Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#21184] Jørgen Larsson Winjum (1761-1827), gateleggjar i Bergen - kven var konene hans?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Jørgen Larsson Winjum, døypt i Hafslo i Sogn 19.3.1761, flytte i ung alder til Bergen som regimentstambur, men vart sidan bordarbeidsmann før han endte som gateleggjar. Han døydde i Bergen 14.2.1827. Jørgen var gift to gonger:1) i Bergen 19.11.1786 med Bertha Gundersdotter, fødd kring 1761/1762. Ho vart gravlagd i Bergen 4.4.1801. To born:* Hans Henrik Jørgensen, fødd i Bergen 20.9.1790, levde i 1804, sidan ukjend.* Gjert Christian Jørgensen, fødd i Bergen 29.11.1794, levde òg i 1804, sidan ukjend.2) i Bergen 7.11.1802 med enkja Ingeborg Nilsdotter, som ved eitt høve vart kalla Twett. Alderen hennar er ukjend. Ikkje heller har eg funne dødsfallet hennar, og ikkje veit eg kven ho før hadde vore gift med! Jørgen og Ingeborg fekk seks born:* Bertha Marie Jørgensen, fødd i Bergen 25.9.1803, døydde i Bergen 6.6.1809.* Ingeborg Gjertine Jørgensen, fødd i Bergen 29.6.1807, døydde i Bergen 17.8.1809.* Ingeborg Gjertine Jørgensen, fødd i Bergen 27.11.1810, ikkj nemnd i FT1815, lagnad ukjend.* Rolf Jørgen Jørgensen, fødd i Bergen 22.8.1813, døydde på arbeidsanstalten i Bergen 8.8.1888. Han gifte seg i Bergen 31.10.1862 med Fredrikke Severine Jørgine Bar... Sivertsdotter Hedemark, fødd i Bergen 12.11.1825. Ho døydde kring 1872. Rolf var garvarsvein i Bergen, men både han og kona var ''faste gjestar'' på tvangsarbeidsanstalten i Bergen på grunn av tjuveri! Ei dotter fødd og død i 1867.* Hans Henrik Jørgensen, tvilling, fødd i Bergen 11.1.1818, døydde i Bergen 17.3.1818.* Jørgen Jørgensen, likeins tvilling og fødd i Bergen 11.1.1818, døydde i Bergen 30.3.1818.~~~~~~~~~~Kan nokon hjelpa meg identifisera dei to konene til gateleggjar Jørgen Larsson Winjum?Eg trur at alle borni i denne huslyden døydde unge, med unntak av Rolf, men kan nokon hjelpa meg finna dei manglande dødsdatoane?På førehand hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Bryn

Bare et lite innspill som gjelder kone nr. 2, Ingeborg Nielsdotter. Det ser ikke ut til å finnes noen passende kandidat i FT 1801 blant unge gifte kvinner eller enker i Bergen og omegn. Men hos politimester og rådmann Rolf Olsen i 19de rode finner vi en enke på 33 år som heter 'Ingeborg Olsddtr': LenkeKan det tenkes at patronymet her er skrevet eller lest feil? Når denne Ingeborg er interessant, så er det selvsagt fordi den første sønnen med Jørgen Winjum ble døpt Rolf Jørgen. Rolf ser ut til å være et noe uvanlig navn i Bergen på denne tiden. Kanskje en sjekk av fadderne ved dåpen til Rolf Jørgen kan underbygge denne hypotesen? Men så mye nytt gir jo ikke dette bortsett fra alderen på 33 år.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tor Andersen

Alderen er nok ikke helt ukjent. I FT 1815 Lenke står det 16-31 dvs 1-16 i FT 1801.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Bryn

Hvis opplysningen i FT 1815 er rett, kan jo ikke den Ingeborg jeg fant, være rett person. Men jeg vil vel ikke se helt bort fra at aldersgruppen i FT 1815 kan være feil. Hvis hun var 16 år eller yngre i 1801, så får jeg ikke dette helt til å stemme med at hun var enke da hun giftet seg i 1802. En meget ung, må man i alle fall si!Men det kan kanskje være et poeng at hun var ganske ung. Kanskje finnes hun som ugift i FT 1801, dvs. gift 1. gang i 1801 eller 1802? I så fall ble hun neppe gift i Bergen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Berre ein liten merknad når det gjeld alderen i 1815: Eg har òg sett at Ingeborg vert sagt vera mellom 16 og 31 år, men Jørgen vert same staden sagt vera mellom 32 og 47, og dette veit me er for lågt! Han var jo 54!Elles lyt me hugsa på at siste borni (tvillingane) var fødde so seint som i 1818, og då ville Ingeborg Olsdotter vore 52 år...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.