Gå til innhold
Arkivverket

[#21190] Div. spørsmål om Jondal


Gjest Gaute Losnegård
 Del

Recommended Posts

Gjest Gaute Losnegård

Hei. Eg har nokre spørsmål vedr. Jondal: 1. Eg har avskrift av lensmannsmeldingane frå Jondal frå 1851-60 og 1865-80. Finst det fleire i SAB (før 1851, 1861-65, etter 1880)? 2. Eg undersøkjer vedr. nokre farty som vart bygde i Herand først på 1800-talet. Finst det tollister i SAB frå perioden ca. 1800-15? 3. Grunderen av skipsbygginga i Herand, Trond Ingebrigtson Samland, skal ha vore ein svært rik mann og bl.a. eigd kyrkja i Os omkring år 1800. Stemmer dette?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jo Rune Ugulen

Hei, og takk for sist. Til 3: Eit kjapt blikk i Ossoga (bd. 1, s. 391) fortel at Trond Samland kjøpte Oskyrkja i 1794 frå Leganger-familien, og at kyrkja i 1834 vart selt (ikkje sagt frå kven, men det er vel nærliggjande å tru at det anten er Trond sjølv eller arvingane hans) vidare til godseigar Formann på Lysekloster.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Det er mogleg at Trond I. Samland først vert eigar av Oskyrkja m.m. i 1796. Årsaka er at eigaren; 'propritair' Johan Nilsson Leganger (1738 - 1796) på Ferstad i Os, døyr då.I 1796 vart det halde auksjon over alle eigedomane og eignelutane hans, mest truleg av di kona hans alt var død og dei to borna deira berre var 8-9 år gamle då, for Johan Leganger var elles ein rik mann. Sonen hans, Nils J. Leganger; kjøpte seinare Molda/Moldegård i Os.Johan Leganger arva Oskyrkja 'med tilligende hærligheter' av faren, Nils Ivarson Leganger (1682 - 1747, sokneprest i Os frå 1721. Nils; som var gift med Maria Ottosdtr. Fyren Finde (1700 - 1777), kjøpte i byrjinga av 1720-åra Oskyrkja av Kongen.Bygdesoga for Os seier elles ein annan stad at godseigar Henrik Henrikson Formann (1800 - 1871)på Lyse Kloster Hovedgård, kjøpte Oskyrkja av 'arvingane etter Trond Samland'. Henrik Formann åtte elles over 2/3 av gardane i Os.I 1859 vart osingane eigarar av kyrkja si, men ikkje utan lang strid med den nemnde Formann. Først etter hans død vart Lyseklostergodset splitta opp og dei einskilde eigedomane selde til brukarane.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

... og som Jo Rune Ugulen skreiv var det altså i 1834 at Henrik H. Formann kjøpte kyrkja i Os (av Trond I. Samland sine arvingar).Sidan Gaute Losnegård nemner Samland som ein 'gründer' av farty/skipsbygging i Herand i Hardanger, er det kan hende ikkje direkte malplassert å minne om den tradisjonsrike båtbygginga i nett den same Midthordlandsbygda der Samland kjøper seg ei kyrkje; det vil seia 'Oselvarane' frå Os?For den båttypen var vel -og er- då vélkjend?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...
Gjest Terje Hatvik

Dersom det er av interesse:Trond Ingebrigtson Samland kjøpte Oskyrkja med tilhøyrande eigedomar på auksjonen etter Johan Leganger den 15. juni 1796. Samstundes kjøpte han òg kyrkja i Samnanger med diverse gardar som høyrde denne til.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.