Gå til innhold
Arkivverket

[#21282] Kuven, Os ( Hordaland).


Gjest Bjarte Breistein
 Del

Recommended Posts

Gjest Bjarte Breistein

Berte Olsdtr. Kuven gifter seg 24.sept. 1854 med Jens Paulsen Hordnes i Fana.I Fanaboken er det oppgitt at hun kommer fra Kuven i Os og er født i 1829.Jeg har leitet i Os- Soga uten å finne henne.Er det noen som kan hjelpe meg med det? Det er foreldrene hennes jeg søker.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Signe Marie Solheim

Nei, jeg vet ikke. Men det ser ut som han hentet sin andre kone i Os også. Lenke Det kan vel ikke være Berte sin søster ? Finner du Anne i Os-boken?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Som Bjarte sikkert allereie har sett/lese i Os-soga er ein Jon Jørgenson Kuven, f. på Lunde i 1766, brukar på Kuven frå 1796 til 1822. Han kan sjølvsagt ikkje vera far til ei Olsdatter - men, Jon har fire døtre og får to -2- svigersøner som heiter Ola (Ole). Kan éin av dei vera far til Berta, tru?A) Den eine, Ola Larsson Ferstad (1784 - 1852) gift seg med Lisbet Jonsdtr. Kuven (1800 - 1856?) i 1821. I følgje bygdesoga fekk dei 9 born, 7 av desse vaks opp. Berta Olsdtr. Kuven kan vera det 10. og utegløymte barnet. I så fall er ho fødd mellom Jon f.1828 og Kristi, f.1831.Men dette alternativet er like truleg:B) Den andre Ola'n, er Ola Larsson Hamre frå Fana, g.1829 med Marta Jonsdtr. Kuven, f.1808. Os-soga fortel at vart 'b. på Midttun i Fana'. Men, det står ikkje noko om NÅR dei flytte dit - der må du konsultera bygdebøkene for Fana. Det er altså mogeleg at dei heldt til på Kuven ei tid.Dersom Ola L. Hamre og Marta J. Kuven fekk døttre og éi av desse heitte Berta - noko eg sjølvsagt ikkje veit - og den eldste heitte Berta; ja, då KAN ho vera fødd på Kuven i 1829. Umogeleg er det ikkje. (Men det må naturlegvis kontrollerast).I alle høve står det i bygdesoga for Os at då Jon Kuven gav frå seg bruket til svigersonen Ola frå Ferstad i 1822 flytte han til husmannsplassen Kuventræ, som høyrde til garden. Men i 1828 gav Ola frå seg dette bruket og hadde eit anna gardsbruk på Kuven. Jon pakta då dette bruket frå 1828 til 1833, men vart framleis buande på Kuventræ. I 1833 kom Ola L. Ferstad-Kuven att som paktar her og hadde dette bruket til han døydde.Jon døydde 71 år gml. på Kuventræ i 1837, og ein David Johannesen festa plassen etter han. Det er slett ikkje utenkjeleg at svigersonen Ola L. Hamre-Midttun hjelpte svigerfaren Jon Kuven med paktinga frå 1828 til 1833.Sjå Os-soga band III, s. 383-84 og 397-98.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjarte Breistein

Takk for interessen og teoriene. Jeg må nok ta en tur på Statsarkivet eller Biblioteket for å finne ut av dette.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...
Gjest Terje Hatvik

Kyrkjeboka i Os sin oversikt over 'konfirmerede' bør vera til hjelp her. Ei som var fødd i Os i 1829 vart mest truleg konfirmert ca. 1844. Men, ho kan òg ha blitt konfirmert i Fana (det kjem jo an på kvar familien budde). Men i så fall er vel fødestaden/det opphavelege prestegjeldet oppgjeve.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest nina Mastberg

I bygdebok for Fana, under gården Nedre Midttun står det at Ole Larsen Hamre paktet gården fra 1835 til 1852 da han kjøpte bruk på Ø. Brattland. Det står at han var gift med Ingeborg.Under Brattland står det bare at han flyttet fra gården i 1858. Hva som er rett navn på konen, vet jeg ikke, men jeg søkte på Ola Larsen og Martha Jonsdatter på IGI. Der fant jeg en Brite født 8.feb.1829 i Os, og tre barn i Fana: Lars Johan,f. 1832, Ingeborg,f.1836 og Christian,f.1837.Det kan jo være et utgangspunkt å sjekke nærmere.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 år senere...
Gjest Terje Hatvik

I tilfelle Bjarte Breistein skulle slumpa til å lesa denne gamle tråden så vil eg berre nemna at Berte/Brite Olsdtr. Kuven f. 1829 i Os, faktisk _er_ dotter av Ole Larsen Hamre- Midttun og kona Marta Jonsdtr. Kuven. Altså i samsvar med teori B) som eg lanserte i innlegg (3) her.Brite Olsdtr. Kuven vart fødd 6. februar 1829 i Os, og døypt i Os kyrkje den 8. februar 1829; jfr. Nina sitt funn på IGI. Foreldra til Brite var Ole Larsen og Martha Jonsdtr. Kuven, og dei var 'inderste'. Fadrane hennar var morsslekta på/ved Kuven: Ole Hageviig, Ole Molde (alias Ole L. Ferstad), Brite Kuven, Magdele og Martha ibid:.Sjå elles post 29 i denne lenken.Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjarte Breistein

Takk til deg Terje (og Nina) for at du husket på dette. Jeg har Ole Larsen og Martha Jonsdtr. oppført, men så er det stopp.Men lenken (7) virker ikke.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Til (8):Synd med den lenken, Bjarte, det er ikkje alltid det lagar seg, men du har uansett fått den informasjonen som var der. Eg skjønar deg slik at du gjerne vil ha opphavet til høvesvis Ole Larsson Hamre-Midttun og Martha Jonsdtr. Kuven. Når det gjeld Hamre så må du konsultera bygdebøkene for Fana.Men opphavet til Martha Jonsdtr Kuven, f.1807 er dette (alle nedanfor nemnde gardsnamn er i Os kommune):Jon Jørgenson Kuven (1766 - 1837) f. på Lunde, d. på Kuven; g.1796 Ingeborg Olsdtr. Ulven (1765 - 1835), f. på Ulven, d. på Kuven.Jon Jørgenson bygsla bruk 1 (hovudbruket) på Kuven i Os i 1796 og hadde det til 1822. Dette bruket vart utlagt som 'kapteinsgard' for sjefen til Oskompaniet. I 1822 let Jon frå seg gardsbruket til versonen Ola Larsson Ferstad, som samstundes bygsla bruk 3 her.Men då Ola L. Ferstad - Kuven sa frå seg bruk 1 i 1828 pakta Jon Jørgenson det til versonen og dottera kom att i 1833 og igjen overtok bruket(dei hadde vore paktarar på Molda/Moldegård i Os i fire år). Då Jon let frå seg bruket i 1822 hadde han berre husmannsplassen Kuventræ, og han budde framleis på Kuventræ i dei fem åra då han igjen pakta hovudbruket.Borna til Jon Jørgenson og Ingeborg Olsdtr. Ulven var:a) Kari (1797 - 1873) f.1797 på Kuven, d. i Eidsvik; g.1817 fiskar Stein Sveinson ytre Lekven, f. i Bjørnen i Os 1786; b. ytre Drange (Eidsvik) i Os. Dei fekk 5 born.b) Lisbeth (1800 - 1856) f. og d. på Kuven; g.1821 gardbrukar Ola Larsson Ferstad, f. på Ferstad 1784, b. Kuven 1822 - 29, Molda 1829 - 1833, Kuven 1833 - 1852. Dei hadde 9 born, 2 gutar d. unge.c) Ingeborg (1802 - ??) f. på Kuven, d. i Fana?; g.ikr. 1835 Abraham Abrahamson, b. Store Milde(?) i Fana.d) Marta (1808 - ??) f. på Kuven, d. i Fana?; g.1829 Ola Larsson Hamre - nedre Midttun, b. Nedre Midttun i Fana. Dei fekk 5 born i lag, men Marta fekk òg eit born i 1840 med Johannes Olsen Grimseide medan ho var gift med Ola Larsson, jfr. databasen 'Døde i Fana 1816 - 1877'.To born døydde i unge alder av koppane.Jon Jørgenson Lunde - Kuven sine foreldre var desse:Gardbrukar og fiskar Jørgen Nilsson Lunde (1729 - 1767) f. på Gåssand, d. på Lunde; og 2. kona Kari Jonsdtr. Hovland (1724 - 1772?), f. på Hovland, d. på Lunde. Dei var gifte i 1761. Jon var yngst av to to born.Jørgen Nilsson Gåssand - Lunde sine foreldre var Nils Erikson Øvreeide - Gåssand (1687 - 1733) og kona Kristi Monsdtr. Søfteland (1695 - 1762). Dei gifte seg i 1716.Kari Jonsdtr. Hovland sine foreldre var Jon Jonson Valle - Hovland (1691 - 1757) og 1. kona Brita Didiriksdtr. Balland (1691 - 1745). Dei vart gifte i 1720.Ingeborg Olsdtr. Ulven sine foreldre var desse:Gardbrukar Ola Olson Ulven (1727 - 1795) f. på Tveit, d. på Ulven; og kona Lisbet Johannesdtr. Ulven (1728 - 1803), f. og d. på Ulven. Dei vart gifte i 1751, Ingeborg var det femte og yngste bornet deira.Ola Tveit - Ulven sine foreldre var Ola Thomasson Hjelle - Tveit (1694 - 1759) og 2. kona Marta Olsdtr. Særvoll (1695 - 1737). Dei blei gifte i 1726 og var søskenborn.Lisbeth Johannesdtr. Ulven sine foreldre var Johannes Monsson Ulven (ca. 1667 - 1746) og 3. kona Marta Olsdtr. Sørstrønen (1692 - 1751). Dei vart gifte i 1717.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

I innlegg (10) hevdar eg at Martha Jonsdtr. Kuven og Ole Larsson nedre Midttun (f. Hamre) hadde i alle fall fem born.For i tillegg til dei ovanfor nemnde borna Brite f. 1829, Lars Johan f. 1832, Ingeborg f.1836 og Christian f.1837; så fann eg også vesle Mari, f. og d. 2 dagar gammal i 1839 på nedre Midttun. Mari Olsdtr. d. 11. juli og vart gravlagd 18. juli 1829 i Fana.Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjarte Breistein

Hei Terje.Takk for den gode og grundige oversikten av Martha sin slekt. Jeg skal arbeide videre med Ole sin nå. Dette har vært lagt på is noen år.Hilsen Bjarte.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Hei igjen Bjarte.Tenkte eg kunne legge inn det eg veit om tantene og onklane til Martha Olsdtr. Kuven (1808 i Os - ?? i Fana?), for det kan hende du snublar over nokre av namna seinare.Jon Jørgenson Lunde - Kuven (1766 - 1837) si søster, dvs. Martha Jonsdtr. si farsøster var:Kristi Jørgensdtr. (1760 - 1815), f. på Lunde, d. på Røttingen. Gift i 1787 med fiskar og gardbrukar Nils Kristofferson Røttingen (1759 - 1825), f. på Røttingen, d. i Nordvik i Fana. Dei fekk åtte born saman, men to gutar d. unge. Nils flytta til Krokeide om lag 1819, og døydde i Nordvik seks år seinare. Ingeborg Olsdtr. Ulven - Kuven (1768 - 1835) sine søsken, dvs. Martha Jonsdtr. si moster og morbrødre:Marta Olsdtr. Ulven (1755 - 1836), f. på Ulven, d. på Kuven. Gift 1783 med gardbrukar på Kuven (bruk 5), Hans Henrikson Kuven (1765 - 1804). Hans var berre 18 år då dei gifte seg, ti år yngre enn kona, og måtte difor ha 'kongebrev' (løyve) til å inngå ekteskap. Marta og Hans fekk i alt ti born, men berre fem av dei vaks opp. Då Hans døydde gifte Marta seg året etter, i 1805, med Peder Knutson Høysæter frå Samananger (1768 - 1805), men han d. same året. Marta vart buande på Kuven og greidde seg ved 'god manns hjelp'- ho hadde som kjent m.a. søstra Ingeborg og svogeren Jon buande på hovudbruket der.Johannes Olson Ulven (1758/59 - 1830), f. på Ulven, d. på Fortunen i Fana. I 1783 gifte han seg med Kari Jonsdtr, Hovland (1763 - 1805), og overtok farsbruket på Ulven to år etter, dei første åra dreiv han garden samen med faren. Då Kari døydde gifte Johannes Olson seg oppatt i 1806 med Rannvei Sjovatsdtr. Eidsvik (dvs. ytre Drange), (1769 - 1834), f. i Eidsvik, d. 1834 på Fortunen i Fana. I 1807 tok han med seg huslyden og flytta til Fortunen i Fana. Johannes fekk i alt 17 (!) born med konene sine, men 12 av dei d. som små.Husmann og fiskar Ola Olson Ulven (1762 - 1838), f. på Ulven, d. i Hagavik. Ola gifte seg i 1791 med Marta Baardsdtr. Mobergslien, som var i teneste på Økland i Os då ho vart gift (1761 - 1807). Dei første åra b. dei på Ulven, men i 1797 busette dei seg i Hagavik under Hovland i Os, og var bureisningsfolk der. Ola fekk tinglese særskilt løyve av eigaren, godseigar Henrik H. Formann på Lysekloster. Ola Olson og Marta fekk seks born som levde opp. Dei var svært fattige, og etter at Marta d. i 1807 vart det endå værre. Gjelda hans vaks og Ola greidde seg ikkje, så i 1813 måtte gå frå bruket. Han fekk likevel lov å bu i Hagavik som jordlaus husmann til han d. i 1838.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjell-Arne Mellum

ang innl. 9barn c) Ingeborg f. 1802. Hun er ikke gift til Store Milde. Så tvilen i ?-tegnet er riktig.Hun vies i Domkirken i Bergen 1831 [url="http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=12&filnamn=vigd1816&gardpostnr=826&merk=826#ovre>LenkeDåp av ders 1. barn Arent Johan i 1831 bekrefter at hun var fra Kuven. LenkeØvrige barn: Ingeborg Kristine 1834, Peder Olai 1839, Anne Martine 1844.Ingeborg dør 1850 Lenkeog hennes mann Abraham Abrahamsen dør 1851 Lenke Han er trolig f. 1808

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.