197 26.06.1880 Margrethe Nils. g Kone k 42 Kristiania Baltimore23198 26.06.1880 Bertine Nils. Pige k 18 Kristiania Baltimore23199 26.06.1880 Nikolai Nils. Dreng m 11,75 Kristiania Baltimore23200 26.06.1880 Mathildus Nils. Dreng m 4 Kristiania BaltimoreHer er ialle høve dei same namna som du har + eit barn til fødd etter ft. 1875. Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

No vart eg mållaus, og imponert. Eg har leita før, men utan å finna dei! Hjarteleg takk, Helga, for framifrå innsats!Og med desse nye opplysningane har eg lukkast finna att Michael Nelson i FT1895 for Lake Mills, Winnebago Co., IA med ei ny kone Johanna, men med sønene Nicolai og Mathildus, samt ei dotter Augusta, fødd i Noreg 1880 og fleire yngre born, truleg Johanna sine, fødde i Minnesota og Iowa.Det høyrer til soga at dei av Margretha sine søsken, som utvandra til Amerika, budde nettopp i dette nabolaget i Iowa!Men om nokon har høve til å gjera oppslag i FT1900 for Lake Mills, Winnebago Co., IA, ville eg setja stor pris på det!Nok ein gong hjarteleg takk for flotte opplysningar!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Denne huslyden har lege rolig i mange år, utan at eg har funne noko vesentleg meir ut om lagnaden deira. No ønskjer eg ta opp att drøftingi kring den NORSKE lagnaden til Mikkel Nilsen, d.v.s. frå tidi FØR han utvandra til Amerika.Mikkel Nilsen, fødd i Finnås 9.8.1838 og kona Margretha Nilsdotter, fødd i Hafslo 21.11.1837, gifte seg i Florø 1863, men flytte i 1869 frå Florø til Haugesund og i 1871 vidare til Christiania der dei budde til dei i 1880 utvandra til Amerika. Me veit om fire born fødde i Noreg:* Bertina Anna Cathrine, fødd i Florø 17.8.1863* Nicolai Emanuel, fødd i Florø 29.5.1867* Mathildus ....., fødd i Christiania .... 1876* Augusta ......, fødd i Christiania .. .10.1879/1880Her er det rom for fleire born, men dei må då truleg vera avlidne FØR 1880.I 1875 budde dei i Bakkegata 21 i Christiania. Kva kyrkjesokn vil det då vera naturleg å leita i for å finna fleire born??Eg takkar på ny for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Roger Fossum

Bakkegata tilhørte Johannes krets: LenkeMvh Roger Fossum

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Kan dette være samme paret som ser ut som de har tvillinger til dåpen i 1871? - Rogaland fylke, Skåre i Torvastad, Ministerialbok nr. A 12.1 (1867-1877), Fødte og døpte 1871, side 54. Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1700&idx_id=1700&uid=ny&idx_side=-59>Lenke Permanent bildelenke: Lenke Samme innførsel i klokkerboka - Rogaland fylke, Skåre i Torvastad, Klokkerbok nr. B 7 (1866-1873), Fødte og døpte 1871, side 131. Permanent sidelenke:  Lenke Permanent bildelenke: 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Roger og Grethe for flotte innlegg! Det var særleg kjekt å få tak i fødselsdatoen til Matildus, slik at eg kan leita vidare etter han i Amerika.Tvillingane frå Haugesund høyrer òg til denne huslyden, men dei må vera avlidne i ung alder...Kanskje dukker det opp meir...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Jeg har bladd meg litt fram og tilbake i kirkeboka for Johannes, men har ennå ikke funnet dåpen til Augusta... Familien emigrerte fra Kristiania i juni 1880, og hvis hun var født i 10.1879, burde hun vel ha vært nevnt? Hvis hun da ikke død før familien emigrerte...Grethe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan I. Kristiansen

Ettersom Augusta ikke er nevnt i emigrantprotokollen, må hun vel enten være død før familien emigrerte eller født etter at den emigrerte. Hva er kilden for opplysninen om Augusta?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe og Jan for nye innlegg frå i aftes!Kjelda mi for Augusta er denne:FT1900 for Albert Lea, MN der Michael Nelson er avliden og andre kjona hans er enkje:~~~~~~~~~~~~~~~~~~NELSON, Johanna Oct. 1845 Nor Nor Nor head widowed emigrated 1882 5 children/5 livingBERGAN, Augusta Oct. 1880 Nor Nor Nor stepdau emigrated 1881 [Nelson er blitt endra til Bergan i originalen!]NELSON, Martin Feb. 1886 MN Nor Nor sonNELSON, Betsy Aug. 1887 MN Nor Nor dauNELSON, John Feb. 1891 MN Nor Nor sonNELSON, Lillie Feb. 1894 IA Nor Nor dauNELSON, Nick May 1872 Nor Norm Nor stepson wmigrated 1878~~~~~~~~~~~~~~~~~~Nick var tydeleg Nicolai Emanuel Nelson, fødd i Florø 29.5.1867, so alderen hans og utvandringsåret 1878, stemmer ikkje heilt med sanningi. Derimot ser fødselsdatoane til dei fire borni som Johanna hadde her, ut til å stemma so nokolunde (kven det femte barnet hennar var, veit eg ikkje, truleg hadde ho eit barn før ho utvandra til Amerika..., jentenamnet hennar var Haugen!).Her er so huslyden i Albert Lea, MN i 1885:~~~~~~~~~~~~~~~~~~NELSON, Mikkel 40 NORNELSON, Johanna 38 NORNELSON, Bertine 22 NORNELSON, Nikkolia(!) 18 NORNELSON, Tildus 9 NOROLSON, Augusta 5 NOR~~~~~~~~~~~~~~~~~~Og endeleg, slik ser husklyden ut i Lake Mills, Winnebago Co., IA i 1895:~~~~~~~~~~~~~~~~~~NELSON, Michael 56 NOR bakeryNELSON, Johanna 48 NORNELSON, Nicolai 28 NORNELSON, Mathildus 19 NORNELSON, Augusta 14 NORNELSON, Martin 9 MNNELSON, Betsey 7 MNNELSON, Johnny 4 MNNELSON, Lilly 0 Winnebago~~~~~~~~~~~~~~~~~~Eg kan elles leggja til at opphavet til Johanna Haugen ogso er eit ''problem''. Ho gifte seg med Michael Nelson i Albert Lea, MN 29.4.1885 og heiter då: JOHANNA M. P. K. HAUGEN. Foreldri vert ikkje oppgjevne i offisielle vigselsdokument i Minnesota!Det hadde jo vore kjekt om Johanna's norske opphav ogso kunne finnast, men dette er vel å venta for mykje...?Elles er det merkeleg korleis Augusta har ulike namn, Nelson, Olson og Bergan...? ''I am puzzled''...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Hei Lars. Eg har prøvd å lese gjennom informasjonen i dette temaet, og sjekka det opp mot opplysningane i 'Flora-minne 2006'.Opplysningane ser ut til å være samanfallande, men Augusta manglar i 'Flora-Minne'. Derimot er dødsfalla til Margretha og Mikkel oppgitt. Eg er usikker på om du har dei. Margretha døde 9. okt. 1884 i Albert Lea, Minnesota. Mikkel er oppgitt død før 1900 same stad. Dessverre ikkje meir om Johanna M. P. K. Haugen enn det du har registrert.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for siste innlegget om denne huslyden.Når det gjeld opplysningane som er attgjevne i Flora-minne 2006 om denne huslyden, har eg ein mistanke om at det var eg som i si tid skaffa dei opplysningane, so ikkje so underleg at dei er samanfallande med mine...I dag har eg forresten funne ut kvar det vart av dei to eldste borni, Bertina og Nicolai, i Amerika. Truleg er det òg Matildus som ligg gravlagd attmed mor si i Albert Lea, MN, men i ein ''anonym'' grav. Det står berre ''her son''!Eg har ein mistanke om at Mikkel og Margretha òg fekk eit barn kring 1873 i Christiania, men som døydde som barn. Kanskje greier me å finna dette barnet òg, attmed dødsfalli til tvillingane i Haugesund...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan I. Kristiansen

Skal man tro census of 1900 var altså Augusta stedatter av Johanna. Navnene brukt på henne tyder jo på at Augustas far kan ha vært en Ole Bergan (eller en Olsen Bergan).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Jeg leser bare Augusta Oct 1880 og Bergan på Augusta.... Grethe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Kjenner du til om August ble gift eller når/hvor hun døde?Grethe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan I. Kristiansen

Census of 1885 (se over!) har henne som Olson.Det fantes en Ole Bergan, ugift gevorben musketer, i Apotekergt. i Kristiania i 1865. Han kan jo ha en finger med i dette spillet. (Men bør betraktes som uskyldig inntil det motsatte er bevist...)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.