Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Per-Ståle Moltu

[#20993] Ole Arneson Liadal, Ørsta/Volda - Sunnmøre, fødd ca 1754 - Kven var han?

Recommended Posts

Gjest Per-Ståle Moltu

Ole Arneson Liadal vart gift 1783 med Eli Jakobsdtr. Berknes (ca 1751-1821). Han er nemnd som brukar på Berknes, Volda frå 1784-1812. I 1801-teljinga var han 47 år 'huusbonde og gaardbeboer' på Berknes og gift 1.gong. Eli hadde tidlegare vore gift med Elling Paulson Knardal (1749-1781). Ole og Eli hadde borna Elling f.1787 og Arne f.1789. Kven var denne Ole? Finn han ikkje på Liadal, Ørsta. Kven var foreldra, syskjen m.m.? På førehand takk for svar!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Ola Arneson på Berknes ser ikkje ut til å ha vore fra Ørsta, og i alle fall ikkje fra Liadal. Ein Ola Arneson fra Ulvestadnakken i Volda blei døypt 1754, og ein Ola Arneson fra Engeset i Ørsta blei døypt 1755 - men han var daud 1793 eller før. Eg finn heller ikkje noke ekteskap mellom ein Ola Arneson Liadal og Eli på Berknes i grunnlagsmaterialet mitt til ætttebøkene for Ørsta. Eg ser ikkje vekk fra at denne brudgommen var fra ein av gardane i Liadalen på Hareid.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Sol H. Ulvestad

I flg. 'Kyrkjeboka for Volda' vart Eli Jakobsd. Birkenees gift 01.01.1784 i Volda Kyrkje med Ole Arneson Leivedal. Så han må ein truleg leite etter sør om fylkesgrensa - i Leivdalen, Eid Kommune

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per-Ståle Moltu

Takk for opplysninga, Sol. Dette er nok det rette.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jorunn Hjelle

På FS finn eg Ole Arnesen f. 17. april 1754 i Eid. Faren er Arne Joensen.I den gamle bygdeboka 'Eid og Hornindal' (1953) er Arne Jonson Haugen å finne i Leivdalen som brukar på br. nr. 3 i 1746. Det står òg at han er gift med Synnøve Larsdatter Robjørgane.I 'Ættebok for Hornindal' står det derimot under Gausemel at Ola Mattissons datter Anne f. 1714 vart gift med Arne Jons. Haugen, Eid i 1748. Iflg. FS vart dei vigde 19. mai 1746.Kva for Haugen-gard Arne Jonson kjem frå, er eg usikker på. Det ser ikkje ut til å vere korkje Haugen i Eid eller Haugen-gardane i Hornindal.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.