Gå til innhold
Arkivverket

[#21283] Ahrent Clausson Berg, fødd Hafslo 1777, busett Bergen 1804 - kven var han?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

I undersøkelseskommisjonen Bergen 1804 finn me mellom anna denne personen busett i 18. rode nr. 50:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~3789 Ahrent Clausen Berg Hafsloe 28 Bergen Snedker Svend Borger og Høcker Faderen Gestgiver paa Landet Borger og Høcker 1804 fra 13de Rode No 27~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Her er same person i FT1801 på Nygård i Bergens landdistrikt:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~212 Arne Clausen_berg Tienestefolk 24 Ugift Tienestedræng M~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Og her er han ogso i FT1815 for Bergen:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~8379 8394 DK 13-19 Arent Berg M G 32-47 Raadstue Tiener Logerer8380 8395 DK 13-19 Bergithe K G 32-47 Konen8381 8396 DK 13-19 Marthe Marie K 8-15 Barn8382 8397 DK 13-19 Ferdinand M 0-7 Barn~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Desse opplysningane tyder på at Arent Clausson Berg skal vera fødd i Hafslo kring 1777, men kven er han? Nokon slik person er ikkje døypt i Hafslo! I 1804 heiter det at faren skal vera gjestgjevar på landet, men nokon Claus Berg finst ikkje som gjestgjevar i Hafslo!Kan nokon hjelpa meg kaste ljos over dette problemet? Fanst det sist på 1700-talet ein gjestgjevar Claus Berg ein eller annan stad på ''strilalandet''?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Berit Knudsen

Jeg lurte på om ekteparet Claus Ellingsen Mælum og enke Marthe Arnesdt. Berge som ble gift i Hafslo 3/11 1774 kunne være foreldrene. Desverre får jeg ikke sjekket dem i 1801 da DA faller ut nesten hver gang jeg prøver. Men disse 2 har du vel sikkert full oversikt over skulle jeg tro.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Knut Bryn

Det må vel ganske sikkert være en eller annen forbindelse mellom denne Arent Clausen BERG og mesterrepslager Claus Arnesen BERG? Sistnevnte giftet seg i Domkirken, Bergen 18. sep. 1782 med Massie LIND ( [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=vigd1663_1&variabel=0&postnr=4331&fulle=true&spraak=n>Lenke ). Etternavnet på kona var altså det samme som for Arents kone. Repslageren kunne jo teoretisk være far til Arent, men ikke hvis han er identisk med den Claus BERG som begraves fra Domkirken 2. okt. 1789 (

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Knut Bryn

Jeg ser nå at Claus BERG ganske sikkert må være sønn av repslager Arnt Hansen BERG og Margrete Ravelsdatter BUGGE som ble gift i Korskirken, Bergen 23. okt. 1754. Se dåpen av Claus i Domkirken feb. 1758 ( Lenke ). Det forklarer jo navnet på Claus' datter.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Astrid, Berit og Knut for interessante innlegg.Eg har sete mestedelen av kvelden og studert denne huslyden og er komern til den konklusjon at Berit er inne på det rette sporet!Claus Ellingson, døypt i Hafslo 12.7.1734, gifte seg i Hafslo 3.11.1774 med enkja Martha Arnesdotter, døypt i Hafslo 2.2.1736. Dette parfolket budde nokre år på Berget under garden Kjørlaug i Hafslo, men flytte kring 1780 til Bergen der Claus livnærte seg som vektar. Men han døydde på sjukehuset i Bergen alt 21.6.1783.Claus og Martha fekk to born i lag:* Mari, døypt i Hafslo 29.1.1775* Jens, døypt i Hafslo 16.11.1777Men, ved eit skifte som vart halde i Luster i 1784, let Claus Ellingson etter seg to born nemnde som Mari, 9 år og Arne ''ca.'' 4 år. Eg trur at Arne er identisk med Jens og at presten har skrive inn feil namn i kyrkjeboki for Hafslo! Og grunnen er: Alle aldersoppgåvene for Arent Clausen Berg, FT1801, Undersøkelseskommisjonen 1804 og dødsfallet i 1832, peiker på fødselsåret 1776 eller 1777. Dessutan er eldste dotteri hans, Martha, oppkalla etter Martha Arnesdotter. Og sist, men ikkje minst, fødestaden ville vera Hafslo som det vert sagt i 1804! Berg-namnet kjem utan tvil frå husmannsplassen Berget i Hafslo!Då sit me att med eitt problem: Kven var denne gjestgjevaren ''på landet'' som vert omskriven som far til Arent i 1804? Kan det ha vore ein stefar? Kanskje Martha Arnesdotter gifte seg att etter at Claus døydde i 1783?Eg høyrer gjerne vidare kommentarar og tankar kring desse spørsmåli, og om nokon finn ut meir om lagnaden til Martha Arnesdoter, ville det vore flott!Nok ein hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 8 måneder senere...
Gjest Lars E. Øyane

Svar til Erik: Jau, Martha Arnesdotter fekk dotteri Rannei Ingebrigtsdotter (1760-1806) før ho gifte seg første gongen. Ogso Rannei flytte til Bergen. Ættar du ifrå Rannei?Elles er eg framleis på leiting etter lagnaden til Martha Arnesdotter og eventuelt denne gjestgjevaren som ho skal ha vore gift med, so om nokon veit noko meir...!?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Erik Amundsen

Nei, er etterkommer av Ingebrigt Endresen søster Siri.Kan det være at 'faderen' er svigerfar? Antar dette er konas dåp, der han er oppført som kiøbmand Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.