Gå til innhold
Arkivverket

[#20963] Christopher Andersson, f. Os 1842 - til Sogndal og so til Amerika -kven var han?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

FT1865 for Nedrehagen i Sogndalsfjøra i Sogndal syner mellom anna denne huslyden:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~1284 26 1 Anders Anders. Husfader Husmand med Jord g 61 m Os Prgj.1285 27 Anne Olsd. hans Kone g 60 k Os Prgj.1286 28 Anders Anders. deres Søn ug 27 m Os Prgj.1287 29 Kristoffer Anders. deres Søn Skomager ug 24 m Os Prgj.1288 30 Martha Andersd. deres Datter ug 29 k Os Prgj.1289 31 Brithe Andersd. deres Datter ug 18 k Os Prgj.~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~På FamilySearch ser eg at Christopher er døypt i Os 12.2.1842, men då heiter mori MARTHA Olsdotter!Christopher Andersson gifte seg i Sogndal 7.7.1871 med Anna Johannesdotter frå Hilleren i Hafslo, fødd i Hafslo 16.11.1845. Då vert Christopher oppgjeven å vera fødd på Lysekloster i Os!Christopher og Anna fekk ei dotter Anna, fødd i Sogndal 7.5.1871 og utvandra til Amerika i 1872. I 1879 vert adressa deira oppgjevi som Adams, Mower Co., MN, men der var dei tydeleg ikkje ved FT1880...!Kan nokon hjelpa meg med følgjande?* finna nøyaktig fødselsdato (og fødestad) for Christopher Andersson i Os?* finna rette namnet på mor til Christopher?* finna opphavi til foreldri, Anders Andersson og Anna/Martha Olsdotter?* finna kva år denne huslyden flytte frå Os til Sogndal?* og til sist finna ut noko om lagnaden til denne huslyden i Amerika?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
Gjest Terje Hatvik

Denne såg eg først no - elles hadde eg svara før.Christopher/Kristoffer Andersson var fødd 1842 på husmannsplassen Utgjerdet under Lysekloster (Lyse Kloster Hovudgard, hovudsetet for Lysekloster-godset), som det 6. barnet av Anders Steinsland frå Samnanger, f. 1805 i Smngr.(?); og kona Anna Holen frå Os, f. 1807 i Os.Bygdesoga for Os skriv dette om denne huslyden (band II, s.192):'Anders Andersson Steinsland frå Samnanger, f. 1805, som var dreng på Lysekloster, vart no buande på Utgjerdet nokre år [dvs. frå 1830 og utetter] og stelte bruket. G.1834 Anna Olsdtr. Holen, f. 1807. Dei fekk desse borna medan dei var her:Anna, f.1834, Marta, f.1836, Anders og Ola (tvillingar) f. 1838, Olina, f.1840; og KRISTOFFER, f. 1842.I 1844 flutte dei til Formann [godseigar Henrik H. Formann, 1800 - 1871] sin gard på Stedje i Sogndal, og vart sidan buande på Nedre Hagen i Sogndal.'Eg kan leggja til at Anna Olsdtr. var dotter av Ola Nilsson Holen, f. på Tveit i Strandvik (1766 - 1836) og kona Marta Rasmusdtr. Lunden i Os (1777 - 1849).Holen var ein annan husmannsplass under hovudgarden Lysekloster, men Anna var ikkje fødd der, men på Lunden.Faren Ola gifte seg til gard på Lunden (Lon'n) i 1799, og var gardbrukar der frå 1800 til 1816, då han og huslyden flytte til Holen som han dreiv til han døydde. (Formann åtte begge stadene, så det vart nok ingen større skilnad).Av borna deira (søskena til Anna Olsdtr. f.1807), så nemner bygdesoga 3 til som òg fór til Sogndal. Eg tek dei med i tilfelle det er relevant for oppkomande høve:'Ola, f.1813, arbeidar hjå Formann på Stedje i Sogndal, b.Øyene i Sogndal. Rasmus, f.1815, arbeidar saman med Ola på Stedje, b.Øyene i Sogndal. Marta, f.1817, g. Peder Andersson øvre Hagen i Sogndal.'Sjå i dette høvet Os-soga, band II, s.199 - og sjølvsagt bygdeboka for Samnanger for meir om Anders Steinsland.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk, Terje, for fine opplysningar om opphavet til denne huslyden. No manglar eg berre fødselsdatoen til Christopher!Og sjølvsagt manglar eg framleis opplysningar om lagnaden til denne huslyden i Amerika...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.