Gå til innhold
Arkivverket

[#21186] Guri Christophersdotter (1768) frå Hafslo til Losna - son Christopher Mathiasson


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Guri Christophersdotter, døypt i Hafslo 4.7.1768, flytte i ung alder til Gulen der me i 1801 finn ho att som tenestejente på Losneøen. Ho levde framleis i 1810 og var fortsatt ugift. Ho hadde ein son som eg veit om:Christopher Mathiasson, døypt i Gulen 30.3.1795, er truleg identisk med den Christopher Mathiasson som 11.4.1824 ifølgje FamilySearch gifte seg i Gulen med ei Christi Olsdotter. Dette paret er ført med fire born:a. Kari Christophersdotter, fødd i Gulen 23.8.1823b. Johanna Christophersdotter, fødd i Gulen 8.7.1825c. Thuri Christophersdotter, fødd i Gulen 19.5.1827d. Mathias Christopherson, fødd i Gulen 21.8.1831Av desse borni finn eg i 1865 att Kari som ugift tenestejente på Norren i Solund, medan Thuri er gift med husmann Jørgen Trondson på Humlevåg i Solund. Christopher Mathiasson er sjølv legdelem og enkjemann på Losnegård i Solund, 70 år gamal.Er det nokon med lokal kunnskap som kan stadfesta identiteten til denne Christopher Mathiasson som son av Guri Christophersdotter og som kan fortelja meg meir om kvar Guri og Christopher budde?Eg er ogso interessert i dødsdatoar (og -stader) for Guri, Christopher og Christi!?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Alf Strand

Tenestedreng Kristoffer Matiasson, f. 1795 gifter seg 11/4 1824 med husmannsenke Kristi Olsdtr. Utvær. Ho hadde tidlegare vore gift med Josef Gregoriusson og budde på Utvær. Kristoffer er skriven for Utvær ved giftarmålet, men derfrå var han ikkje. Døtrene Kari og Johanna er fødde på Utvær, men då Thuri blir fødd i 1827, bur familien i Ytrøy og Mathias blir fødd på Tungodden i 1831. Så dette er ein husmannsfamilie som har flakka rundt i Solund. Så langt har eg berre funne etterkomarar etter Turid, gift med husmann Jørgen Trondson Humledal. Skal søkja etter fleire opplysningar om Kristoffer Matiasson. Med helsing Alf Strand

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk, Alf, for interessante opplysningar om denne huslyden.Førebels ser det ut til at eg har funne ''rett mann'', men eg undrar på: Står det ikkje so seint som i 1824 kven som var fedrene til brudgommen (og bruri) samt fødestad? Og kor gamal var Christi?Eg ser at Joseph Gregoriusson vart gravlagd frå Kverhella 2.4.1815, og FamilySearch syner tre døtrer til Joseph og Christi, Sara (1808), Sara (1809) og Olina (1812). Elles er huslyden ganske so ''anonym''...Eg vonar du finn fleire opplysningar om desse folki og ønskjer deg lukke til!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Alf Strand

I den avskrifta eg har frå kyrkjebøkene, står det ikkje namn på far til brurfolka. Kristi var fødd 1788 eller 1789. I folketeljinga 1801 finn me ho som tenar i Trovåg, 12 år gammal. Dottera Olina frå fyrste ekteskap gifter seg 1855 med Lars Botolfson. Eg meiner han og var frå Indre Sogn.Alf

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Takk til Alf for siste innlegg!Christi Olsdotter ser ut til å vera dotter av ein Ole Olson og kona Kari Paulsdotter. Dette paret gifte seg i Gulen 30.10.1784 og fekk ifølgje FamilySearch i alle fall tre born:* Ole Olson, døypt i Gulen 5.8.1786* Christi Olsdotter, døypt i Gulen 1.8.1789* Simon Olson, døypt i Gulen 31.12.1791Om ein ser på FT1801 for Gulen, finn me att faren Ole Olson med ei tilsynelatande ny kone Britha Arnesdotter (sjølv om det vert sagt første ekteskap for båe...) og dei to borni Ole og Simon samt to yngre born Kari og Mathias (som sikkert er frå ekteskapet med Britha...) Denne Ole Olson var gardbrukar på Gudmundsåsen i Lavik sokn!Kanskje ætteboki for Lavik har noko å by på?Når det gjeld Lars Bottolfson, so er han eit anna ''problembarn''! Han vart døypt i Hafslo 28.7.1816 utanfor ekteskap av foreldri Bottolf Pederson og Cecilia, men kven desse foreldri var, har eg ikkje funne ut av. Lars vart konfirmert i Marifjøra i Hafslo i 1831, og då vert foreldri nemnde Bottolf og Anna. I 1832 flytte Lars til Solund, og då han gifte seg i 1855, heitte faren Bottolf Johannesson! Han voks truleg opp i Marifjøra med ei fostermor som heitte Anna, men kva for ei av dei...?Nok ein gong hjarteleg takk for god hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Det var med stort vonbròt at eg i dag fekk høve til å studera Ætteboki for Lavik. Under Gudmundsos er rett nok nemnd Ole Olson med dei to konene hans, men berre to av dei fem borni hans er nemnde! Merkeleg!Elles har eg med hjelp av fadrane til Lars Bottolfson identifisert far hans. Han heitte Bottolf Johannesson og levde ugift i Marifjøra. Fire av dei fem fadrane var næraste slekti hans! Men me lyt nok i tingboki for å finna ut kven som var mori!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
  • 8 måneder senere...
Gjest Kurt Østbye

Kan Solundboka ha teke feil Christi Olsdtr. som ektefelle til Christopher Mattiassen Yttreøe? Kan Christie, fødd 18. febr. 1801 i Gulen vera den som Christopher gifte seg med i 1824? Denne Christie var antageleg den uekte dottera til enkemannen Ole Hansen Vigingevaag og Mari Philippusdtr. Onneland. Dei som har bygdebok for Gulen kan kansje verifisera dette?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Sande

Bygdeboka for Gulen kan nok ikke verifisere antagelsen i innlegg 8. Der sies det (bind II s. 148) at Christi ble gift 13.7.1841 med Ole Eivindson Bransdal og bodde i Brandsdalen til hun døde.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kurt Østbye

I Solundboka finner vi foreldrene til Kristi Olsdtr. under Husøy på side 131. Dei er Kari Halvarsdtr. og Ola Hansson. Som enke giftet Kari seg med Torbjørn Simonsen i 1803 og bodde på Kvalvik.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kurt Østbye

Videre er det vel grunn til å tru at foreldra til Kari Halvardsdtr., f.1765, var Halvard Kjeldson, f. 1718, og Synnøve Hendriksdtr. (Husøy, side 129)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Kurt, eg trur du har truffe rette Christi: Lenke. Eg har denne Christi i min 'database', men har ingen giftarmål på ho. Heller ikkje er ho funnen død før 1801-teljinga.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kurt Østbye

Fint Gisle. Kristi finnes i 1801-tellingen som tjenestejente på 12 år på garden Trovaag på Husøy. Min erfaring er at når barna er så tidlig ute som 'tjenere' så er foreldrene vanligvis ikke langt unna, og Ola Hansson og Kari Halvardsdtr. bodde også på Husøy. Kari Halvardsdtr. blei enke i 1797 (Onkel Vilhelm skriver Lars Hansson i boka, men mener nok Ola) og giftet seg i 1803 med Torbjørn Simonsen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

a. Kari Christophersdotter, fødd i Gulen 23.8.1823:Det er vel ho som i 1850 får ei dotter Johanna Olsdotter Hardbakke, f. 3.5.1850 (Lenke), med Ola Knutson Halland (Gulen) (1811-1880). Ola var då gift med Magdeli Olsdtr Kjellby (Gulen) (1805-1863). Ola var bst. Hardbakke.Som du Lars sjølv nemner er Kari i 1865 å finne på Nåra. Hennar lagnad kjenner eg ikkje!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Då manglar:1) Far til Christopher Mathiasson, døypt i Gulen 30.3.1795 - kjenner ein Mathias Amundsen/Aanundsen sitt opphav/lagnad?2) Far til Christi Olsdtr, døypt i Gulen 10.5.1789 - kjenner ein Ola Hansson (Inderøen) sitt opphav? Når/kvar dø Christi? Christopher dø truleg på Losna etter 1865 ein gong, når?3) Mathias Christopherson, fødd i Gulen 21.8.1831 - dø han ung?4) Guri Christophersdotter, døypt i Hafslo 4.7.1768 - når/kvar dø ho?Noko meir?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kurt Østbye

Ja, jeg mangler også opplysninger på disse 4.På FS finner vi Christopher som døpt den 30. mars 1795 i Gulen, med far Mathis Aanunsen og mor Guri Christophersdtr.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kurt Østbye

Jeg glemte å nevne at denne Mathis Aanunsen kansje er den vi finner i 1801-tellingen på garden Riisen i Eivindvik, som tjener, 28 år gammel. Vi ser at husbonden heter Tron Halvarson.Så er det Guri Christophersdtr. som kansje er datter av Christopher Halvorson født 10. juli 1729 på garden Haugen, far Halver Haugen. Fadrar frå Venjum og Alme ?Tilslutt er det spørsmål om det er noen sannsynlig forbindelse mellom disse og Halvard Kjeldson, far til Kari Halvardsdtr.?Hvordan er 'geografien' mellom stedene Riisen, Haugen, Venjum og Alme, og Husøy?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Alf Strand

Gisle har rett: Johanne Kristoffersdtr. døyr 5 mnd gamal på Utvær 25/12 1825. Matias Kristofferson døyr 3 mnd gammal 20/11 1831. Kristoffer Matiasson døyr som legdslem på Tungodden 6. januar 1868, sagt vera 73 år gammal, noko som stemmer bra. Til Kurt: Husøy ligg heilt vest i havet, medan gardane Venjum og Alme ligg i indre Sogn. Risen er ein gard i Gulen ved innløpet til Sognefjorden.Alf

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Først av alt lyt eg takka for at dette tema har kvikna til att med mange interessante innlegg!Eg kan svara på nokre av dei spørsmåli, som no er komne opp:Mathias Aamundson (1773- ) var son av gjestgjevar Aamund Mathiasson på Sognefest i Gulen (1735-1778), som sjølv var barnefødd og oppalen på Bruheim i Jostedalen. Mathias forsvinn frå Gulen etter 1801, og lagnaden hans er so langt ukjend!Guri Halvorsdotter, døypt i Hafslo 4.7.1768, flytte først med foreldri sine til Dvergedalen i Sogndal og derifrå til Losneøen. Haugen er namnet på ein husmannsplass under garden Buskaker (''Båsaukrad'n'') i Hafslo, men bortsett ifrå ein halvbror av Guri som busette seg i Bergen, kan eg ikkje so langt sjå at andre personar i den nære ætti flytte ut fjorden.Etter dei opplysningane, som no er framkomne, saknar eg:* Dato og stad for dødsfallet til Christi/Kirsti Olsdotter?* Dato og stad for dødsfallet til Guri Christophersdotter?* Dato og stad for dødsfallet til Mathias Aamundson?* Dato og stad for fødsli/dåpen til Joseph Gregoriusson (Utvær), første mannen til Christi/Kirsti Olsdotter?Eg takkar på ny for alle gode tips og opplysningar som dukkar opp i denne saki og vonar at kanskje dei siste spørsmåli ogso kan finna svar...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Alf Strand

Kristi Olsdtr. lever framleis i 1875. Ho er då busett som legdslem hjå dottera Olina Josefsdtr, gift med Lars Botolfson, plassmann i Ørnehaug under Ytrøy i Solund. Dottera Kari Kristoffersdtr. bur der og, som tenestejente.Alf

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Alf for nyttig innlegg. Eg meiner eg såg Christopher Mathiasson kalla enkjemann i 1865, men det må då vera feil! Og perioden for søket etter dødsfallet til Christi vert kraftig ''innsnevra''. Ho kan vel ikkje ha levt so lenge etter 1875...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Alf Strand

Det døyr ei Kristi Olsdtr. som legdslem på Ødejord i Solund 8/3 1881. Alderen er ikkje oppgjeven, har altså vore ukjent, men det kan vera ho. Kari Kristoffersdtr, levde som fattiglem på Indrevær i Solund i 1900-teljinga. Ved nærmare etterrøking viser det seg at ho bur hjå dottera Johanna, f. 3/5 1850, som Gisle fann. Johanna gifte seg 1894 med Nils Olson Indrevær. Dei hadde ikkje born.Alf

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Det finnes to stk Josef Gregoriusson i 1801, ein i Askvoll (f. 1787 - Lenke - Kiberg u. Hovland) – lagnaden hans kjenner eg ikkje, men vi kan vel ekskludere han.Den andre finn vi i Utvær, 19 år gamal. Han er vel den same som vi finn død i 1815 skreven Joseph Gregoriussøn Qværhællen, 41 aar. Om det er han så kan han altså vere noko eldre enn det 1801-teljinga seier, men eg har ikkje nokon god kandidat for øyeblikket.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Fortsettelse på (24).Tok ein liten avstikker til Bergen for å sjå om det fantes noko av interesse der mhp Josef Gregoriusson.Og eg fann ein Gregorius Josefsson, g. I 1758: [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=9847&merk=9847#ovre>LenkeGregorius Josefsson, g. II 1782: Lenke, og med denne andre kona får han to barn:Josef, f. 1784: Lenke – finn han ikkje i Bergen ved FT1801.Margrete Marie, f. 1787: Lenke – kan dette vere ho i 1801? LenkeGregorius Josefsson, d. 1788: Lenke, 54 år gamal, f. ca. 1734. Kanskje han var f. i 1730 (Lenke)?Eg finn ikkje noko av desse to borna døde i Bergen før 1801, så kanskje det er Josef vi finn att i Utvær, og søstera som fostebarn i Bergen.Men kva med mora deira, gifta ho seg oppatt? Har ikkje funne ho død fram mot 1801. Ho var skriven Sara Jacobia Nielsdtr då ho vart gift i 1782. Kan ho ha vore dotter av ein Jacob Nielsson (for eksempel

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.