Gå til innhold
Arkivverket

[#21158] Arne Olson og Metta Ingebrigtsdotter - frå Hafslo til Lihaug i Lindås 1725/1750?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Eit skifte i Hafslo i Sogn frå 1766 fortel oss at ei Metta Ingebrigtsdotter (Kroken), fødd kring 1700, var gift med Arne Olson på ''Lihaug i Nordhordland''. Dei gifte seg i Hafslo 17.10.1723, men eg kan ikkje sjå at dei fekk born døypte i Hafslo.Lihaug finst som gardsnamn både i Lindås og i Gulen, som på den tidi vart rekna som ein del av Nordhordland. Førstevalet mitt ville vore Lihaug i Gulen, men no har eg leitt gjennom den garden i bygdeboki for Gulen utan å finna spor etter Arne og Metta, so då er det nok eit spørsmål om ikkje dei heller flytte til Lihaug i Lindås?Er det nokon med lokalkunnskap i Lindås som kan hjelpa meg leita etter Arne og Metta der ute? Alle tips vil vera av stor interesse og nytte!På førehand hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 måneder senere...
Gjest Lars E. Øyane

Med von om at nye lesarar kan vera komne til som kan hjelpa meg løysa denne floka, freister eg på ny. Eg vonar det beste og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Hallo Lars.Jeg har søk gjennom militærlister, 1701 mantallet for Søndre Bergenhus Amt,døpte,vigde og døde i Lindås,skiftedes. for Nordhordland uten å finne henvisning til noen gård Li(e)h(a)(o)ug.Finner heller ingen slik gård i hordaland i 1801 tellingen.Det eneste treffet jeg får i 1801 er i Eivindvik. Mvh. Rune Thorstensen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marit Rambjør

Det er fleire gardar Li og Hauge i Lindås, men Lihaug er ukjent for meg. Kan det vera snak om Li i Mykjing sokn? Denne Li ligg i Haugsdalen, ikkje langt frå garden Hauge/Høye.Venlig helsing Marit.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marit Rambjør

Eg gløymte å skriva att omtalte Li av og til blir omtala som 'Hogsli', i motsetning til Li 'Eikongli' i Eikanger skipsreid, ca ei mil lenger sør.Lykke til,helsing Marit

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.